Annonse
Rajendra Akerkar ved Vestlandsforsking er ute med ny bok. Den gir ei innføring i bruk av kunstig intelligens i næringslivet.

Ny bok om kunstig intelligens i næringslivet

Publisert

Den nyleg lanserte boka av forskar Rajendra Akerkar har tittelen Artificial Intelligence for Business.

Den fokuserer ikkje på dei grunnleggande matematiske teknikkane, men gir eit overblikk over dei mest populære modellane for kunstig intelligens som næringslivet brukar i dag.

– Boka er ein guide for leiarar og andre i næringslivet om bruk av kunstig intelligens, seier forfattaren Rajendra Akerkar. Akerkar leiar forskinga innan stordata ved Vestlandsforsking og har skrive fleire bøker innan «Data Science».

Rajendra Akerkar har mastergrad i anvendt matematikk og doktorgrad i informatikk, og han leiar forskinga innan stordata ved Vestlandsforsking. Akerkar har forfatta eller vore medforfattar til fleire bøker, forskingsartiklar og volum av internasjonale konferansar og seminar.

Les mer på Vestlandsforskning.no

Powered by Labrador CMS