Annonse
Saman med Oliver Hart vart Bengt R. Holmström i 2016 tildelt Sveriges Riksbanks pris i økonomi til minne om Alfred Nobel, ofte omtalt som nobelprisen i økonomi. (Foto: Bryce Vicmark)

Nobelprisvinnar blir æresdoktor på NHH

Nobelprisvinnar i økonomi, Bengt R. Holmström er ein av i alt fem professorar som er utnemnt til nye æresdoktorar på NHH. 

Holmström er professor ved Massachusetts Institute of Technology (MIT) i USA. Saman med Oliver Hart vart han i 2016 tildelt Sveriges Riksbanks pris i økonomi til minne om Alfred Nobel, ofte omtalt som nobelprisen i økonomi. Han er spesielt kjent for forsking innan kontraktsteori og insentiv.

Dei fire andre forskarane som blir æresdoktorar på NHH, er Sandra E. Black,  Anna Mauranen, Bernt Øksendal og Roland T. Rust.

– Dette er fem framifrå forskarar som er viktige samarbeidspartnarar og inspirasjonskjelder for NHH, seier rektor Frøystein Gjesdal. Æresdoktorat blir tildelt basert på vitskapeleg innsats til personar som er viktige for institusjonen. 

Æresdoktorane blir offisielt utnemnt 9. juni då NHH arrangerer jubileum i samband med at det er 100 år sidan stortingsvedtaket om opprettinga av NHH.

Powered by Labrador CMS