Annonse

Ny studie viser lovande behandling for svangerskapsforgifting

Svenske forskarar meiner dei er på god på veg til å finne ei behandling mot svangerskapsforgifting. Men norsk professor er skeptisk.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Svangerskapsforgifting tar eitt kvinneliv kvart tredje minutt. (Foto: Colourbox)

I samarbeid med NRK Viten


 

Svangerskapsforgiftning (preeklampsi)

  • En tilstand der den gravide, på grunn av sykdom i morkaken, får forhøyet blodtrykk og proteiner i urinen.
     
  • Kan gi symptomer fra de fleste av kroppens organer, men den gravide kan også være helt uten plager.
     
  • De vanligste plagene er hodepine, øyesymptomer, kvalme, magesmerter eller hevelser i beina.
     
  • Kan oppstå etter uke 20 i svangerskapet, men vanligere nærmere termin.
     
  • Seks til åtte ganger vanligere hos førstegangsgravide enn blant kvinner som har født før.
     
  • Fødsel er eneste form for «behandling».

Kilde: Norsk helseinformatikk

I ein studie har svenske forskarar lukkast i å behandle drektige sauar for svangerskapsforgifting.

Forsøket viser at forskarar kan vere på veg til å finne eit botemiddel mot sjukdommen som tar eitt kvinneliv kvart tredje minutt verda over. Dette skriv Svenska Dagbladet.

Svangerskapsforgifting er den vanlegaste årsaka til at kvinner dør under svangerskap i Noreg, sjølv om dødsfall er sjeldan.

I den tredje verda kjem mange færre til lege i rett tid, tar sjukdommen fleire liv. Det er enno ikkje forstått nøyaktig korleis eller kvifor sjukdommen oppstår.

I studien gjorde forskarane forsøk på 15 drektige sauar som alle hadde utvikla symptom på svangerskapsforgifting, med høgt blodtrykk og skadar på blodkar og nyrer.

Av forsøksgruppa fekk halvparten fekk ein dose av eit legemiddel, mens den andre halvparten utgjorde ei kontrollgruppe.

– Hos dei sauane som fekk legemiddelet sokk blodtrykket til normale nivå, og skadane på morkakene og nyrene deira vart leka, fortel Stefan Hansson ved Biomedicinskt centrum i Lund til SvD.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS