Blekksprut-sexvideo på djupt vatn

Har du nokon gong lurt på korleis blekksprutar har sex? Det har forskarar lurt på lenge. Takka vere ein unik djupvass-sexvideo kan du no få eit glimt av den bisarre akta.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Videoen viser den aller første detaljerte observasjonen av parring mellom to djupass-blekksprutar. Videoen blei filma av National Oceanic and Atmospheric Administration i Mexicogolfen på 1400 meters djup.

Akta mellom dei to blekksprutane av typen Pholidoteuthis Adami, blei filma 13. april 2012 – og forskarar har studert den med stor undring sidan.

– Opp ned og bak fram

– Det ein ser her er ein mannleg blekksprut som er opp ned og bak fram på toppen av den kvinnelege blekkspruten, seier den amerikanske biologen Mike Vecchione i ei pressemelding etter oppdaginga han gjorde saman med kollega Hoving.

– Sjølv for ein blekksprutbiolog er det framleis litt forvirrande, fordi hannen plasserer ikkje spermen sin på langt nær i nærleiken av egga til ho-blekkspruten, held han fram.

Vecchione sin studie frå desember 2012 foreslår at den rare sex-posituren betrar rørsleevna til han-blekkspruten sin penis, som han brukar til å overføre spermpakkar til den kvinnelege blekkspruten, som deretter absorberer spermen gjennom muskelvevet.

Dette er oppsiktsvekkande nytt, til og med for dei med peiling på blekksprut-parring.

– Folk har lurt på og gjetta på korleis dette organet blei brukt, men dei har gjetta feil, seier Vecchione.

– Fabelaktig godt opptak

I tillegg kan den rare posituren vere eit knep for å hindre ho-blekkspruten i å ta tak i hannen, drepe han og ete han under akten, skriv Huffington Post.

Odd Aksel Bergstad i Havforskingsinstituttet har jobba saman med Vecchione og Hovig som har gjort desse observasjonane i Mexicogolfen, og er imponert over sine tidlegare kollegaer.

– Dette er eit fabelaktig godt opptak. Det ante meg at det kunne vere desse to. Det er virkelig toppfolk, det er riktig og bra skildra sånn det er gjengitt, seier Bergstad om dei to amerikanske forskarane.

– Dette er meget interessant. Desse folka er absolutt blant dei leiande blekksprutekspertane i verda, og hugs at dette er filma på 1400 meters djup der det er stummande mørkt, seier Bergstad.

– Djupvassblekksprut eit mysterium

Han seier videoen viser noko som er kjent frå før, men også noko nytt.

– Saka er at blekksprutar har parring der hananne overfører ein pakke spermiar til hoane. Dette har ein visst lenge, og atferden er godt kjent for gruntlevande artar, seier han og held fram:

– Men for dei andre djuptlevande artane har ein ikkje visst i detalj korleis parringa går føre seg. Her syns det å vere ein langvarig prosess der paret held saman ei stund, og ekspertane blei her overraska i forhold til kva dei hadde forestilt seg, seier han.

– Opptaket er unikt og spanande. Det er nye observasjonar av atferd i ei veldig spanande dyregruppe. Blekksprut i djuphavet er framleis lite kjent, seier Bergstad.

Powered by Labrador CMS