Annonse
Ingrid Dønåsens masteroppgåve er eit framifrå og nyskapande arbeid som kan ha mykje å seie for vidare kunnskapsutvikling, ifølgje juryen. (Foto: Beate Sletvold Øistad)

Nytt fra akademia: Pris for beste masteroppgåve

Ingrid Dønåsen ved Institutt for psykologi fekk pris for beste masteroppgåve med kjønnsperspektiv ved Universitetet i Oslo i 2014.

Publisert

Temaet for masteroppgåva er atypisk kjønnsutvikling, også kalla intersex eller disorders of sex development.

Atypisk kjønnsutvikling er eit paraplyomgrep for tilstandar knytt til fysisk annleis kjønnskarakteristika. Det kan til dømes bety at det er vanskeleg å fastslå om eit barn er gut eller jente ved fødselen, eller at nokon har atypiske samansetningar av kjønnshormon eller kromosom.

Atypisk kjønnsutvikling er ikkje det same som å vere transkjønna, at ein person med kvinneleg biologisk kjønn opplever å ha ein mannleg kjønnsidentitet og omvendt.

I oppgåva studerte Dønåsen kva folk som ikkje har nokon erfaring med fenomenet tenkjer om atypisk kjønnsutvikling.

– Ein veit mykje kva legane og psykologane tenkjer, og om kva dei som opplever det og familien deira tenkjer. Eg har sett på korleis vanlege folk, i hermeteikn, kjem fram til dei tankane dei har, fortel ho.

Eit viktig funn i oppgåva er at deltakarane fann omgrep som intersex og disorders of sex development problematiske.

Les meir om prisutdelinga på Kilden.

Powered by Labrador CMS