– Dessverre ser vi at dei universiteta som har språkpolitiske dokument ikkje følgjer dei opp, seier direktør for Språkrådet, Åse Wetås. Ho minner om at det er eit lovpålagt ansvar å sikre norsk som fagspråk. (Foto: Hilde Kristin Strand)

Språkrådet: - Mindre norsk kan føre til at fag forsvinn

Mindre enn ti prosent av publikasjonane frå Noregs tre største universitet er på norsk. – Universiteta manglar strategi og vilje i språkpolitikken, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås.

Norsk er på vikande front som publiseringsspråk for forskarar. Som tidlegare omtalt i På Høyden er nær 90 prosent av den vitskapelege publiseringa no på engelsk. Særleg innan humanistiske fag går bruken av norsk som publiseringsspråk ned.

Dette gjeld både målt i prosentandel og i absolutte tal.

– Vi er sjølvsagt ikkje imot at det blir publisert på engelsk, der det er det beste alternativet. Men vår erfaring er at det språket som er meritterande har ein tendens til å «smitte» over og legge føringar på språkbruk innanfor andre arbeidsområder. Dersom forskarane publiserer på engelsk, må universitet og institutt derfor ha fleire og betre tiltak for å styrke det norske språket. Dess meir engelsk i forskingspublisering, dess større jobb for å ta vare på det norske språket, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås.

– Manglar strategi og vilje

I dag er situasjonen slett ikkje tilfredsstillande, meiner ho.

– Dessverre ser vi at dei universiteta som har språkpolitiske dokument ikkje følgjer dei opp. Dei hamnar i skrivebordsskuffa, og det manglar ofte strategi og vilje til å følgje opp dokumenta med konkret handling.

Språkdirektøren minner om at å sikre norsk fagspråk er eit samfunnsansvar forskings- og utdanningsinstitusjonane har – eit lovpålagt ansvar.

– På alle fagområder, understrekar ho.

Medan realfaga og medisin og helsefag lenge har hatt lite og til dels ingen publisering på norsk, viser nye tal at norsk språk taper terreng også innan samfunnnsvitskap og humaniora. Det er først og fremst ved NTNU og UiO at humanistane kuttar ut norsk når dei skal skrive om forskinga si. Ved UiO har andelen norsk dalt frå 43 prosent i 2011 til 24 prosent i 2017. Humaniorafaga ved NTNU har gått frå 35 til 21 prosent norsk i publikasjonane sine.

Det er tal som NIFU har tilrettelagt frå publiseringbasen Cristin til Indikatorrapporten 2018 (Forskningsrådet) som viser dette.

Prorektor: - Vil ikkje tvinge

Prorektor for forsking ved Universitetet i Bergen, Margareth Hagen, seier ho er overraska over tempoet i utviklinga.

– Med tanke på internasjonaliseringa som føregår er det ikkje overraskande at engelsk blir meir brukt. Men at det går så fort, overraskar meg, seier Hagen.

Ho meiner den raske utviklinga gir grunn til ein viss uro.

– Særleg innan visse fag er det svært viktig at norsk blir tatt vare på. Juss er eit opplagt eksempel, med det ansvaret faget har for norsk rettsforståing og -utvikling. Filosofi eit anna døme, det språket ein skriv på er ofte det språket ein tenker på. Og nordisk språk og litteratur er sjølvsagt også i denne kategorien.

– Vil du oppmode stipendiatar til å skrive på norsk?

– Nei. Men dei bør skrive på norsk der det er naturleg. Vi skal ikkje tvinge folk til noko.

– Blir det gjort nok for å ta vare på norsk i dag?

– Noko er blitt gjort. For eksempel har fagråda i Universitets- og høgskolerådet gått saman om lansering av opne tidsskrift på norsk. Men vi må heilt klart følgje med på utviklinga og gjere meir der det trengst.

– Fag borte frå radaren

Språkrådet fryktar på si side at språkleg marginalisering også kan føre til fagleg marginalisering.

– Vi har sett at val av språk har verknad på kva emne det blir forska i. I internasjonaliseringa er det fag som står i fare for å forsvinne frå radaren. Det gjeld særleg særnorske empiriar, som av ulike grunnar ikkje kan byggast opp internasjonalt, og det gjeld ulike emne som knyter seg særskilt til norsk lovverk, og til norsk kultur og natur. Desse blir skadelidande under dei språkvala som vi ser blir tatt. Dette må institusjonane ta tak, i seier Wetås.

Ho håper universiteta tar språkarbeidet på alvor – og løftar det fleire hakk.

– Uavhengig av publiseringsspråket må institusjonane sørge for at kandidatar og tilsette blir trente i norsk. Vårt inntrykk er at meir og meir av aktiviteten ved universiteta føregår på engelsk. Slik treng det ikkje å vere, og slik bør det ikkje vere, seier Wetås.

Denne saken ble først publisert i På Høyden.

Powered by Labrador CMS