En notis fra Universitetet i Bergen - les mer.

Frå 1. juli vert professor Eystein Jansen medlem av det vitskaplege rådet i ERC, det europeiske forskingsrådet. (Foto: Andreas Hadsel Opsvik, Bjerknessenteret)

Eystein Jansen er nytt styremedlem i ERC

Det europeiske forskingsrådet (ERC) rår over ein pott på kring 13 milliardar euro i perioden 2014-2020.

– Det er ei stor ære å bli med i det europeiske forskingsrådet sitt Scientific Council saman med ei rekkje av dei fremste forskarane i Europa, mellom anna folk med nobelpris, seier Eystein Jansen, professor ved Institutt for geovitskap ved Universitetet i Bergen (UiB) og Bjerknessenteret.

Jansen har ei lang merittliste frå sin forskarkarriere. Han var forfattar i FNs klimapanel i rapport fire og fem, han var direktør for Bjerknessenteret frå oppstarten i 2002 til 2013, er visedirektør i ERC-støtta SapienCE, og har lang erfaring frå internasjonale forskingsprogram. Han har tidlegare vore med i ERC sitt panel for jordsystemforsking.

Frå 1. juli i år trer han inn blant dei 22 medlemmene i det vitskaplege rådet i Det europeiske forskingsrådet, ERC. Dette er gruppa som avgjer prioriteringane innanfor ERC sitt budsjett, som berre i 2019 er på meir enn 2 milliardar euro til utdeling til svært høgthengande forskingsprosjekt.

Det vitskaplege rådet definerer også ERC sin vitskaplege strategi og arbeider for å styrke kvalitet og grunnforskinga sin plass innanfor EU sine rammeprogram for forsking, det noverande Horisont 2020 og det komande Horisont Europa.

Les meir på nettsidene til Universitetet i Bergen.

Powered by Labrador CMS