Ein notis frå Universitetet i Agder - les mer.

Dugnad i 3D-printing for Sørlandet sykehus
3D-printeren i mekatronikklabben ved Universitetet i Agder printar store mengder smittevernmasker til bruk av helsepersonell på Sørlandet sykehus.
– Det er stort behov for fleire smittevernmasker. Vi har teknologien og oppskrifta, men vi har ikkje kapasitet til å dekke heile behovet i marknaden. Vi etterlyser derfor fleire i mekatronikk-miljøet som kan bidra med sine 3D-printarar, seier Bernt Inge Øhrn, dagleg leiar av MIL.
I førre veke tok Sørlandet sykehus kontakt på grunn av behovet for smittevernmasker som kan hindre dråpesmitte av covid-19. Etter nokre prøvar på ulike utformingar blei ønska design og funksjon bekrefta av sykehuset denne veka. Desse er no i produksjon i labben der studentane vanlegvis held til.
Les meir om dugnaden på nettsidene til Universitetet i Agder