Ho skal leie forskningsselskapet NORCE

Å være fleire, spredte forskningsmiljø er ikkje ein svakhet men vår styrke, seier den ferske leiaren av forskningsselskapet NORCE, Elisabeth Maråk Støle. Ho har klare internasjonale ambisjonar, men meiner nøkkelen til suksess ligg i den nære kontakten forskarane har med lokale partnarar kysten rundt.

Støle (50) har jobba med leiing sidan ho var 25. Ho kjem no frå stillinga som administrerande direktør i Møreforskning AS. Ho er utdanna økonom, har brei yrkeserfaring frå industri, næringsliv og forskning og er godt kjend med universitets- og høgskolesektoren og å knytte band mellom forsking og næringsliv.

Støle starta som administrerande direktør i forskningsselskapet NORCE i mars, eit halvt års tid etter at selskapet vart presentert. Selskapet er sett saman av fleire av dei fremste forskingsmiljøa på Sør- og Vestlandet, med Universitetet i Bergen som hovudeigar.

Les meir på uib.no.

Powered by Labrador CMS