Biletet til venstre viser eit sunt korallrev ved Heron Island, mens den høgre sida viser eit øydelagt rev utanfor Townsville. Begge korallreva utgjer ein del av The Great Barrier Reef. (Foto: Ove Hoegh-Guldberg, Global Change Institute at the University of Queensland)

Tida renn ut for havets regnskogar

Sjølv ved ein klimaavtale i Paris kan det vere for seint for verdas korallrev, meiner forskarar.

Publisert

I samarbeid med NRK

Viss ein skal berge verdas korallrev må ein få på plass ein meir drastisk reduksjonsplan for CO₂-utslepp. Det meiner leiande geokjemikarar, som no er samla på eit møte i Praha.

Sjølv med ei svært vellukka klimaavtale Paris vil nemleg oppvarminga av havet og havforsuringa halde fram resten av dette hundreåret.

Korallrev husar eit stort biologisk mangfald av dyre- og fiskeartar, og er derfor svært viktig for fiskeri-industri.

– Situasjonen er svært alvorleg. Eg trur det er lite sannsynleg at korallrev slik vi kjenner dei frå midten av 1960-talet vil finnast nokon stad på denne planeten i midten av hundreåret, seier professor Peter F. Sale frå University of Windsor i Canada i ei pressemelding.

Verdas største korallrev, Great Barrier Reef, er berre eitt av mange korallrev som er trua av global oppvarming og havforsuring. (Foto: NASA)
Verdas største korallrev, Great Barrier Reef, er berre eitt av mange korallrev som er trua av global oppvarming og havforsuring. (Foto: NASA)

Heller 1- enn 2-gradersmål

Sale meiner at ei oppvarming på rundt 1 grad, ville gi reva ein god sjanse.

Forskar Johanna Järnegren i NINA. (Foto: Arnstein Staverløkk, NINA)
Forskar Johanna Järnegren i NINA. (Foto: Arnstein Staverløkk, NINA)

Men dersom ein i staden held fram med «business as usual», eller siktar mot det såkalla togradarsmålet, vil dette få svært store konsekvensar.

– Dette er ei global krise, som krev av oss at vi blir karbonfrie i løpet av dei neste 20 åra, elles vil vi oppleve temperaturar som vil utslette økosystem som korallreva, og også andre system som menneske er avhengige av, seier Professor Ove Hoegh-Guldberg, som er hovudforfattar på kapittelet om hav i den siste klimarapporten frå IPCC.

Forsuring går ekstremt raskt

Norske marinbiologar deler uroa for korallreva. Også norske kaldtvasskorallrev er tilhaldsstad for mange artar.

Jan Helge Fosså ved Havforskningsinstituttet. (Foto: Havforskningsinstituttet)
Jan Helge Fosså ved Havforskningsinstituttet. (Foto: Havforskningsinstituttet)

– Det er viktig at myndigheiter og ålmenta forstår kor mykje dette faktisk røyrer ved oss. Viss den kjemiske balansen i havet blir forstyrra meir, kan det påverke oss fundamentalt, seier Johanna Järnegren i Norsk institutt for naturforsking, NINA.

Ho fortel at den levande delen av korallreva til dels klarer å tilpasse seg havforsuring. Men størstedelen av korallreva er dødt kalkskjelett, som har ikkje noko beskyttande lag av levande vev. Dette kalklaget står i fare for å bli løyst opp og forvitre, noko som igjen kan føre til at heile revet kollapsar.

– Havforsuringsprosessen går ekstremt fort no i forhold til det vi har sett i vår geologiske historie. Vi veit også at det tar svært lang tid før situasjonen går tilbake til normalt igjen, seier Jan Helge Fosså i Havforskningsinstittutet.

Han trur at det havet vi kjem til å sjå om 50 år, ikkje er det vi har i dag.

– Brenning av hydrokarbonar bør reduserast så mykje som mogleg - og det fort, seier Fosså.