Saken er produsert og finansiert av Høgskulen på Vestlandet - Les mer
Kva er det som får ein idrettsutøvarar til å finne dei siste kreftane til ein sluttspurt? Mykje sit i hovudet, viser ein ny studie.

Sluttspurten sit i hovudet

Ein ny studie tyder på at du faktisk kan velje å oversjå dei skrikande musklane dine.

18.1 2017 04:00

Vi har alle sett det i målområda for dei store meisterskapa: Når langrennsheltane nærmar seg målområdet i flokk, og nokon i teten plutseleg maktar å bryte ut, lange ut og jage mot målstreken akkurat litt raskare enn dei andre.

Kvar hentar dei desse superkreftene etter eit langt og krevjande løp?

Proffsyklisten Jens Voigt pleidde å seie «Shut up, legs!» då han blei sliten. Det kan sjå ut til å vere ein god strategi, ifølgje ny forsking. 

Hjernen bestemmer

Utøvarar som gir gass før målstreken gjer noko svært interessant, forklarer Christian Frøyd ved Høgskulen på Vestlandet, som i 2016 publiserte funna sine i Medicine & Science in Sports & Exercise.

Sjølv om musklane skrik til dei om trøyttheit, smerter og stivheit, maktar utøvarane likevel å presse dei til å jobbe meir. For det er i hovudsak hjernen vår som bestemmer – ikkje musklane, hevdar forskaren.

– Hjernen sin kommunikasjon med musklane har ein avgjerande verknad på prestasjonane våre, understrekar Frøyd.

Ueinig med norske forskarar

I norsk idrettsforsking er dette ein uvant tanke.

Her finst det nemleg ei nokså solid førestilling om at det er ei grense for kva hjarte- og skjelettmusklane våre kan yte, og at det er nettopp i musklane terskelen finst. Argumenta handlar om oksygenopptak og om ein mjølkesyreterskel.

– Etter mi meining undervurderer mange norske forskarar den rolla hjernen spelar når vi trenar, seier Frøyd.

Målte kor mykje som var att

I studien hans var tolv langdistanseutøvarar med i ein serie forsøk på ein lab. Utøvarane hadde ei nokså enkel oppgåve: å sitje med beina i nitti grader, og å svinge det eine beinet framover i sitt eige tempo.

Instruksjonen dei fekk, gjekk ut på at dei skulle prestere så godt dei kunne, som i ein uthaldskonkurranse. Når forskaren ropte «stopp!», fekk dei ein liten elektrisk støyt i femoralnerven på framsida av låret.

– Dette gav oss eit mål på kor stor kraft som var att i muskulaturen på ulike tidspunkt i studien. Dermed fekk vi òg innblikk i trøyttheit i muskulaturen og hjernen, forklarer Frøyd.

Dei fleste målingane vart gjort i korte pausar mellom beinsvinginga, men òg undervegs i sparket. Utøvarane heldt på i 3 minutt, i 10 minutt og til slutt i 40 minutt. Såpass mange spark kjennest – sjølv hjå dei mest veltrena.

Fann ingen terskel

Forskarane var ute etter å finne den omdiskuterte terskelen eller grensa mange meiner at vi har i fysiologien vår.

Men utøvarane dei testa, viste det same mønsteret: Undervegs sparte dei seg litt, men mot slutten, når dei skjønte kor lang tid dei hadde att, tok dei hardare i. Det vesentlege for forskarane var at alle dei testa faktisk greidde å presse seg til kraftige spark mot slutten av økta.

Nett som i langdistanseløp, viser det at sjølv om muskulaturen blir stadig trøyttare utover i løpet, hindrar det ikkje hjernen i å be muskulaturen om å stå på. Snarare tvert om: Hjernen kan overstyre smertesignala frå muskulaturen og auke intensiteten trass i at musklane gir signal om å vere slitne.

– I forsøka fann vi altså ingen spor av ein terskel eller ei kritisk grense for musklane sin innsats, seier Frøyd.

Musklane kan overstyrast

Det forskarane ville med studien, var å vise at når musklane blir slitne, kan dei sende ein stoppordre til hjernen, men at hjernen kan la vere å lytte.  

– Signala kan heilt klart overstyrast med tankane, seier forskaren.

For dei som har planlagt ein joggetur eller ei hard treningsøkt, er det altså viktig å innsjå at det er hjernen som er sjefen. Viss du har som mål å presse deg sjølv, skal du kanskje lytte litt mindre til kroppen din, i staden for meir.

– Sjølv om du blir trøyttare og trøyttare, betyr det ikkje at du er nøydd til å gi deg. Du kan halde fram med å presse deg viss du berre har tru på det, seier Frøyd.

Referanse:

Frøyd, Christian; Beltrami, Fernando G.; Millet, Guillaume Y.; Noakes, Timothy D. Central Regulation and Neuromuscular Fatigue during Exercise of Different Durations. Medicine & Science in Sports & Exercise 2016 ; Volum 48.(6) s. 1024-1032 (Sammendrag.)

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse

Emneord