Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

– Det er viktig at ikkje tilsette i barnehagen automatisk går ut frå at barn av flyktningar er traumatiserte, seier Kimathi.

Flyktningar i barnehagen: – Gjensidig tillit er nøkkelen

I barnehagen lærer barna om kva som er forventa av dei i Noreg. Men også foreldra blir møtte med forventningar.

Publisert

Når ein flyktningfamilie kjem til Noreg, kan barnehagen vere eit av dei første møta med det offentlege.

Eric Kimathi har studert integrering i norske barnehagar ved Universitetet i Agder.

Har ikkje like behov

Han har i si forsking intervjua 28 personar. 13 av desse var tilsette i barnehagen. 15 var foreldre med flyktningbakgrunn.

– Tryggleik var noko som ofte kom opp i samtalane. Spesielt når eg snakka med dei tilsette. Tryggleik er sjølvsagt viktig for alle barn, men det er ekstra viktig for barn av flyktningar, seier han.

Samtidig kjem også flyktningar frå ulike bakgrunnar. Ikkje alle har dei same behova.

– Nokre barn av flyktningar har gått gjennom traumatiske opplevingar, andre ikkje. Det er viktig at ikkje tilsette i barnehagen automatisk går ut frå at barn av flyktningar er traumatiserte, seier Kimathi.

Eric Kimathi har studert integrering i norske barnehagar.

Å lære å vere barn i Noreg

Kimathi snakkar om den såkalla «siviliseringa» som går føre seg i barnehagane. Det er eit uttrykk han har lånt frå danske antropologar. Dei beskriv barnehagane som siviliserande institusjonar.

– Sivilisering kan vere eit kontroversielt omgrep på grunn av sine kolonialistiske overtonar. Eg bruker det i hermeteikn for å utforske ambisjonane og ideala om integrering som den norske staten har for innvandrarar og flyktningar, seier han.

For barna i barnehagen inneber sivilisering normer, rutinar og prinsipp om å vere barn i Noreg i dag.

– Til dømes vektlegg norske barnehagar sjølvstende. Små barn får til dømes ete med kniv og gaffel, i motsetning til i mange delar av verda der foreldra handterer desse for barna sine, seier Kimathi.

Bekymra i møte med barnehagen

I barnehagen lærer altså barna om kva som er forventa av dei i Noreg. Men også foreldra blir møtte med forventningar.

– For foreldra inneber sivilisering å lære seg normer for oppseding i tråd med tilrådingane frå styresmaktene. Mange innvandrarar kjem frå land der staten ikkje er involvert i barneoppsedinga. Dei kan oppleve at velferdsstaten blandar seg i deira barneoppsedinga når dei stadig vernar og støttar barna, seier Kimathi.

Barnehagane pliktar å rapportere bekymringar til barnevernet. Det understrekar rolla deira i å lære foreldre korleis dei skal vere foreldre, meiner forskaren.

 – Foreldra eg intervjua, brukte ikkje omgrepet tilsyn, men dei beskreiv opplevingar som antyda ei frykt eller bekymring i møte med dei som jobba i barnehagen. Dei følte at dei måtte bevise at dei var gode foreldre, fortel han.

Tillit er avgjerande

Mange av foreldra planla korleis dei skulle gå fram for å gjere eit godt inntrykk. Nokon var derimot meir seg sjølv. Dei kunne ope seie dei var usamde med personalet.

– Eit døme er ei ung, einsleg mor som eg intervjua. Ho uttrykte usemja si på ein sjølvsikker måte, noko som minska kjensla hennar av tilsyn. Dialog kan byggje bru mellom foreldre og tilsette. Det kan fremje eit meir autentisk forhold og redusere spenningar mellom dei, seier Kimatchi.

Forskaren seier det er avgjerande å byggje tillit mellom dei barnehagetilsette og foreldra.

– Når foreldre kjenner seg overvakt, held dei informasjon tilbake. Det igjen undergrev tilliten. Dei tilsette bør jobbe med å byggje tillitsfulle forhold til foreldra. Då kan vi sikre ein god dialog om utfordringar som måtte oppstå i barneoppsedinga, seier han.

Referanse:

Eric Kimathi: An institutional ethnographic study on the social organisation of integration work in Norwegian ECEC Centers. Doktorgradsavhandling ved Universitetet i Agder, 2024. 

 

Powered by Labrador CMS