Kur mot skarre-r?

Skarre-r-en har spreidd seg som eld i tørt gras i Norge dei siste tiåra. Vil heile landet skarre til slutt, slik det er spådd? Nei, meiner språkforskar Arne Torp. I møte med eit anna utbreidd språkfenomen gjev skarre-r-en opp. Retrofleksar er namnet på skarre-kuren.

Published

Retroflekse lyder

Ein retrofleks lyd er ein språklyd der r påverkar konsonanten som kjem etter han, slik at han blir annleis enn før, samtidig som r-en forsvinn. R og t smeltar altså saman i “surt” og i “kart” og så bortetter, og r og d i til dømes “eg ser det” (eg se’det).

Også lydane s, n og l kan smelte saman med r på denne måten. Retroflekse lydar blir uttala med tunga bøygd bakover (retrofleks = bakoverbøygd), slik at undersida av tungespissen møter gommen i overmunnen.

Korleis seier du “surt”? Med fire skilde lydar, slik: s+u+r+t ? Eller trekkjer du r og t saman så det blir “su(r)t”? I det siste tilfellet har du retrofleksar i dialekta di, og bur til dømes på Austlandet, i Trøndelag, i Nordland, eller kanskje i Ålesund?

Uttalar du derimot r-en tydeleg i “surt”, har du ikkje retrofleksar i dialekta di, og bur truleg på Sørlandet eller på Sør-Vestlandet. Kanskje er du bergensar?

- Ser ein på karta over utbreiinga til skarre-r-en, både i Norge og resten av Europa, finn ein at område der folk har retrofleksar i språket sitt i svært liten grad overlappar med område der folk har skarre-r, seier Arne Torp, førsteamanuensis i nordisk språk ved Universitetet i Oslo.

Han er aktuell med ny bok, ei bok som handlar om ein einaste bokstav, nemleg r. R - ei urokråke i norsk språk er tittelen.

- Min hypotese er at rulle-r og retrofleksar høyrer i hop, mens skarre-r og retrofleksar går dårleg saman. At både rulle-r og retrofleksar blir uttala med tungespissen, mens skarre-r-en blir uttala ved at drøvelen vibrerer, er blant det som peiker i den retninga, forklarer Torp.

- Denne negative samanhengen kan forklare korfor skarre-r-grensa der eg kjem i frå, nemleg austre delen av Aust-Agder, berre har flytta seg nokre få kilometer dei siste hundre åra, mens ho har flytta seg fleire hundre kilometer på Vestlandet i den same perioden. I mitt område har skarre-r-en nemleg møtt på retrofleksane og gitt opp.

Spår nesten om framtida

Det same har skjedd mange andre stadar i Norge, og ifølgje Torp vil språkkarta over skarre-r og retrofleksar utfylle kvarandre.

- Om ikkje altfor lenge vil alle i Norge ha anten skarre-r eller retrofleksar, slår Torp nesten fast.

- Det er farleg å spå om framtida, også for språkforskarar. Ein kan aldri vere 100 prosent sikker. Berre sjå på den kjende språkmannen Adolf Noreen, som i starten av 1900-talet skreiv at heile Sverige etter kvart ville få skarre-r. Det skjedde ikkje, og det er ingen ting som tydar på at det skal skje heller. Men at skarre-r-en blir stoppa av retrofleksar, kan vi allereie sjå på karta.

Kva med Frogner-r-en?

Men så er det Oslo, innvender Torp mot seg sjølv. Det fins jo ein del folk med skarre-r her, trass i at oslofolk i aller høgste grad har retrofleksar.

Skarre-r-en i Oslo blir kalla Frogner-r fordi det tradisjonelt gjerne var folk i høgare sosiale lag som skarra på r-en i Oslo, og desse laga budde gjerne i bydelen Frogner, fortel Torp.

Somme teoriar går ut på at r-en oppstod fordi dei kondisjonerte tilsette barnepiker frå Sørlandet for at barna skulle få “bløde konsonanter”. Ein annan og kanskje meir plausibel teori, ifølgje Torp, er at skarre-r-en kom av dei tette banda mellom overklassen i Kristiania og København på grunn av det politiske sambandet mellom Norge og Danmark før 1814.

- Såleis har vel skarre-r-en på Frogner heller samanheng danske mødre enn med sørlandske barnepiker, men likevel er ikkje skarre-r-en blitt allmenn r-uttale i Oslo, slik han er i byar som Bergen, Stavanger, Haugesund og Florø, påpeiker Torp. Og det burde han jo, etter teorien om at skarre-r-en er eit motefenomen som har spreidd seg frå Paris.

- Skarre-r-en har rett og slett ikkje vore like aggressiv i Oslo som i byar på Vestlandet. Eg kan ikkje gje noko prov på at det har med retrofleksane å gjere, men eg trur knapt det har samband med vêret.

R-kamp på Nordvestfronten

Det mest spennande når det gjeld utviklinga av r-lyden i Norge er å sjå kva som skjer i det området Torp kallar Nordvestfronten, dvs. Vestlandet frå og med Sogn og Fjordane til og med Sunnmøre. Grunnen til det er at det her framleis er store område der også dei unge har rulle-r og ikkje retrofleksar.

"Arne Torp, (Foto: Ram Gupta, Universitetet i Oslo)"
"Arne Torp, (Foto: Ram Gupta, Universitetet i Oslo)"

Kven vil vinne kampen? Skarre-r-en eller retrofleksane? Begge desse språkfenomena er nemleg på frammarsj, meiner Torp. Skarre-r-en er på veg nordover frå Sørvestlandet, retrofleksane sørover frå Romsdalen.

Ikkje skarre-r på Sunnmøre

Torp trur retrofleksane vil vinne fram på Sunnmøre, slik dei allereie har gjort i dei nordlige delane av regionen og i hovudstaden Ålesund. Språktrekk har ein tendens til spreie seg frå byane og utover i bygdene.

Og med retrofleksane blir heile området “vaksinert” mot skarre-r-en.

Det store slaget

Det store skarre-slaget trur Torp vil stå i Sogn og Fjordane. Her er det ingen retrofleksar, og det ser heller ikkje ut til at området skal bli vaksinert med slike med det fyrste.

- Her er det er fritt fram for skarre-r-en, seier Torp.

I Florø, som blei handelsstad alt i 1860, har skarre-r-en lenge hatt fotfeste, men i dei to ferske byane i fylket, Måløy og Førde, har ikkje skarre-r-teke over enda. I Måløy kan det sjå ut som om han er på veg, men i Førde er det annleis.

- Det er få unge som brukar skarre-r i Førde, og det kan tyde på at skarre-r-en ikkje står på spranget til å ta over her. Grunnen er nok at rulle-r-en står sterkt i området. Ifølgje ei hovudoppgåve som blei skriven i 2002 om dette talemålet, kan rulle-r-en reknast som ein identitetsfaktor som er med på skilje mellom folk frå Førde og folk frå til dømes Florø og Bergen.

- Kva som skjer her, blir spennande å sjå. Kanskje blir dette området ståande igjen som det einaste området i landet utan verken retrofleksar eller skarre-r, som eit fonetisk minnesmerke over den ekte og reine nordvestlandsken, smiler Torp lurt.

Boka R - ei urokråke i språket kjem ut på Det Norske Samlaget 23. oktober.