Alan Turing blir spilt av Benedict Cumberbatch i "The Imitation Game". (Foto: The Weinstein Company/ SF Norge)

Kronikk: Gåta Alan Turing

Filmen om Alan Turing tek seg dessverre stor fridom i høve boka den er basert på. For stor i ein del tilfelle.

Filmen «The Imitation Game» har ført til fornya interesse for Alan Turing, den viktige matematikaren og ein av fedrene til datamaskina.

Turing fekk, som mange homoseksuelle på den tida, ei stygg behandling av styresmaktene, og det trass i at han gjorde veldig viktig arbeid for dei allierte under krigen.

Først julafta 2013 underteikna dronning Elisabeth II den offentlege orsakinga og den vart ikkje kunngjort offisielt før i august i fjor.

Filmen er basert på den omfattande og grundige biografien «Alan Turing – The Enigma» av Andrew Hodges, sjølv matematikar. Men dessverre tek den seg stor fridom i høve boka den er basert på, for stor i ein del tilfelle. Den gjer heller ikkje noko for å retta opp feilaktige myter om mannen.

Viktig arbeid som 24-åring

Alt som 24-åring la Alan Turing fram sitt kanskje viktigaste arbeid med den vitskaplege artikkelen «On Computable Numbers». Artikkelen var eit innspel til den tyske matematikaren David Hilbert sine tre sentrale spørsmål/påstandar om matematikken som fullstendig, konsistent og bestemmeleg (decidable, det såkalla Entscheidungs-problemet).

Dette var påstandar som, dersom dei var korrekte, ville «gi svaret på alle matematiske problem, ein gang for alle».

Universell maskin

Men den tsjekkiske matematikaren Kurt Gödel viste at dei to første påstandane ikkje heldt, og dermed var ikkje matematikken løyst. Det var eit enormt slag, ikkje berre for Hilbert, men for matematikken generelt på slutten av 1920-åra.

Den siste påstanden, Endtscheidungs-problemet som enkelt sagt var at alle matematiske spørsmål har ein algoritme som kan gi svar på spørsmålet, vart tilbakevist av Alan Turing i den nemnde artikkelen. Der konstruerte Turing det han kalla ei universell maskin.

 Det var i realiteten den første beskrivelsen av ei moderne datamaskin. Seinare vart denne ofte kalla ei Turing Machine. Som så ofte, var Alan Turing langt føre si tid, og det var svært få som forstod poenget med den universelle (data-)maskina. Medan Turing sitt viktigaste arbeid var å visa kva datamaskiner ikkje kan, arbeidde han resten av livet med å visa kva dei kan.

Enigma og kryptering

Då siste verdskrigen braut ut, kom Alan Turing meir til sin rett då han og fleire andre vart henta frå King’s College for å hjelpa til i arbeidet med å knekkja dei krypterte meldingane frå tyskarane. Han fekk her brukt kombinasjonen av formidable abstrakte matematiske evner og praktisk ingeniør-sans. Resultatet vart ei elektro-mekanisk maskin som klarte å avsløra dei tyske meldingane, eit arbeid som hadde stor betydning for utviklinga dei første to til tre åra av krigen og særleg meldingar til den tyske marinen.

Her må det også leggjast til at polakkane gjorde eit viktig arbeid som engelskmennene kunne byggja vidare på. Polakkane bygde den første bomba, ei elektro-mekanisk maskin for å identifisera mulege rotorposisjonar for Enigma-meldingar.

Når filmen framstiller Turing-bombene som universelle maskiner, er det feil, dei var det motsette av det; nemleg høgt spesialerte maskiner som berre hadde ei oppgåve. Men akkurat slike unøyaktige ting må kunna aksepterast i ein film.

Turing og spionasje

Langt verre er innslaget om sovjetisk spionasje og ein Alan Turing som blir pressa til å teia stille, av frykt for å bli avslørt som homoseksuell. Det er rett og slett berre oppspinn; det var aldri snakk om spionasje for Sovjet ved Turings gruppe, og påstanden insinuerer eigentleg at Alan Turing var ein «forrædar» og ein feiging. Det er langt over grensa av for «kunstnarleg fridom»; eit slags uangripeleg skjold regissørar er raske med å trekkja fram.

Av fleire feilaktige innslag er utviklinga av eit sannsynlegheitsbasert system for  å avgjera kva meldingar som trygt kunne sendast vidare. Det korrekte er at Alan Turing utvikla eit system basert på bayesisk sannsynlegheit for å forbetra «gjetting» av ord og dermed forbetra Turing-bombene.

Heller ikkje framstillinga av Joan Clarke, som har ei sentral rolle i filmen, er korrekt. Joan Clarke var matematikar og vart rekruttert frå King’s College på same måte som Turing. Ikkje noko kryssord inne i biletet. Alan Turing var forlova med Joan Clarke, men brotet skjedde ikkje på den usle måten filmen framstiller; han sende ho eit utdrag frå eit Oscar Wilde-dikt og sa han var homoseksuell.

Datamaskiner eller glorifiserte kalkulatorar?

Etter krigen var Alan Turing involvert i konstruksjonen av den første reelle datamaskina i England, ACE. Igjen var idéane hans langt føre andre og det skapte problem. Turing var veldig oppteken av at maskina måtte konstruerast som ei universell maskin, og her var skiljet mellom instruksjonar (i dag kallar me det program) og maskinvare viktig. Maskinvara skulle vera så generell som muleg, og så var det instruksjonane som skulle avgjera kva maskina skulle utføra.

 Dette hadde dei andre i prosjektet vanskar med å forstå, og det hjelpte ikkje akkurat at Turing ikkje spesielt god til å kommunisera, for å seia det mildt. Resultatet vart at han vart meir og meir skyvd ut av prosjektet.

Dei første datamaskinene konstruerte rett etter siste verdskrig, var meir «glorifiserte kalkulatorar» enn universelle datamaskiner. Det vanlege var å byggja inn støtte for ulike aritmetiske operasjonar direkte i maskinvara. Og dei fleste tenkte kun «aritmetikk» når dei tenkte datamaskiner.

Alan Turing forstod det viktige skilje mellom programvare og maskinvare, og var snublande nær å konstruera det første programmeringsspråket. Han hadde alt som skulle til, det var på mange måtar berre å systematisera og skriva ned. Av ulike grunnar skjedde ikkje det, og det vart ei forsømt mulegheit.

Opphav til fagfeltet kunstig intelligens

Heile livet var Alan Turing oppteken av biologi og særleg korleis hjernen fungerer. Han meinte at den opererer som ei «discrete machine» og at den dermed kunne imiterast av ei datamaskin. Han meinte fullt og fast at datamaskiner ein dag ville bli intelligente i den forstand at det ikkje ville bli muleg å skilja ei datamaskin frå eit menneske.

Han utvikla den såkalla «Turing-testen» for dette føremålet. Det var radikale idéar på hans tid og dei er framleis ganske radikale, sjølv om utviklinga innan datamaskiner har gått veldig langt sidan pionértida på 1940-talet.

Science, sex, and simplicity

I 1952 vart han tiltalt for usedeleg framferd etter at det kom fram at han hadde hatt seksuell omgang med ein annan mann. Alan Turing var homoseksuell, noko han ikkje la skjul på og som han heller ikkje skamma seg over. Han var på mange måtar langt føre si tid også på det området og såg det som absurd at han skulle straffast for dette.

Men dette var i 1952 og haldningane i England og dei fleste andre stader til homofili var ganske annleis enn i dag. Han vart dømd og fekk valet mellom fengsel eller «kjemo-terapi». Han valde det siste og vart behandla med østrogen eit års tid.

Også her tek filmen seg fridom frå fakta og blandar inn sovjetisk spionasje. Det som faktisk skjedde, var at Alan Turing melde frå om eit innbrot, men at han seinare endra forklaring for å dekkja over at han hadde hatt besøk av ein mannleg partnar. Då vart politiet straks meir interessert i ei muleg sedelegheitssak enn i innbrotet.

Overraskande sjølvmord

Sjølvmordet 7. juni 1954 kom likevel som eit sjokk på alle. Det var meir enn to år sidan rettsaka, over eit år sidan han avslutta østrogen-behandlinga og han hadde også fått ein bortimot fast jobb med universitetet i Manchester, i ei svært fri stilling som den eksentriske professoren han var.

Det heiter seg at han tok ein bit av eit eple forgifta med cyanid. Dødsårsaka var cyanidforgifting, og på nattbordet låg eit halvete eple, men merkeleg nok vart eplet aldri undersøkt (!), så det kan ikkje slåast fast heilt sikkert at døden kom etter Snøkvit-metoden.

Powered by Labrador CMS