Saken er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - Les mer

Familien stiller opp

Solidariteten innanfor familien er sterk. Forskar er overraska over kor mykje familien stiller opp for gamle som også får omsorgshjelp frå kommunen.
29.5 2010 05:00

Førsteamanuensis Bjørg Dale ved Universitetet i Agder (UiA) starta sitt forskingsarbeid med ein hypotese om at di meir hjelp ein eldre brukar fekk frå det offentlege, di meir ville familien trekke seg ut og omvendt.

Slik var det ikkje.

– Funna viser at det var omvendt av det eg trudde det skulle vere. Forskinga viser at brukarane både fekk hjelp frå kommune og familien, og at dei utfylte kvarandre.

– Dei med det største behovet for heimesjukepleie var også dei med den største potten av hjelp totalt, seier Dale.

Ho forskar på korleis den offentlege og den familiebaserte omsorga for eldre verkar saman til det beste for heimebuande omsorgstrengande på Sørlandet.

375 spørsmål blei stilte til 242 heimesjukepleiebrukarar. Utvalet (brukarane) budde i to innlandskommunar og fem kystkommunar, og var mellom 75 og 98 år. Middeltalet var 84,6 år.

– Til å vere eit utval der alle mottok heimesjukepleie, var dei overraskande spreke. Både den fysiske, psykiske og sosiale funksjonsevna var god, seier Dale.

– Familien stør opp og gjer andre ting enn det hjelpearbeidarane frå kommunen gjer, fortel Dale.

Praktisk hjelp – personleg leie 

– Eg blei overraska over at døtrer var så lite delaktige i vask og stell av foreldra sine. Det var mest heilt fråverande. Familien gir heller praktisk hjelp som å handle, stelle i hagen eller å skuffe snø.

– Dei gir også psykisk og sosial støtte. Heimesjukepleia syter for det meste for personleg pleie. Det er ei god fordeling, seier Dale.

Ho meiner at familien i framtida blir viktigare enn nokon gong.

– Solidariteten innanfor familien er sterk. Det er gledeleg at familien stiller så opp for sine eldre. Det vil vi bli heilt avhengige av framover når talet på eldre aukar og fleire lever lenger. Vi vil derfor få fleire gamle med stort omsorgsbehov, og mange av dei kjem til å bu heime.

– Eg er spent på korleis desse utfordringane vert løyste, for det er ikkje stort nok tilfang av nye hender i omsorgsyrka. Vi har ikkje så store ungdomskull. Derfor må vi ta vare på familien som ressurs, seier Dale.

Krav til samarbeid

Og her har ho eit klart krav til dei som jobbar i heimesjukepleia.

– Dei må jobbe i nært samarbeid med familiane, kartleggje omsorgsbehov og planleggje tilbodet saman med dei og den som treng hjelp. I spørsmåla til sjukepleiarane kjem det fram at mange svarte at dei ikkje visste om brukarane fekk hjelp av familien sin, eller kor mykje hjelp dei eventuelt fekk.

– Det er hjelpearbeidarane som er ansvarlege for den hjelpa som vert gitt. Dei bør derfor ha jamlege møte med familien slik at dei får oversikta over den totale situasjonen og ressursane som vert lagde inn.

– Eg vart forskrekka over at så få av sjukepleiarane var sikre på om familien stilte opp, seier Dale.

Ho var heller ikkje klar over at det sosiale nettverket til dei eldre var så godt.

– Eg blei overraska over at brukarane hadde så stort og robust nettverk av vener, naboar og fellesskap gjennom å vere med i organisasjonar. Mange gjekk jamleg i kyrkjelyden. Kontaktfrekvensen var hyppig.

– Det er viktig å ta vare på dei ressursane også, seier Dale.

Bakgrunn:

Førsteamanuensis Bjørg Dale er knytt til Fakultet for helse- og idrettsfag ved Universitetet i Agder, og disputerte for doktorgraden med avhandlinga ”Compensatory care. Cross-sectional studies among older home-living care-dependent individuals in southern Norway”.

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse