Jaktar på energi frå jordas indre

Med satsing på forsking og samarbeid skal det nye Norsk senter for djup geotermisk energi løyse utfordringane knytta til utvinninga av varme frå jordskorpa.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Fakta/Norsk senter for djup geotermisk energi

* Etableringa av senteret er på mange måtar eit resultat av styrka koordinering av petroleums- og energiforsking i Bergen dei siste åra der viktige aktørar i tillegg til FoU- og industripartnarane, har vore Hordaland Olje og Gass, Bergen Næringsråd, Sparebanken Vest, Innovasjon Norge og Energiforum EF.

* Partnerane som mandag underteikna avtalen om Norsk senter for djup geotermisk energi er Universitetet i Bergen, Christian Michelsen Research (CMR), Unifob, Høgskolen i Bergen, International Research Institute of Stavanger, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), Institutt for energiteknikk, Norges Geologiske Undersøkelse, NORSAR, Norsk institutt for vannforskning, Norges Geotekniske Institutt, Kongsberg Innovasjon AS, StatoilHydro ASA, Odfjell Drilling AS, BKK AS, Single-Phase Power AS og Norwegian Piping AS. Fleire andre industriverksemder er kontakta vil truleg søkje medlemskap i senteret,

* Senteret er ope for deltaking frå nye partnerar innan FoU og industrien og arbeider med å styrke det internasjonale nettverket.

* Senteret vil anmode Forskningsrådet om at Noreg vert innmeldt i IEA sitt ”Co-operative programme on Geothermal Energy Research and Technology”.

Mandag underteikna representantar frå Universitetet i Bergen (UiB) saman med ei rekke partnarar frå utdannings- og industrisektoren ein avtale om opprettinga av Norsk senter for djup geotermisk energi.

Senteret har som mål å planlegge og koordinere forskings- og utviklingsarbeid innan djup geotermisk energi på landsbasis. BKK var vert for stiftingsmøte som samla 32 deltakere frå heile landet.

UiB i spissen

I startfasen skal Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved UiB vere ansvarleg for koordinering av senteret. Inga Berre, førsteamanuensis ved Matematisk institutt, er fagleg frontfigur.

UiB har saman med fleire partnarar allereie fått tilslag på eit prosjekt med Berre i spissen, og med det som no er eit sterkt konsortium i ryggen trur ikkje Geir Anton Johansen, prodekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved UiB, at det vil bli vanskeleg å få fleire midlar til senteret.

– Vi har eit godt grunnlag for å søke midlar både frå Forskingsrådet og EU, seier han.

Forskar på ny boreteknologi

Geotermisk energi er varme lagra i jordskorpa, primært frå radioaktive bergartar, men også frå mantelen i jorda si kjerne.

Varmen vert henta opp gjennom borehol, der ein sirkulerer kaldt vatn som vert varma opp og ført til overflata. Det varme vatnet kan deretter nyttast direkte til mellom anna fjernvarme, eller konverterast til elektrisk energi.

Geotermisk energi vert allereie nytta i stor utstrekning som energikjelde mellom anna på Island. Her ligg varmen frå jordas indre lett tilgjengeleg nære jordoverflata.

I Noreg og andre land som Tyskland og USA som også satsar på djup geotermisk energi, dukkar det opp heilt andre typar utfordringar som Norsk senter for djup geotermisk energi no vil vere med å løyse.

I første omgang er det behov for ei kartleggjing av kva område på norsk grunn som eignar seg for utvinning av geotermisk energi. Men med den teknologien som er tilgjengeleg i dag, er det først og fremst boringa som avgjer prisen på utvinninga av djup geotermisk energi.

Dette er ein geotermisk kraftstasjon på Island. Ein femdel av energiproduksjonen på Island kjem frå jordvarme. Foto: iStockphoto

Eit viktig satsingsområde for senteret vert ny og billegare boreteknologi, og Johansen har tru på at løysingar er like om hjørnet.

Vidare er det også utfordringar knytt til å hente mest mogeleg varme ut frå berggrunnen og til konvertering av varme til elektrisk energi.

Satsar trass manglande FME-status

I april i fjor gjekk UiB, Unifob, CMR og HiB saman med ei rekke partnerar innanfor høgare utdanning og industri om ein søknad om å verte eitt av dei nye forskningssentra for miljøvenleg energi (FME).

Søknaden scora høgt på forskingsmiljø og samarbeid, men slapp likevel ikkje gjennom nålauget fordi geotermisk energi ikkje er med i strategiplanen Energi 21, energiaktørane sin strategi for forsking og utvikling innan energisektoren.

Når partnerane no likevel har bestemt seg for å satse på djup geotermisk energi, er det fordi dei er misnøgde med at denne energikjelda er uteleten frå Energi 21.

Frå venstre Geir Anton Johansen, Veronica Kvinge (BKK) og Inga Berre.

– Vi vel å starte dette senteret for å vise kor sterk tru vi har på djup geotermisk energi. Denne energikjelda er ikkje åleine løysinga på verdas energiutfordringar, men eit viktig bidrag. Den er ei av fleire energikjelder som vert sentrale i framtida, seier Johansen.

Powered by Labrador CMS