Rettferd og filosofi i nytt SFF

- Viss me klarer å påvisa at mennesket handlar meir ut ifrå rettferd enn egoisme, kan me konkludera med at rettferdskjensle er ein grunnleggjande menneskeleg eigenskap, seier filosofiprofessor Christel Fricke.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ho skal leia den nye SFFen Centre for the Study of Mind in Nature (CSMN). Der skal dei mellom anna forska på menneskesinnet sin plass i naturen, kva folk forstår med rettferd og korleis ideen om rettferd utviklar seg over tid.

Christel Fricke frå Heidelberg i Tyskland blir dermed både Universitetet i Oslos (UiO) og Noregs første kvinne som leier eit senter for framifrå forsking (SFF).

- Eg vil syta for å rekruttera mange flinke kvinnelege forskarar frå både Europa og USA, og det trur eg vil vera viktig for å motivera dei få kvinnelege masterstudentane på Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske fag (IFIKK) til å satsa på ei forskarkarriere, slår ho fast.

Menneskesinnet sin plass i naturen

- Me skal forska på menneskesinnet sin plass i naturen gjennom å sjå på forskjellige former for normativ åtferd og samla oss om rasjonalitet, kommunikasjon og etikk.

"- Me skal forska på menneskesinnet sin plass i naturen gjennom å sjå på forskjellige former for normativ åtferd og samla oss om rasjonalitet, kommunikasjon og etikk, fortel Christel Fricke"

- Dette skal me gjera gjennom å bringa empirisk og filosofisk forsking i nærkontakt med kvarandre, fortel Christel Fricke, som sjølv har moralsk handling som forskingsfelt.

- Moralfilosofi handlar om to ting: Kva er moralsk rett å gjera, og kva motiverer folk til å gjera det som er moralsk rett? seier ho.

Involvera psykologar

I Bergen er det blitt gjort interessante eksperiment på eit felt som utgjer eit svært viktig saksområde for det nye senteret.

Christel Fricke og forskargruppa hennar vil difor samarbeida med sosialøkonomar ved Noregs handelshøgskule i Bergen, og dei vil i fellesskap planleggja eksperiment som skal hjelpa til med å oppnå ei betre forståing av korleis oppfatninga av rettferd kan påverka individuelle avgjerder.

Dei vil dessutan sjå nærare på kva folk forstår med rettferd og korleis deira idé om rettferd utviklar seg over tid. Ein annan plan er å involvera psykologar som kan driva med forsking på psykologien bak moralsk utvikling.

Svære ulikskapar

- Forståinga vår av rettferd heng nøye saman med oppfatningane av kva som er rimeleg og ein idé om at alle menneske er like.

- Men kva vil det seia å vera rimeleg når det handlar om fordelinga av gode som ulike menneske på ulikt vis har vore med i produksjonen av? Og kva vil det seia at alle menneske er like når me ser på den svære ulikskapen mellom menneske? Korleis er det mogleg å forklara handlingsnormer som er gyldige for alle menneske på tvers av dei naturlege og kulturelle skilnadane deira?

Internasjonalt samarbeid

Initiativet til å oppretta eit senter for framifrå forsking på Humanistisk fakultet ved UiO kom frå ei gruppe med filosofar frå IFIKK, sett saman av blant andre Olav Gjelsvik, Herman Cappelen, Bjørn Ramberg og Carsten Hansen.

No inkluderer gruppa også andre norske forskarar både innanfor lingvistikk, statsvitskap og sosialøkonomi.

Dei samarbeider dessutan med forskarar frå andre europeisk land og USA. Blant dei finst internasjonalt kjende namn som Jennifer Hornsby og Deirdre Wilson.

- Dette er ikkje lenger problem som berre opptar filosofar, men i stigande grad også sosialøkonomar, understrekar Fricke.

Ser på handlingane til rusmisbrukarar

Når det gjeld forskingsfelta på det nye senteret, vil ho gjerne dela dei inn i tre hovudgrupper.

- Det første handlar om rasjonalitet på ein normativ måte. Kvifor handlar me slik me gjer? Det andre handlar om kommunikasjon og kvifor mottakar kan oppfatta bodskapen annleis enn den som framfører den. Det tredje feltet handlar om etikk og politiske normer og korleis det står offisielt press bak normene, forklarar Fricke.

Ho viser spesielt til prosjektet til filosofiprofessor Olav Gjelsvik, som i samarbeid med kollega Carsten Hansen og nevrologar og psykologar skal sjå på normer og handlingsmønstera til rusmisbrukarar og andre typar misbrukarar.

- Kva er grunnen til at dei handlar slik dei gjer og av og til går ut av det som er gjengs oppfatning om kva som er rett og gale? Og kvifor gjer dei det som er irrasjonelt, sjølv om dei godt veit kva som er rasjonelt? listar ho opp.

Politiske konsekvensar

- Spørsmålet er om me kan kalla folk som lir av eit misbruk for rasjonelle individ eller ikkje. Og det rasjonelle individet er ikkje det same som det moralske individet, legg Fricke til.

Forskarane vil også sjå på dei politiske konsekvensane av dette.

- Me ynskjer å forstå det sosiale motivet bak rettferdiggjeringa av nokre normer og korleis det påverkar dei politiske institusjonane. Eit døme kan vera arbeidet for global rettferd. Når det gjeld dette spørsmålet, vil me samarbeida med den internasjonalt kjende professoren i etikk og statsvitskap, Thomas Pogge, fortel Fricke.

- Det er heilt unikt internasjonalt at så mange forskarar frå så mange forskjellige disiplinar saman skal forska på desse problemstillingane, konstaterer ho.


Lenke:

Centre for the Study of Mind in Nature (CSMN)

"CSMNs kjernegruppe består av f.v. Bjørn Ramberg, Christel Fricke, Olav Gjelsvik, Herman Cappelen, Carsten Hansen. Innfelt, ovenfra og ned: Jennifer Hornsby, Thomas Pogge, Deirdre Wilson"
Powered by Labrador CMS