Ein notis frå Nord universitet - les mer.

Næringsminister Iselin Nybø og rektor Hanne Solheim Hansen saman med studentane Ingelin Karlsvik (bak til venstre), Sandra Eriksen, Benjamin Thorsen og Stian Mikalsen.

150 nye studenthyblar i Levanger

Nord universitet sin campus i Levanger blir gjerne kalla den flottaste campus øst for California. No har campusen, som ligg like ved den idylliske Trondheimsfjorden, også fått nye og topp moderne studentbustadar – berre eit steinkast frå førelesingssalane.

– Det er både lyst, triveleg og heilt nytt. Det må være stor stas å få bo her, det er eg heilt sikker på. Ein rimeleg stad å bu er eit viktig verkemiddel for å sikre at flest mogleg har moglegheit til å ta høgre utdanning. Det er derfor vi satsar så mykje på studentbustadar, sa næringsminister Iselin Nybø da ho stod for den offisielle opninga av Røstad Studentboliger denne veka.

Røstad studentboliger ligg like ved Nord universitet på Røstad i Levanger. Dei 150 studentbustadane er fordelt over tre etasjar, har moderne utforming med høg standard og smarte løysningar. Halvparten av einingane delar i alt ni godt utrusta felleskjøkken, medan resten har eiget kjøkken. Bygget har kosta omlag 130 millionar kroner. Bygget er bygd i massivtre og er eit av dei første der dette er laga av norsk trevirke. Frå nærmaste togperrong er det berre eit par hundre meter til dei nye bustadane. Sjølve universitetscampusen er nærmaste nabo, i likskap med Trønderhallen med idrettshall, treningssenter, klatrevegg og symjebasseng.

Les meir om campus i Levanger på nettsidene til Nord universitet

Powered by Labrador CMS