Ny sensor kan oppdage fall hjå eldre

Halvparten av nordmenn over 80 år ramlar minst ein gang i året. Ein ny fallsensor skal fange opp fall og gje raskare hjelp til uheldige eldre som mister balansen.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Halvparten av alle eldre over 80 år ramlar minst ein gang i året. (Illustrasjonsfoto: iStock)

Halvparten av alle eldre over 80 år, og om lag 30 prosent av alle over 67 år ramlar minst ein gang i året i Noreg i dag.

Dette viser tal frå kompetansesenteret for bevegelsesvansker og fall på St. Olavs hospital.

Vidare viser statistikken at halvparten av tilfella skjer heime, eller i nærleiken av heimen. Når eldre dett, kan liv og helse stå i fare. Etter eit fall treng 40–60 prosent av dei eldre medisinsk behandling, og 13 prosent av falla resulterer i brotskadar.

Men ikkje alle får hjelp med ein gong, og rundt 10 prosent ligg meir enn ein time og ventar på hjelp. Fall med skade tidoblar også sjansen for å hamne på sjukeheim.

No kan ein ny fallsensor utvikla ved NTNU sørgje for at ein kan få raskare hjelp om ein skulle vere uheldig å ramle, noko som aukar prognosen for rehabilitering.

Unik radarløysning

Bak utviklinga av den nye fallsensoren står fem studentar frå NTNU.

Deira løysning består av diskrete, nærast usynlege rørslesensorar som vert montert i veggane heime hos ein brukar.

Sensorane, som er basert på radarteknologi frå Novelda, kan fange opp rørsler med opptil fire millimeter presisjon, og fangar opp rørsle i mørkret og gjennom møblar og lette veggar.

Dette gjer det mogleg å fange opp fallrørsler. Sensorane kan likevel kun «sjå» rørslene, og ikkje kven som er i rommet, slik at brukaranes personvern vert ivareteke.

– Vårt system fungerer slik at om brukaren dett, vil sensorane registrere dette og sende ein alarm til helsetenesta i kommunen på same måte som tryggleiksalarmar i dag, seier Fredrik Bergflødt, ein av studentane bak sensoren.

I tillegg forsøker dei å legge til funksjonar der ein registrerer aktiviteten til brukaren over ei viss tid.

– Endring i rørslemønsteret kan seie noko om risikoen for å falle, slik at vår løysning også kan nyttast til å forutsjå fall, seier Bergflødt.

En sensor fangar opp rørslene hjå Fredrik L. Bergflødt medan Kristina Hoff Wanderås (f.v.), Erlend Kvinge Jørgensen, Kristian Stormo og Stina Låstad følger med på dataskjermen for å sjå korleis programvaren tolkar signala som sensoren sender. (Foto: Idun Haugan/NTNU)

Behov for teknologi

Studentane trur at mange av skadane etter fallepisodar kunne vore redusert eller unngått om eldre som dett hadde fått raskare hjelp.

– I tillegg gjer eldrebølgja sitt til at det ikkje vil vere nok ressursar i helsesektoren til å følgje opp eldre på same måte som i dag. Vi kjem rett og slett til å trenge hjelp frå teknologien til å sørgje for at eldre får den omsorga dei treng og har krav på, seier Kristina Hoff Wanderås.

Powered by Labrador CMS