En notis fra Universitetet i Bergen - les mer.

På DARS- labben skal forskarane utvikle dataanalyse og anbefalingsteknologi innan felta mat, energi, finans og media. Labben blir ein del av satsinga MediaFutures som vil bli eit forskingssenter for ansvarleg medieteknologi.
På DARS- labben skal forskarane utvikle dataanalyse og anbefalingsteknologi innan felta mat, energi, finans og media. Labben blir ein del av satsinga MediaFutures som vil bli eit forskingssenter for ansvarleg medieteknologi.

Kunstig intelligens skal gi deg sunn føde i feeden

Publisert

Christoph Trattner ville eigenleg bli kokk. No vil han hjelpe deg til å sleppe unna digital junk food.

– Det er ikkje alltid sunt for deg det du les på nettet, men likevel vil du ha meir og meir av det same. Det er akkurat som med junk food!

Det seier Christoph Trattner. Østerrikaren er opptatt av sunn mat, og han gjekk i tankar om å bli kokk, men han enda opp med å forske på kunstig intelligens. No lanserer han eit laboratorium på Universitetet i Bergen som vil gjere feeden din sunnare og den kunstige intelligensen enda meir intelligent.

Sunt men godt på Netflix?

Trattner og kollegaene hans skal mellom anna gå djupare inn i teknologien som ligg bak anbefalingane om innhald som du får til dømes på Netflix, Spotify, NRK eller Amazon.

Har du lese mange saker om Trump i det siste er det sannsynleg at du får forslag om ei ny Trump-sak, men det er lite sannsynleg at du blir anbefalt ein heilt ny innfallsvinkel.

– Deep learning og avanserte algoritmar har kome svært langt med å gi oss det innhaldet vi vil ha på nett, men teknologien bommar på eit vesentleg punkt. Det er ikkje kult når vi får anbefalt nesten identisk innhald som det vi akkurat har lest eller sett, og det er absolutt ikkje bra når vi får servert falske nyheiter fordi det er det algoritmane trur vi vil ha, seier Trattner.

Senterleder for Media Futures, Christoph Trattner, lanserer no labben DARS som skal gjere kunstig intelligens enda meir intelligent.
Senterleder for Media Futures, Christoph Trattner, lanserer no labben DARS som skal gjere kunstig intelligens enda meir intelligent.

Digital helse

Trattner har tidlegare jobba mykje med anbefalingsteknologi innan helse, og han meiner vegen ikkje er lang frå fysisk til digital helse.

På DARS- labben (Data analytics and recommender systems) skal forskarane utvikle dataanalyse og anbefalingsteknologi innan felta mat, energi, finans og media. Teknologien skal gå hakket lenger enn den vi ser brukt i dag, då ein vil prøve å treffe på fleire kriterium enn berre kva brukaren har likt tidlegare.

– Ta ein avokado. Det ville vere best om algoritmane anbefalte mat som du likar og som også er sunn og miljøvennleg. Algoritmen vil anbefale avokado for deg fordi han er sunn og populær, men han bommar på dette med omsynet til miljøet. Det same gjeld nyheitskonsum. Helst skal algoritmane presentere saker som du både har lyst til å sjå og lese, som er sanne og som gir deg ein ny innfallsvinkel. I dag skjer det snarare at nye saker stadfestar det ein allereie har lese, så algoritmen klarer å fange opp to av kriteria, men ikkje den tredje, seier han.

Usunne ekkokammer

Slik oppstår dei såkalla ekkokammera, forklarer Trattner.

– Ekkokammera er djupt problematiske og til sjuande og sist eit problem for demokratiet. Når alt du les om Trump er negative saker om han som stadfestar synet ditt på amerikansk politikk, så blir du ikkje klokare.

– Ta også eksempelet med nyheiter om koronaviruset. Dei fleste sakene på nett liknar på kvarandre, og nyansar trenger ikkje igjennom. Med meir intelligent teknologi kan nyheitsprodusentar få verktøy som hjelper dei å analysere kva saker som allereie er skrivne, kva vinkel desse har hatt og kven som er avsendaren. På den måten kan dei lettare finne nytt og interessant innhald og vinklar, seier han.

Ansvarleg medieinnhald i MediaFutures

Det nye laboratoriet vil bli ein viktig del av forskingssenteret MediaFutures som UiB ønskjer å etablere. Dette er eit forskingssenter for ansvarleg medieteknologi og innovasjon der forskingsmiljøet, teknologibransje og medieaktørar går saman for å bli «Senter for forskningsdrevet innovasjon» (SFI).

Det nye senteret vil utforske metodar for å levere innhald til brukarar på ansvarleg vis, slik at brukaren får eit minst mogleg skeivt eller einsretta nyheitsbilde av kva som skjer i verda. Trattner er også senterleiar for MediaFutures, og DARS- labben er slik sett ein oppstart på forskings- og innovasjonsaktivitetar som skal skje i MediaFutures.

– Eg synes det er viktig å hjelpe folk til ein sunn diett både på fatet og på skjermen, seier Trattner.