Annonse
Det har vore forska lite på korleis dyr kan fungere som pedagogisk ressurs og velferdstilbod. No startar NMBU kurs som gir innsikt i korleis dyra på garden kan brukast helsefremjande. (Illustrasjonsfoto: Kelly MacDonald / Shutterstock / NTB scanpix)

Gir kurs i korleis kontakt med dyr kan brukast helsefremjande

Publisert

Dei fleste barn liker kontakt og aktivitetar med dyr, enten det er husdyr eller kjæledyr. Likevel har det vore forska lite på korleis dyr kan fungere som pedagogisk ressurs og velferdstilbod.

No startar NMBU ved Institutt for folkehelsevitskap eit vidareutdanningskurs som gir innsikt i korleis dyra på garden kan brukast helsefremjande.

Kurset er for gardbrukarar som har eller ønskjer å tilby velferdstenester med dyr på garden sin. Andre målgrupper er lærarar og helse- og omsorgsarbeidarar som vil jobbe med dyr og menneske.

Forskar Ingeborg Pedersen er emneansvarleg og initiativtakar til kurset.

– Vi ser eit behov for meir kunnskap om korleis dyra kan brukast som helsefremjande tiltak for menneske. Og vi ønskjer å bidra til at gardbrukarane blir trygge på kva dei kan formidle, og på korleis dei kan legge opp tilbodet, fortel Pedersen.

Les meir på nettsidane til Forskningsdagene 2018.

Powered by Labrador CMS