Friske og sjukdomsfrie geiter. (Foto: Dag Lindheim)

Friske geiter mjølkar meir

Geitenæringa har kvitta seg med tre alvorlege smittsame sjukdommar. Mjølkeproduksjonen stig når sjukdom er borte, og bonden tener meir.

Fridom frå sjukdom påverkar mjølkeproduksjonen i positive retning, og ei geit kan produsere mellom 20 og 30 prosent meir mjølk når ho er fri for kronisk sjukdom.

I 2001 starta eit samarbeid mellom aktørar frå primærnæringa, vitskapsinstitusjonane og forvaltinga for å bli kvitt dei tre kronisk smittsame sjukdommane caprin artritt-encefalitt (CAE), byllesjuke og paratuberkulose i norske mjølkegeitbesetningar. Resultatet blei smittesaneringsprogrammet «Friskare Geiter».

Dei tre sjukdommane har hatt stor førekomst blant mjølkegeiter her i landet, noko som har gitt alvorleg produksjonstap i tillegg til negativ påverknad på velferden til dyra.

Alle tre sjukdommane er infeksjonar som det nesten ikkje er mogleg å behandle, og når ei geit er smitta, er ho det så lenge ho lever.

Kvitt alle tre

Frå 2015 er alle norske bruk som produserer geitemjølk, blitt fri for dei tre kroniske, smittsame sjukdommane.

– Programmet har vore eit nyttig initiativ for å betre helsa og auke mjølkeytinga hos geita og dermed også moglegheitene for å auke innteninga til bonden, seier Gunvor Nagel-Alne.

I doktorgradsarbeidet hennar har ho beskrive og dokumentert effekten av «Friskare geiter» på helse og produksjon i norske mjølkegeitbesetningar. Og kor mykje bonden kunne forvente å tene på å delta i prosjektet.

– I prosjektet er det gjennomført grunnleggjande sanering av husdyrbygg og nærliggjande beitemark, i tillegg til at smitta besetningar er slakta ned og erstatta med friske dyr. Svært få besetningar er smitta på nytt, seier Nagel-Alne.

Hindre ny smitte

For å sikre at smitte ikkje får etablere seg på nytt, er det viktig med gode testar som på eit tidleg tidspunkt kan fange opp nye tilfelle av smitte hos geitene. Nagel-Alne gjorde ei vurdering av to testar som kan påvise antistoff mot CAE og byllesjuke i tankmjølk og samanlikna desse med individuelle testar av antistoff i blod. 

– Testing av tankmjølk for CAE og byllesjuke blei funne gode nok til å brukast som ein første test i overvaking av desse to sjukdommane, seier Nagel-Alne.

Geitebonden tener meir

Gjennom inngåande studiar av endringar i mengde produsert mjølk, kostnader ved bygging av nye fjøs og kostnader ved testing for sjukdommane, har det vore mogleg å rekne på kva geitebøndene kan forvente å få att for innsatsen.

– Resultat frå prosjektet viser at ei investering i «Friskare Geiter» i gjennomsnitt gjev positiv avkastning for bonden over ein tiårsperiode, seier Nagel-Alne.

Prosjektet fekk omfattande økonomisk støtte over dei årlege jordbruksforhandlingane. Utan slik støtte kunne det blitt vanskeleg å rekruttere deltakarar til prosjektet fordi bøndene da sjølv måtte dekkje ein stor del av utgiftene sjølve.

Mønster for andre sjukdomskontrollprogram

Gunvor Elise Nagel-Alne. (Foto: Jan Gravning)

Likevel er ikkje dei økonomiske tilskota aleine om å forklare suksessen.

– Eigeninnsats og initiativ frå geitebøndene sjølve har vore avgjerande for å sikre dei smittefrie mjølkegeitbesetningane.

– Prosjektet har vist at det er mogleg å bli kvitt tre alvorleg smittsame sjukdommar frå ein heil nasjonal populasjon av mjølkegeiter gjennom god styring, seier Nagel-Alne.

– Det vil vere naturleg å forvente at erfaringar og resultat frå dette prosjektet kan brukast i planlegging av andre sjukdomskontrollprogram både i Noreg og andre land og for andre dyrearter enn geita.

Referanse:

Gunvor Elise Nagel-Alne: Healthier Goats disease eradication programme – a healthy initiative, doktorgradsavhandling, Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU), 2015.

Powered by Labrador CMS