Annonse
Stisykling på Nuken i Sogndal. (Foto: Anne Lise U. Skaar)

Forskar på bruk av sykkelområde

Driv du med stisykling? Kva er du oppteken av i valet av sti: naturlege stiar, motoriske utfordringar, naturopplevingar eller er det andre faktorar som bestemmer kor du vil sykle?

Dette vil Vestlandsforsking gjerne prøva å finna svar på og har utarbeidd eit elektronisk spørjeskjema som vi håpar stisyklarar i Sogn vil svare på.

Undersøkelsen er ein del av prosjektet «Nytt forvaltningssystem for fleirbruk i utmark» som er eit samarbeidsprosjektet med kommunane Sogndal, Luster og Gloppen. Prosjektet er finansiert gjennom Regionalt forskingsfond Vestlandet.

Powered by Labrador CMS