Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Rundt eitt av førti barn under elleve år er vaksinerte mot covid.

11 gonger fleire barn blir covid-vaksinerte når mor har tatt same vaksinen

Inntekt, utdanning, innvandrarbakgrunn og risikofaktorar hos mor påverkar òg om barnet blir vaksinert.

Publisert

At foreldra tek avgjerder om helsa til barna, er ikkje noka bombe. Men kva faktorar spelar inn på vala foreldra gjer? 

Med data frå ei rekkje norske helseregister har forskar Saima Orangzeb ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo, sett nærare på bakgrunnen og vaksinestatus til over 800.000 norske barn i alderen 5–17 år.

– Det mest påfallande funnet var nok kor mykje utdanninga til mor i kombinasjon med vaksinestatus hadde å seia. Barn av vaksinerte mødrer har heile elleve gonger så stor sjanse for å vera vaksinerte som barn av uvaksinerte, seier ho.

– Høgare utdanning og tiltru til helsevesenet heng gjerna saman, så at det var ein forskjell, var ikkje uventa. Men vi hadde kanskje sett for oss to- eller tregongen, ikkje så mykje som elleve.

Uventa funn blant innvandrarar

Eit anna litt overraskande funn var at andelen barn mellom 5 og 11 år av innvandrarforeldre som er vaksinerte, er høgare enn i resten av befolkninga.

– Vi har delt barna inn i tre aldersgrupper, 5–11 år, 12–15 år og 16–17 år. Vi skilde ut dei eldste barna i ei eiga gruppe sidan vi reknar med at dei sjølve har begynt å bestemma om dei vil ha vaksine eller ikkje, forklarar Orangzeb.

– Vi veit at folk har gjort eit val, men vi veit ikkje kvifor dei ar gjort det valet, seier Orangzeb.

– I den yngste gruppa var det altså høgare vaksineandel blant barn av innvandrar. Det er riktig nok ikkje særleg mange i denne aldersgruppa som er vaksinerte, men funnet var likevel uventa, sidan innvandrarar vanlegvis har mindre tillit til helsevesenet og brukar det mindre, seier ho.

Orangzeb trur noko av forklaringa kan vera at innvandrarar fylgjer med på nyheitene frå andre eller fleire stader enn Noreg.

Få vaksinerte barn under 11 år

– Fyrst vil eg understreka at dette er spekulasjonar. Undersøkinga vår er ein rein registerstudie, så det vi veit sikkert, er berre at folk har gjort eit val, ikkje kvifor, seier Orangzeb.

– Med det atterhaldet mistenkjer vi at innvandrarar kan ha fylgd nyheiter frå land som har vore hardare ramma av pandemien, og dermed har blitt meir bekymra for barna sine. Her til lands var dei yngste barna dei fyrste som vart sende på skulen og dei siste som fekk vaksine, så foreldre har kanskje tenkt at det ikkje var så farleg.

Ho viser igjen til at det ikkje er så mange barn i denne aldersgruppa som er vaksinerte jamt over, berre 2,6 prosent.

Verken barnevaksinar eller covid-vaksine

– Andelen aukar kraftig i gruppa 11–15 år, der over 73 prosent er vaksinerte. Blant 16–17-åringane er talet 87 prosent , og då er vi rundt snittet av den vaksne befolkninga, seier Orangzeb.

Helsemessige faktorar spelar ikkje uventa ei rolle. For tidleg fødde barn og barn med astma eller andre underliggjande sjukdommar som gjorde dei ekstra sårbare for covid er oftare vaksinerte enn andre.

– Og så er det litt trist, men ikkje overraskande, at blant dei som ikkje har fått barnevaksinar, er det heller ikkje mange som har fått covid-vaksinen, seier Orangzeb.

Referanse:

Saima Orangzeb mfl.: COVID-19 vaccine uptake among children and adolescents in Norway: A comprehensive registry-based cohort study of over 800,000 individuals. Vaccine, 2024. Doi.org/10.1016/j.vaccine.2024.04.039

Powered by Labrador CMS