Botox i magesekken kan bli behandling mot overvekt

Rotter gjekk ned i vekt etter botoxinnsprøytingar i magen.– Kan bli eit meir skånsamt alternativ til overvektsoperasjonar, trur forskarar ved NTNU.

Publisert
Botoxinnsprøytingar i magesekken førte til slankare rotter. På biletet er PhD-student Helene Johannessen ved NTNU. (Foto: M. Wagelund, NTNU)
Botoxinnsprøytingar i magesekken førte til slankare rotter. På biletet er PhD-student Helene Johannessen ved NTNU. (Foto: M. Wagelund, NTNU)

I samarbeid med:


 

Saken er laget av NRK Viten.

I ein studie ved NTNU i Trondheim har forskarar funne at rotter gjekk ned 20–30 prosent i vekt etter at vagusnerven var lamma med Botox. Vagusnerven er ein nerve som er viktig i regulering av matinntak og appetitt.

– Det er ein moglegheit for at dette kan bli ein ny og trygg måte å behandle overvekt, seier PhD-student Helene Johannessen til NRK.no.

Johannesen er ein av forskarane som skal presentere prosjektet sitt på årets Forsker Grand Prix i Trondheim.

_____________________

Les hele saken på NRK.no