Kvifor forsvinn kvinnene, ikkje berre i dansk, men også i norsk akademia? Det har Mathias W. Nielsen undersøkt i doktoravhandlinga si. (Foto: Microstock/NTB scanpix)
Difor når så få kvinner toppen i akademia
Menn publiserer fleire vitskapelege artiklar. Men det forklarer ikkje kvifor dei dankar ut kvinnene på veg mot den akademiske toppen, viser ny doktorgradsavhandling.
Sjølv om Danmark, saman med resten med Norden, har ord på seg for å ha høg grad av likestilling mellom kjønna, er ikkje biletet like vakkert når ein ser nøyare etter.
Som i resten av Norden har talet på kvinnelege studentar eksplodert, og kvinner utgjorde over halvparten av masterstudentane allereie i 1999. Men så seint som i 2013 utgjorde kvinner framleis berre 31 prosent av førsteamanuensane og 19 prosent av professorane.
Kvifor fell kvinnene frå på vegen opp i akademia? Ifølgje Mathias Wullum Nielsen, som har undersøkt dette spørsmålet i doktorgradsarbeidet sitt, er det mange grunnar til det.
Han finn at mange ulike faktorar, som kvar for seg er små, til saman er med på å gjere akademia til ein mindre freistande karriereveg for kvinner enn for menn. Han har brukt Aarhus Universitet som hovudeksempel.
‒ Det er altså ikkje snakk om éin einskild faktor som pressar kvinnene ut av universiteta, men det som i litteraturen blir kalla cumulative disadvantages, og som eg kallar mange bekkar små, seier han.
Menn publiserer fleire artiklar
Ein av dei små bekkane Nielsen har studert, er dei tilsynelatande objektive måleinstrumenta som blir tekne i bruk i stadig større grad for å måle forskingsmerittar. Danmark har sitt eige teljekantsystem, den bibliometriske forskingsindikator (BFI), som blir brukt til å måle forskingsaktivitet og tildele midlar.
Som det norske teljekantsystemet, opererer BFI med ei nivåinndeling av publiseringskanalar. Nielsen har kombinert bibliometriske data med ei spørjeundersøking for å finne ut om, og i så fall korleis, BFI kan slå uheldig ut for kvinner.
Det viser seg at menn i det store og heile publiserer fleire artiklar enn kvinner gjer.
Men ifølgje Nielsen har etableringa av BFI forstørra dette kjønnsgapet ved at mannlege forskarar i gjennomsnitt får fleire publikasjonspoeng for sine artiklar, spesielt på postdok- og førsteamanuensis-nivå. Dette skuldast ikkje at kvinner produserer dårlegare forsking enn menn, for Nielsen fann at kvinner blir like mykje siterte som menn.
I staden er det teikn som tyder på at ulike kjønnsskeive mekanismar kan vere innebygd i systemet. For det første er kvinner underrepresenterte i komitéane som vurderer kva for publiseringskanalar som skal gjelde. For det andre har BFI ein tendens til å premiere internasjonalt samarbeid og høgt rangerte tidsskrift, noko som i gjennomsnitt gjev menn ein liten fordel.
‒ Så skilnaden i publiseringspoeng kjem ikkje av kvalitetsskilnader, men har heller noko å gjere med kva felt ein forskar på og kva tidsskrift ein publiserer i. Meir standardisering er altså ikkje nødvendigvis eit gode for likestilling, dersom standardiseringa tek utgangspunkt i eigenskapar ved ei spesiell gruppe, i dette tilfellet menn, seier han.
Tek ikkje omsyn til variasjon
Nielsen peikar på at når slike skilnader i vitskapleg produksjon oppstår tidleg i karrieren, vil dette kunne få konsekvensar for rekruttering til postdok- og førsteamanuensis-stillingar. Det er gjerne i denne fasen av livet at forskarar stiftar familie, og små skilnader i publiseringsrate i denne perioden kan dermed forplante seg vidare i karriereløpet.
I arbeidet med doktorgraden har han mellom anna intervjua instituttleiarar ved Aarhus Universitet om korleis rekruttering av vitskapleg tilsette går føre seg. Det viser seg at instituttleiarane var svært opptekne av kva kandidatane kunne vise til av publiseringar og mindre opptekne av det framtidige potensialet deira.
‒ Tilsynelatande objektive mål er ofte blinde for variasjonar i karriereutvikling, spesielt når dei blir brukte tidleg i karrieren. I tillegg blir tidsskriftrangeringar brukt mykje, spesielt innanfor naturvitskap og medisin. Det er problematisk fordi slike rangeringar ikkje seier noko om kvaliteten på den enkelte artikkelen. Derimot medverkar det til å einsrette forskinga, slik at alternative forskingstema, som kanskje kvinner i større grad står for, blir sjalta ut, illustrerer han.
Resultata gjev ifølgje Nielsen grunn til å vere kritisk til utsegn som «hjå oss rekrutterer vi berre dei beste».
Tilsett utan utlysing
Annonse
Ein annan faktor som spelar inn er at ein stor del av tilsetjingane i vitskaplege stillingar, skjer utan offentleg utlysing. For førsteamanuensis- og professorstillingar ved Aarhus Universitet har om lag 20 prosent blitt fylt utan utlysing dei siste åra. Om lag 40 prosent har hatt berre éin søkar, noko som tyder på at det har skjedd ei eller anna form for seleksjon i forkant.
Rekruttering via uformelle nettverk er kjent for å gje menn ein fordel. Nielsen viser at kvinner har klart høgare sjanse både til å søke, og til å få stillinga, når ho er offentleg utlyst.
‒ Så ideen om universitetet som ein stad der kompetanse og evner gjer grunnlag til maktfordeling og sosial statusar til dels er forfeila, for mekanismane fungerer ikkje nødvendigvis slik, seier han.
Referanse:
Mathias Wullum Nielsen. New and Persistent Gender Equality Challenges in Academia, Aarhus university, 2015.