UiO-rektor Svein Stølen og museumsdirektør Håkon Glørstad og forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) har ingen pengar i sikte til startløyving av nytt vikingtidsmuseum i revidert budsjett for 2019. (Foto: Ola Sæther)
UiO-rektor Svein Stølen og museumsdirektør Håkon Glørstad og forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) har ingen pengar i sikte til startløyving av nytt vikingtidsmuseum i revidert budsjett for 2019. (Foto: Ola Sæther)

Ingen pengar til nytt vikingtidsmuseum i revidert budsjett

Det er ikkje sett av pengar til bygging av vikingtidsmuseet i regjeringa sitt reviderte budsjett for 2019. – Skuffande, synest både UiO-rektor Svein Stølen og direktør Håkon Glørstad ved Kulturhistorisk museum, UiO.

Publisert

Klokka 10.00 i dag presenterte finansminister Siv Jensen innhaldet i revidert budsjett for 2019. Og det er ikkje sett av pengar til oppstart av bygginga av det planlagde vikingtidsmuseet på Bygdøy.

– Eg er skufffa, seier direktør Håkon Glørstad ved Kulturhistorisk museum, UiO til Uniforum. Men han har ikkje gitt heilt opp at det vil koma ei løyving til dette museumsprosjektet.

– No håpar eg at det kjem ei løyving til vikingtidsmuseet i forslaget til statsbudsjett for 2020. Om det ikkje gjer det, har ikkje regjeringa halde lovnaden sin frå Granavolden, konstaterer han.

– Skuffa og overraska

Det blei altså ikkje noka startløvying til vikingtidsmuseum på Bygdøy i revidert budsjett. For UiO-rektor Svein Stølen var det uventa.

– Me er skufffa og overraska for me har vore svært tydelege på kor dårleg tilstand vikingskipa er i. Den einaste løysinga på dette er at dei får tilhald i eit nytt vikingtidsmuseum, understrekar han.

Svein Stølen minner om at dette ikkje berre handlar om ei pengeløyving til Universitetet i Oslo. – Nei, det er tale om ein verdsarv som UiO er sett til å forvalta på vegner av det norske folket, slår han fast.

– Kva vil Universitetet i Oslo gjera no etter at startløyvinga likevel ikkje kom på plass?

–No må me jobba steinhardt for å få det inn på neste forslag til statsbudsjett. Det er heilt naudsynt.

– Og korleis vil de gjera det?

– Då må me jobba tett med Kunnskapsdepartementet, og halda fram med det gjennom andre politiske prosessar. No håpar eg også Oslo-benken på Stortinget vil jobba for å få dette på plass. Men dette er ei så viktig sak at eg er overraska om ikkje alle partia på Stortinget vil arbeida for dette., trur han.

– Me søv ikkje godt før vikingskipa er sikra

Svein Stølen viser også til døme på kor viktig kulturminne er for land i verda.–Sjå kva som skjedde då nasjonalmuseet i Brasil brann ned og dei store skadene på Notre Dame i Paris etter brannen i den verdsberømte katedralen. Det er døme på kor mykje slike kulturminne har å seia for ein nasjon folket i landet, konstaterer han.

– Me søv ikkje godt før me ser vikingskipa er sikra for etterkomarane vår. Eg håpar mine barn sine barn og komande generasjonar får oppleva desse skipa i god tilstand, understrekar UiO-rektoren.

Lovnaden frå Granavolden

Det var på Granavolden på Hadeland Erna Solbergs trepartiregjering blei ei firepartiregjering etter at Kristeleg Folkeparti også blei ein del av regjeringslaget til Erna Solberg. Og det var i regjeringsplattforma frå Granavolden dei fire regjeringspartia lova å koma med ei startløyving til bygging av nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy.

Partiet Venstre både tok og fekk æra for den avgjerda, og forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø drog dagen etter til Vikingskipshuset på Bygdøy og feira avgjerda med ei lita markering på museet saman med museumsdirektør Håkon Glørstad og UiO-rektor Svein Stølen.

Neste sjanse i statsbudsjettet for 2020

I dag tyder alt på at dei tok den feiringa litt for tidleg. Varselet frå museumdirektør Håkon Glørstad og ekspertane på museet om at det hastar å få nok pengar til å setja i stand vikingskipa og dei andre gjenstandane i Vikingskipshuset, ser ikkje ut til å ha gjort nok inntrykk på finansminister Siv Jensen og resten av regjeringa.

Neste sjanse til å få ei startløyving blir altså i forslaget til statsbudsjett for 2020. Det blir lagt fram i oktober.

Denne saken ble først publisert i Uniforum.