Annonse

Denne maten kan det bli meir av i framtida

Kjøtproduksjon legg beslag på stadig større areal. – Vi må ete mat lenger ned i næringskjeda, seier Framtiden i våre hender.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Den søramerikanske planten quinoa har like stort proteininnhald som egg, og kan eigne seg for dyrking i Noreg. Det kan bli ein av plantane vi bruker meir av i framtida. (Foto: Blairingmedia, Wikimedia Commons)

I samarbeid med:


 

Kjøtforbruket aukar verda over i takt med at velstandsutvikling. Sidan kjøtproduksjon krev om lag fem gongar større areal per næringsverdi enn plantar, fører dette til eit stadig større behov for dyrka land til fôr verda over.

Dersom tap av naturleg land som savanner, grassletter og skogar, held fram med same fart som no, åtvarer FNs miljøprogram i ein rapport om at eit areal tilsvarande nesten storleiken av Brasil vil vere omdanna til dyrka land innan 2050.

For å minke presset på jordbruksareal anbefalar FNs miljøprogram blant anna eit skifte mot eit meir vegetarisk kosthald.

– Bør ete meir soya

– Det at folk et meir og meir kjøt er hovudårsaken til at verdas skogar, våtmarker og vassressursar er trua av overutnytting. I tillegg vil klimaendringar gjere det vanskelegare og mindre forutsigbart å drive jordbruk verda over, seier Arild Hermstad i Framtiden i våre hender til NRK.no.

Hermstad meiner derfor at det vil vere heilt nødvendig å dekke ein større del av proteinbehovet frå planteriket i framtida.

– Det mest opplagte er at vi bør ete meir soya direkte i staden for å sende det gjennom dyremagar. Soya inneheld mykje meir protein per vekteining enn alle kjøtslaga. Quinoa [søramerikansk kornsort] er også proteinrikt og kan dyrkast også i kalde og tørre strøk, seier han.

Arild Hermstad i Framtiden i våre hender. (Foto: FIVH)

Quinoa har eit høgt proteininnhald, på nivå med egg. Planten er også rik på vitamin og mineral, og dyrkingsforsøk med planten i Danmark og på Bioforsk Tingvoll på Nordmøre har vist lovande resultat.

– Produserer maten forbrukarane etterspør

For regjeringa er det ikkje eit mål at nordmenn skal leggje om til eit meir vegetarisk kosthald:

– Målet for norsk landbrukspolitikk er å produsere den maten forbrukarane etterspør, innanfor dei rammene vi har naturlege føresetnader for, seier landbruks- og matminister Sylvi Listhaug til NRK.no.

– I store delar av Noreg kan det berre dyrkast gras, og dersom gras skal bli menneskemat, må det nødvendigvis gå vegen gjennom drøvtyggarmagen til kua og sauen, seier Listhaug.

Ministeren minner om at berre ein tredel av landbruksarealet i Noreg kan nyttast til dyrking av matkorn.

Landbruks- og matdepartementet meiner mogleg framtidig produksjon av protein til dyrefôr frå biomasse som halm og tre frå landbruket er svært interessant.

– Dette er eit område vi følgjer tett, og som det kan vere aktuelt å bruke forskingsmiddel på i framtida, seier landbruksministeren.

Rissorten 'Golden rice' er genmodifisert til å innehalde vitamin A. (Foto: Isagani Serrano, International Rice Research Institute (IRRI), CC)

– Alt dette kan frigjere matjord både i Noreg og ute i verda til andre føremål enn husdyrfôr.

– Kjøtproduksjon grunnlag for ope landskap

– Det ville vere betre for naturen om vi la om til meir plantebasert kost. Det å redusere arealbehovet for å dekke vårt behov for karbohydrat og protein er lurt, meiner forskingsdirektør Nils Vagstad i Bioforsk.

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug. (Foto: Wikimedia commons)

Vagstad synest likevel ikkje at Noreg er verstingar i denne samanhengen, men at vi ligg omtrent midt på skalaen når det gjeld kjøtforbruk. Han minner også om at storfe og sau blant anna er grunnlaget for å halde landskapet ope mange stader i Noreg.

– Bioteknologi vil vere nødvendig

Vagstad trur at bioteknologi vil vere nødvendig for å medverke til positiv utvikling framover, sjølv om det også kan vere risikoar involvert.

– Bioteknologi er inga ny oppfinning, og dreier seg om mykje meir enn genmodifisering. Vi har i alle år tilpassa plantar og dyr sine eigenskapar til våre behov, blant anna ved å krysse kveitesortar slik at vi har fått fram kveite med høgt proteininnhald.

I dag føregår det blant anna også forsking for å få fram soyaplantar med høgare proteininnhald.

– Dagens matproduksjon hadde ikkje vore mogleg utan systematiske genetiske forbetringar av plantar og dyr, seier Vagstad.

Rissorten 'Golden rice' er genmodifisert til å innehalde vitamin A. (Foto: Isagani Serrano, International Rice Research Institute (IRRI), CC)

Vagstad viser også til moglegheitene ved genetisk modifisering, som at ein for eksempel kan lage ris som er modifisert til å produsere vitamin A, såkalla Golden rice.

Avgrensa tru på bioteknologi

Framtiden i våre hender har derimot avgrensa tru på kva bioteknologien kan utrette.

– Erfaring tilsieier at ein forsterkar nokre av dei problema som kjenneteiknar dagens ressursløsande jordbruk. Det viktigaste vi kan gjere for å sikre eit berekraftig jordbruk er å slutte å sjå på arbeidskraft som den knappe faktoren, men i staden la økonomiske ressursar, forsking og utvikling bli sett inn mot å utnytte dei reelt knappe ressursane: ferskvatn, areal som skogar og jordsmonn, næringsstoff og klimagassar. Ei slik omstilling vil gjere at teknologien blir utnytta på rett måte, meiner Hermstad.

– Det viktigaste spørsmålet er om vi er villige til å endre kosthaldet vårt gradvis til eit mindre ressurskrevjande kosthald, seier han.

Powered by Labrador CMS