
Ole Ringdal blir ny direktør ved Universitetet i Stavanger
Styret ved Universitetet i Stavanger (UiS) har tilsett noverande universitetsdirektør Ole Ringdal (62) i den nye stillinga som direktør for organisasjon og infrastruktur.
Ringdal har doktorgrad i biologi frå Universitetet i Bergen. Han har tidlegare jobba som biolog og forskar, og i tillegg hatt mange leiarstillingar i akademia, instituttsektoren og næringslivet. Sidan 2017 har han vore universitetsdirektør ved UiS.
– Eg er veldig glad. No får eg jobbe vidare med dei viktige sakene eg har hatt på bordet dei siste to åra, ikkje minst omstillingar i organisasjonen og campusutvikling, seier Ringdal.
– Eg ser også fram til å fortsetje det viktige arbeidet med digitalisering, som kjem til å effektivisere både vitskapleg og administrativt arbeid, seier den nye direktøren.
Les meir på nettsidene til UiS.