Annonse
Analysane frå klasserommet viser at læraren si rolle som rettleiar i mange tilfelle er kritisk viktig for elevane si læring. (Illustrasjonsfoto: Tyler Olson/Shutterstock/NTB scanpix.)

Krevjande å kombinere lærebøker og digitale læremiddel

Nye, digitale læremiddel gir variasjon og motivasjon i undervisninga, men er krevjande for både lærar og elev.

Publisert

I samarbeid med forskningsmagasinet Apollon

Om Ark&App

Forskingsprosjektet Ark&App viser både korleis skuleeigarar, leiarar og lærarar vel læremiddel – og kva desse har å seie for læring, elevane sitt engasjement og undervisninga.

Prosjektet har undersøkt ulike former for undervisning og læremiddel i faga samfunnsfag, engelsk, naturfag og matematikk.

Leiar for prosjektet er Øystein Gilje, og leiar for styringsgruppa i prosjektet er Sten Ludvigsen, som også leidde arbeidet med Fremtidens skole (NOU).

Utdanningsdirektoratet er oppdragsgjevar.

Det kjem fram av Ark&App, ein ny, omfattande studie som har sett på kva slags læremiddel som blir brukte i norske skular, korleis dei vert brukte og kva dei vert nytta til.  

– Vi ønskte å finne ut korleis skuleeigarar, leiarar og lærarar vel læremiddel – og kva dette har å seie for læring, elevane sitt engasjement og undervisninga.

– Vi håpar denne kunnskapen kan hjelpe oss å forstå korleis elevar lærer i ein meir kompleks skulekvardag, der både konvensjonelle former for undervisning og nye, digitale løysingar blir tatt i bruk, seier Øystein Gilje, prosjektleiar i Ark&App og førsteamanuensis ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking på Universitetet i Oslo.

Rettleiarrollen viktigare

– Digitale læremiddel er i grunnskulen berre ein liten del av dei ressursane elevane brukar i sine læringsprosessar, slår Øystein Gilje fast. (Foto: UiO.)

I 12 casestudiar og tre nasjonale spørjeundersøkingar over tre år har prosjektet undersøkt ulike former for undervisning og læremiddel i faga samfunnsfag, engelsk, naturfag og matematikk. Både i grunnskulen, ungdomsskulen og vidaregåande.

Eitt av resultata viser at elevane ofte brukar mange kjelder, både papirbaserte og digitale, for å løyse oppgåver i grupper eller individuelt. Det er ei større utfordring å lese fleire tekstar, der eleven må stille saman informasjon frå ulike kjelder, for eksempel frå Internett, enn å hente alt frå læreboka.

– Det å bruke tekstar om det same temaet henta frå ulike kjelder og som kjem med informasjon som kan vere motstridande, kan vere svært krevjande for mange elevar.

– Særleg syner studiane våre at arbeid med digitale kjelder krev at læraren rettleier både i sjølve temaet, oppgåvesjanger og ikkje minst korleis elevane skal bruke dei digitale verktøya. Det at elevane må handtere alt dette, er svært utfordrande for elevane. Det skaper også ei ny rolle for læraren, seier Gilje.

Med fleire kjelder som har ulik informasjon, må læraren førebu seg mykje meir og strukturere undervisninga på ein annan måte.

Med nye, digitale læremiddel blir ikkje læraren si rolle i klasserommet mindre viktig. Analysane frå klasserommet viser at læraren si rolle som rettleiar står fram som meir kompleks, og i mange tilfelle kritisk viktig for elevane si læring, legg Gilje til.

Spel skaper motivasjon

Men digitale nysatsingar i klasserommet har også sine fordelar. For det er nettopp varierte arbeidsoppgåver som gir gode resultat og motivasjon hjå elevane.

– Ja, det er utfordrande for lærarane, og det krev mykje ressursar å setje seg inn i nye læremiddel, men meistrar dei å kombinere lærebøker og nye, kreative læremiddel og ressursar for læring, er utsiktene mykje større for motivasjon og læring hjå eleven, seier Gilje.

I matematikktimane blei det til dømes brukt mykje tid på spel, noko som skapte stort engasjement blant elevane og meir samarbeid mellom elevane som jobba i grupper.

– Det er særleg konkurranseelementet i dataspel som skaper engasjementet. På både barne- og ungdomstrinnet arbeidde elevane med to ulike spel, og dei med sterkast konkurranseelement gav mest engasjement.

Engasjementet bidreg gjerne til at elevane opplever innhaldet og representasjonane i spelet som meir meiningsfullt og motiverande, noko som er ein føresetnad for å lære. Gilje sår likevel tvil om eit slikt engasjement i alle tilfelle fører til at elevane lærer meir og betre.

– I dei tre casestudiane vi gjennomførte i matematikk, og særleg på 5. og 8. trinn, der elevane brukte dataspel, har vi grunnlag for å problematisere samanhengen mellom engasjement og læring.

Analysane til forskarane viser at sambandet mellom dataspela og oppgåvene på skulen er for svak for elevane.

– Dei dataspela som premierer ei prøve-og-feile-tilnærming, gir engasjement, men fører i liten grad til at elevane lærer det dei skal. Engasjementet til elevane blir gjort om til læringsutbyte berre dersom spela gir elevane høve til å arbeide med omgrep i faga.

PowerPoint er viktig

Dei siste 15 åra har nesten alle norske klasserom fått ein prosjektor og lærarane sin eigen PC. Forskingsfunna i Ark&App viser at lærarane sin bruk av PowerPoint i mange tilfelle erstattar den undervisninga som lærebøker og tavle har gitt i over 100 år.

– PowerPoint-presentasjonar er blitt veldig vanlege og vert svært ofte nytta av lærarar, både i grunnskule, ungdomsskule og særleg i vidaregåande skule. Dette eigenproduserte læremidlet blir brukt for å strukturere timane, forenkle fagstoffet og skape engasjement. Det var særleg det at læraren la vekt på bruk av bilete og andre visuelle verkemiddel, som gjorde at elevane vart engasjerte og tok del i undervisninga, fortel Gilje.

Sluttrapporten i prosjektet, som kjem ut i desse dagar, viser likevel at det er store skilnader mellom digitale og papirbaserte læremiddel i grunnskulen og på vidaregåande skule.

– Lærarane i grunnskulen vel primært lærebøker og ser digitale læremiddel som eit supplement. Svara frå lærarane på vidaregåande kan tolkast slik at dei arbeider i ein blandingskultur der valet er meir reelt, og at papirbaserte og digitale læremiddel i fleire fag blir meir likestilte.

I samanlikninga mellom grunnskule og vidaregåande skule er det matematikk som har minst skilnad i bruk av læremiddel.

– Sjølv om lærarane videregående oppgir at dei bruker digitale læremiddel, står matematikk fram som eit papirbasert læremiddelfag med mindre innslag av digitale læremiddel og ressursar for læring samanlikna med dei andre faga vi har studert, poengterer forskaren.

Gilje meiner at lærarar og elevar kjem til å arbeide, lære og utforske kunnskap i ulike fag med hjelp av både papirbaserte og digitale læremiddel i dei neste 10–20 åra:

– Sjølv om det er vorte lagt stor vekt på digitale læremiddel og ressursar for læring i klasserommet, er det nokså tydeleg at læreboka og andre papirbaserte læremiddel kjem til å spele ei sentral rolle i undervisninga i lang tid framover. Dette er særleg fordi lærebøker og læreverk har ein struktur som kan skape god progresjon, og fordi dei er utarbeidde for å dekkje kompetansemåla i læreplanen, avsluttar Gilje.

Powered by Labrador CMS