Norske forskarar med gjennombrot i målstyrt kreftbehandling

Ein ny metode kan føre fram til ein effektiv metode for å behandle kreft med kroppens eigne immunceller.

Kreftpasientars eigne immunceller kan bli genmodifisert til å drepe kreftceller. Biletet viser ein T-lymfocytt (fargelagd) sett i elektronmikroskop. (Foto: NIAID, CC)
Kreftpasientars eigne immunceller kan bli genmodifisert til å drepe kreftceller. Biletet viser ein T-lymfocytt (fargelagd) sett i elektronmikroskop. (Foto: NIAID, CC)

Forskarar ved Universitetet i Oslo har funne ein metode som kan føre til målstyrt kreftbehandling mot fleire krefttypar.

Metoden gjer det lettare å finne dei rette gena som kan få kroppens eigne immunceller til å drepe kreftceller.

Det er professor Johanna Olweus og kollegaer ved Institutt for kreftforskning, Universitetet i Oslo, og K.G. Jebsen-senter for immunterapi mot kreft som står bak gjennombrotet saman med nederlandske forskarar.

– Det Olweus har funne ut her er at kreftceller viser fram mange markørar som kan nyttast som potensielle mål for immunceller. Det er ein svært interessant observasjon, som absolutt kan få tyding i kreftbehandling, seier professor Magne Børset ved Institutt for kreftforskning og molekylær medisin ved NTNU til NRK.no.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS