Guro Haugen Fossum ville gjerne bruka norsk som talemål under disputasen.Det medisinske fakultetet sa nei. – Eg tenkte at det ville vera unaturleg å føre ein diskusjon på engelsk når me alle ville forstå morsmåla til kvarandre, seier ho. Avdelingsleiar Jørund Straand gir henne full støtte. – Det er ikkje fornuftig at alt skal gå føre seg på engelsk. (Foto: Ola Sæther)

Fekk nei til å bruka norsk som talemål under disputas på Universitetet i Oslo

Guro Haugen Fossum ville gjerne forsvara avhandlinga si på norsk under disputasen på Universitetet i Oslo. Derfor bad ho den sakkunnige komiteen om å senda inn ein søknad om dispensasjon frå kravet om engelsk. Svaret var eit kontant nei frå Det medisinske fakultetet.

Det var den 2. april Guro Haugen Fossum skulle disputera for den medisinske doktorgraden. Ho gledde seg stort til det, for ho hadde fleire funn som ho gjerne ville dela med så mange som mogleg.

Sidan ho var klar over hovudregelen om at disputasen skulle haldast på same språk som avhandlinga, som regel engelsk, sende den sakkunnige komiteen hennar inn ein søknad om dispensasjon frå dette språkkravet.

Komiteen viste til at opponentane hennar var svensk- og dansktalande og hadde ingen problem med å forstå norsk.

– Verka forstyrrande inn

– Eg tenkte at det ville vera unaturleg å føra ein diskusjon på engelsk når me alle ville forstå morsmåla til kvarandre, seier Guro Haugen Fossum til Uniforum. Først fekk komiteen nei på søknaden. Då sende ho sjølv inn ein klage. Svaret ho fekk var eit klar avslag: «Avhandlingen er skrevet på engelsk, og den omhandler ikke noe tema som kan kalles et nasjonalt saksområde. Da skal disputasen etter vanlig prinsipp avholdes på engelsk - doktoranden skal også testes i å kunne føre en vitenskapelig diskusjon på engelsk.»

Svaret kom midt under innspurten av førebuinga til disputasen.

– Det er klart at det verka forstyrrande inn i arbeidet mitt. Dermed starta eg arbeidet med å skriva innleiinga mi til disputasen på engelsk, fortel ho til Uniforum.

Disputasleiar ville ha norsk som talemål

Den sakkunnige komiteen ville ikkje trassa avgjerda til dekanatet og slo seg til ro med at talemålet på disputasen måtte haldast på engelsk. Diskusjonen om språkval kom disputasleiar Dag Berild for øyre. Dagen før disputasen diskuterte han spørsmålet med opponentane. Dei ville gjerne halda heile disputasen på norsk, så då bestemte han det.

– Eg fekk vita det akkurat då disputasen tok til. Då hadde eg allereie skrive innleiinga mi på engelsk. Det enda opp med at eg heldt innleiinga på engelsk, og så førte me den vidare diskusjonen om avhandlinga på svensk og norsk. Det fungerte fint, seier ho til Uniforum.

– Må skje i ein open, demokratisk prosess

Men ho er likevel skuffa over at ho ikkje kunne halda heile disputasen på norsk.

– På denne avdelinga er eg den første der val av språk eller ynskt språk har vore eit problem for fakultetet. No er det tre andre doktorgradskandidatar som ventar på å få disputera og dei ville gjerne bruka norsk, fordi dei meiner det er naturleg, men no er dei blitt usikre på om dei vil få lov til det, seier ho. Om fakultetet har endra nokre av føreskriftene eller praktiseringa av dei, må det skje i ein open, demokratisk prosess, understrekar ho.

– På denne avdelinga er eg den første der val av språk eller ynskt språk har vore eit problem for fakultetet, seier Guro Haugen Fossum ved Avdeling for allmennmedisin ved Institutt for helse og samfunn på Det medisinske fakultetet. (Foto: Ola Sæther)

Guro Haugen Fossum er framleis knytt til Avdeling for allmennmedisin ved Institutt for helse og samfunn ved Det medisinske fakultetet. Det er ei avdeling der forskarane ofte nyttar data frå andre delar av det norske samfunnet.

– Mange driv med mange kvalitative undersøkingar der dei intervjuar norske statsborgarar. Ein av doktorkandidatane har forska på teksten i uføresøknader til NAV. For den personen blir det litt rart å ha sitat på norsk, medan talemålet elles skal vera på engelsk, tykkjer ho.

Guro Haugen Fossum har også bite seg merke i oppfordringane frå Kunnskapsdepartementet. – I tildelingsbrevet frå KD til UiO blir det alltid understreka kor viktig det er å ta vare på norsk fagspråk. Sjølv har eg ingen problem med å snakka engelsk: eg har tatt vidaregåande på engelskspråkleg skule i Singapore, og eg har blant anna studert i Liverpool.

– Høyrer helst heime papirkorga

Det er mange som er einige med henne i den kampen ho har ført for å få kunna halda disputasen på norsk. Ein av dei er avdelingsleiar, professor Jørund Straand.

– Fakultetet er til for forskingsmiljøet – ikkje omvendt. Det er viktig at fakultetet ikkje detaljstyrer ting som fagmiljøa best kan styra sjølv, synest han. Straand har absolutt ikkje sansen for at fakultetet tviheld på språkkravet under disputasen.

– Norsk er, og skal framleis vera eit fagspråk. Også i medisinen. Det er ikkje fornuftig at alt skal gå føre seg på engelsk. Å lansera ei forslag som ikkje blir respektert i fagmiljøa, tar seg dårleg ut for fakultetet. Dette framlegget høyrer helst heime i papirkorga, meiner han.

– Hovudregelen står likevel fast

Dekan Ivar Prydz Gladhaug er ikkje einig i kritikken av at talemålet under disputasen som regel er på engelsk.

– I føreskriftene for ph.d-studiet på medisin står det klart at talemålet under disputasen skal vera på same språk som avhandlinga. Det er mogleg å få dispensasjon frå dette, men hovudregelen står likevel fast, understrekar han overfor Uniforum.

Han ser ikkje noko problem med at det i avslaget til doktorkandidaten Guro Haugen Fossum stod at det er viktig at kandidaten viser at han eller ho kan tala om avhandlinga på engelsk som vitskapsspråk.

– Eit av læringsmåla i fakultetet sitt phd-program, er at kandidatane skal kunna delta i internasjonale, faglege diskusjonar, og engelsk er det mest brukte akademiske språket i heile verda, ikkje minst i medisinske fag. For meg er det viktig at retningslinjene er like for alle og er føreseielege for kandidatane, seier Gladhaug.

– Vil det vera vanskeleg å få dispensasjon frå dette kravet?

– Den må sendast inn seks veker før disputasen. Men som sagt om avhandlinga er på norsk, kan disputasen også gå føre seg på norsk. Eg vil prøva å etterleva retningslinjene på best mogleg måte, og då er det viktig at dei blir fylgde, presiserer han. Gladhaug har ikkje høyrt at leiaren for disputasen til slutt gav Guro Haugen Fossum lov til å disputera på norsk.

– Det kjenner eg ikkje til. Det medisinske fakultetet reknar med at reglar og føreskrifter blir respekterte, avsluttar han.

Forsvarar avgjerda om å tillata norsk

Det var professor emeritus Dag Berild som var leiar for disputasen til Guro Haugen Fossum. Han forsvarar avgjerda om å tillata at talemålet kunne vera på norsk.

– Opponentane var alle skandinaviske, og me blei einige om at me kunne ha diskusjonen på norsk av omsyn til publikum. Eg har ingen sterke meiningar om dette, men synest ikkje at det skal vera obligatorisk å halda disputas på engelsk. Det minner litt om då det var obligatorisk at disputasar skulla førast på latin. Eg veit ikkje, men tvilar på at andre enn teologar var gode i latin den gongen, fortel han i ein epost til Uniforum.

– Ut frå regelverket var Med i sin fulle rett

Direktør Åse Wetås i Språkrådet viser til at hovudregelen i Noreg er at disputasen skal vera på same talemål som avhandlinga.

– Val av språk ved ph.d.-disputas er regulert i UiOs eigne førerskrifter for ph.d.-graden. Der heiter det i § 18.1 at prøveforelesinga skal vera på det språket avhandlinga er skriven på, med mindre den sakkunnige komiteen godkjenner at eit anna språk blir brukt. Sjølve disputasen skal etter § 18.2 i det same regelsettet haldast på det språket avhandlinga er skriven på, med mindre fakultetet etter framlegg frå komiteen godkjenner at det blir brukt eit anna språk. Ut frå regelverket var dermed Det medisinske fakultetet i sin fulle rett til å krevja at denne disputasen skulle gå føre seg på engelsk, slår ho fast i ein epost til Uniforum.

– Ut frå regelverket var dermed Det medisinske fakultetet i sin fulle rett til å krevja at denne disputasen skulle gå føre seg på engelsk, seier direktør Åse Wetås i Språkrådet. Men ho meiner det må kunne gjerast unntak. – Om tilhøva ligg til rette for det, kunne skandinaviskspråklege ph.d.-kandidatar til dømes bli oppmuntra til å bruka førstespråket sitt anten på sjølve disputasen eller på prøveforelesinga, synest ho. (Foto: Ola Sæther)

Språkdirektøren meiner at det likevel er grunn til å setja spørjeteikn ved at det i grunngjevinga frå dekanen blir nytta som argument at «[avhandlingen] omhandler ikke noe tema som kan kalles et nasjonalt saksområde».

– Universitets- og høgskulelova legg til grunn at alle UH-institusjonar har ansvar for å vedlikehalda og utvikla norskspråkleg fagterminologi på alle fagområde, og ikkje berre dei som gjeld nasjonale særtilhøve. Norsk fagspråk er under sterkt press frå engelsk, og den sektorovergripande norske språkpolitikken gir universiteta og høgskulane våre eit særleg ansvar for fagspråksområdet. Det ansvaret blir også understreka i årets tildelingsbrev frå Kunnskapsdepartementet til alle institusjonane, trekkjer ho fram.

Skandinaviskspråklege kan oppmuntrast til å bruka førstespråket

I lys av dette tykkjer Åse Wetås at høgskular og universitet systematisk bør oppmuntra forskarar på alle nivå til å bruka norsk fagspråk ved sida av engelsk eller andre språk.

– I den konkrete saka Uniforum spør om, går det fram at både doktoranden og komiteen meistra eit skandinavisk språk. Dermed kunne denne disputasen vore eit fint høve for doktoranden til å visa fram at vedkommande også kunne kommunisera fagfeltet sitt på norsk, seier ho.

Wetås peikar på at Språkrådet gjerne oppmodar institusjonane til å vurdera retningslinene sine for ph.d.-graden, slik at desse òg kan leggja til rette for god parallellspråkbruk.

– Om tilhøva ligg til rette for det, kunne skandinaviskspråklege ph.d.-kandidatar til dømes bli oppmuntra til å bruka førstespråket sitt anten på sjølve disputasen eller på prøveforelesinga, synest Åse Wetås.

Denne saken ble først publisert i Uniforum.

Powered by Labrador CMS