Dan Olweus, UiB-rektor Dag Rune Olsen og UiB-prorektor Margareth Hagen frå utdelinga i dag. (Foto: Thor Brødreskift)

Dan Olweus vinner Christieprisen 2018

– Ein endrar ikkje skulen over natta, seier mobbeforskningens gudfar. Hans nye analyser viser at minst 10 000 elever i norsk grunnskule er utsett for grov mobbing.

Dan Olweus er ei ruvande skikkelse innan mobbefeltet. Han har vore tilknytta Universitetet i Bergen i meir enn 40 år som professor. No arbeider han frå heimekontor, men er til trass for sine 87 år i full aktivitet, og seier han framleis har mange uskrivne artiklar på planen.

I 1973 gjennomførte han den første vitskaplege undersøkinga i verda på mobbing, som resulterte i boka «Hakkekyllinger og skolebøller», seinare som professor i Bergen gjorde han den første systematiske intervensjonsstudien på mobbing frå 1983-1985. Det vart starten på eit fagfelt, det som skulle bli Olweusprogrammet, og ei lang karriere innan mobbeforskning:

– Eg hadde ikkje aninga om korleis dette skulle utvikle seg – i lang tid arbeidde eg så godt som åleine internasjonalt. Først på 90-talet kom ein engelsk, og så en australsk, forskar som ville gjere det vi gjorde i Bergen på 80-talet.

Sidan den gongen har mobbeforskinga vokst og vokst. Spesielt tok det av på tidleg 2000-tal, seier Olweus, og nemner at det frå 2010 og utover har det vore meir enn 5000 artiklar i vitskaplege journalar om emnet. Og forskinga gir eit nok så eintydig bilete.

Om Dan Olweus:

  • Født i 1931, i Nässjö, Sverige
  • Tok doktorgrad på aggressiv atferd blant unge gutter, «Prediction of Aggression», ved Umeå universitet i 1969
  • Blei professor ved Universitetet i Bergen i 1970, og forskningsprofessor 1996-2001
  • Gjorde det første forskningsprosjektet på mobbing i verden på 800 skolegutter i Stor-Stockholm  1970-1973
  • Startet den første systematiske intervensjonsstudien på mobbing i Bergen, 1983-1985
  • Ledet Olweus-gruppen mot mobbing ved HEMIL-senteret, UiB, frå 2001-2010
  • Presenterte forskinga si for FNs Special Unit on Violence against Children i 2016
  • Har vunne ei rekke nasjonale og internasjonale prisar for arbeidet sitt, herunder to priser for «Distinguished Contributions» fra det amerikanske psykologforbundet, APA, 2011 og 2012
  • Olweusprogrammet er innført på et stort antall skoler i blant annet Norge, USA, Sverige, Island og Litauen; med pilotprosjekt gående i Mexico, Brasil, Tyskland.
  • Er den internasjonalt mest siterte forskeren innen psykologi og pedagogikk i Norden
Powered by Labrador CMS