Annonse

DENNE ARTIKKELEN ER PRODUSERT OG FINANSIERT AV STAMI - LES MER.

For å halde badeanlegg trygge for tilsette og gjestane må vatnet desinfiserast med klor.

Urinprøver avslører at klor gir helse­risiko for tilsette i symje­haller

Klor må til for å halde bassenga reine, men det kan by på problem for dei tilsette.

Publisert

Det kjem fram i ein ny studie som forskarar frå Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) har gjennomført saman med svenske kollegaer.

Innandørs symjebasseng blir brukt til både rekreasjon og underhaldning, og til helseformål, som rehabilitering og trening. Men det er også risiko knytt til å bruke symjebasseng. Til dømes ulykker og smittsame sjukdommar.

Ettersom mange bruker dei same bassenga, aukar risikoen for spreiing av smittsame sjukdomar i vatnet.

Gir reint vatn

For å halde anlegga trygge for tilsette og gjestar må vatnet desinfiserast.

I symjeanlegg er det vanleg å tilsetje klorforbindelsar for å halde vatnet reint. Kloroform er eit kjemisk stoff som kan dannast når klor blir brukt til å desinfisere vatnet i symjebasseng.

Det er kjent frå tidlegare undersøkingar at inhalering eller hudkontakt med kloroform kan ha helseskadelege effektar, som til dømes leverskade og kreft.

Utsett for kloroform

I studien har forskarane undersøkt nivåa av kloroform i lufta og vatnet i innandørs symjebasseng. Dei har sett på korleis dette påverkar dei tilsette.

– Resultata viser at tilsette i badeland er utsett for kloroform, både frå luft og vatn. Konsentrasjonane var høgare etter at arbeidsdagen var ferdig. Dette stadfesta at arbeidet i symjebassenga var kjelda til eksponeringa, forklarer Pål Graff, som er forskar ved STAMI og har bidrege til studien.

Forskarane målte konsentrasjonen av kloroform i luft og vatn i fleire badeland. Dei samla også urinprøver frå dei tilsette både før og etter arbeidstida for å undersøkje kor mykje kloroform dei tok opp opp i kroppen.

Ved å analysere desse urinprøvene kunne forskarane få eit klart bilete av kor mykje kloroform dei tilsette var eksponerte for.

– Studien viser at det er nødvendig med tiltak for å redusere kloroformeksponeringa for tilsette i innandørs symjebasseng. Det kan til dømes handle om betre ventilasjon, optimalisering av klorbruk og regelmessig overvaking av luft- og vasskvalitet, seier Graff.

Urinprøver gir nyttig informasjon

Eksponering for kloroform blant dei som arbeider i symjehallar, blir ofte vurdert ved hjelp av stasjonær prøvetaking. Dette speglar ikkje eksponeringsvariasjonar blant menneske.

Denne studien målte kloroformeksponering ved bruk av personleg luftprøvetaking og analyse av urinprøver.

– Dette tyder på at kloroform i urin kan vere ei nyttig eksponeringsmåling for arbeidarar i symjeanlegg, avrundar forskaren.

Referanse:

Oskar Ragnebro, Pål Graff mfl.: Chloroform exposure in air and water in Swedish indoor swimming pools—urine as a biomarker of occupational exposure. Annals of Work Exposures and Health, 2023. Doi.org/10.1093/annweh/wxad035

Powered by Labrador CMS