Annonse

En notis fra Statens vegvesen - les mer.

– Arbeidet med flytebrua over Bjørnafjorden vekkjer stor interesse blant ingeniørar, men rapportane kan også vere av interesse for alle som synest at bruteknologi er interessant, seier Kjell Håvard Belsvik.

Utviklingsrapportar om bruteknologi er no tilgjengelege

Publisert

Du har kanskje høyrd eller lest om flytebrua over Bjørnafjorden sør for Bergen? Om du vil fordjupe deg i dei faglege vurderingane som ligg til grunn, får du no høve til det.

Bjørnafjorden er krevjande å krysse då den har ei djupne på opp mot 600 meter enkelte plassar. Utgreiingsarbeidet strekkjer seg tilbake til 2009, då Statens vegvesen konkluderte med at det er mogleg å krysse Bjørnafjorden med bru. Flytebrua blir over fem kilometer lang, og skal krysse Bjørnafjorden mellom Tysnes i sør og Os i nord.

Valet falt på flytebru

– Vi har arbeida systematisk saman med fag- og forskingsmiljø for å utvikle brukonseptet og ny teknologi, og i 2018 og 2019 jobba to rådgjevarteam uavhengig av kvarandre for å vurdere kva type flytebru som kunne egne seg for kryssing av fjorden. Begge team konkluderte med at ei boga flytebru med litt forankring ville vere det beste alternativet over fjorden, fortel Kjell Håvard Belsvik, prosjektleiar for flytebrua.

Belsvik seier at det er ein ekstra tryggleik at begge team foreslo same løysing, ei løysing som også er kvalitetssikra og verifisert av DNV GL.

Rapportane er publisert

Vegvesenet nyttar systemet Brage for rapportar, du finn oversikt over alle rapportane og lenker til Brage frå sidane "Rapportar". Der vil du også finne rapportar frå tidleg konseptutvikling.

Les heile saken på heimesidene til Staten Vegvesen

Powered by Labrador CMS