4-tråda DNA funne i menneskeceller
Flokete DNA-struktur kan spele ei rolle i kreft, trur forskarar bak funnet.
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Arvestoffet vårt, DNA, er vanlegvis ordna som to trådar som er bunde til kvarandre slik at molekylet ser ut som ein stige med trinn. I alle fall er det dette vi lærer på skulen, men arvestoffet vårt kan også danne andre former.
No har forskarar ved University of Cambridge funne ein særeigen firetrådars DNA-struktur i menneskelege celler for første gong.
Forma ser ut til å vere meir vanleg i kreftceller, noko som på sikt kan føre forskarane på sporet av nye måtar å stoppe kreft på.
_____________________