At kvinner som migrerer til utlandet, ofrar barna sine, er er ei vanleg oppfatning i land med mykje kvinneleg migrasjon. I Ukraina blir kvinnene som dreg, ofte møtt med fordømming. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)
At kvinner som migrerer til utlandet, ofrar barna sine, er er ei vanleg oppfatning i land med mykje kvinneleg migrasjon. I Ukraina blir kvinnene som dreg, ofte møtt med fordømming. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)

Går samfunnet opp i liminga når kvinnene dreg?

Kvinnelege arbeidsutvandrarar blir skulda for å svikte sine eigne barn i heimlandet. Det er eit stigma som ikkje rammar mannlege migrantar, ifølgje forskar.

Publisert

Ukraina


 

Offisielt navn: Ukrajina
Statsform: Republikk i Europa
Areal (km²): 603 500
Innbyggertall: 45 377 581 (2014)
Innbyggere per km²: 75,2
Hovedstad: Kiev
Offisielt språk: Ukrainsk
Religion: Katolsk og ortodoks kristendom
Nasjonaldag: 24. august
Mynt: Hryvna; 100 kopijka

(Kilde: Store norske leksikon)

Dei seinaste åra har det vore ein enorm vekst i kvinnelege utvandrarar frå land som Filippinane, Russland og Ukraina, som dreg til Vest-Europa for å jobbe som hushjelper, pleiarar og barnepassarar. Kvinnene dreg ofte på grunn av økonomisk naud og arbeidsløyse, men ikkje alltid.

Moglegheita for å skaffe seg eit betre liv kan vere ein vel så viktig årsak, men dét er det ikkje stovereint å snakke om.

– Det er eit sterkt stigma knytt til kvinner som arbeider utanlands, eit stigma som mannlege arbeidsmigrantar ikkje møter, seier Fafo-forskar Guri Tyldum.

Ho har forska på korleis folk snakkar om utvandring i Ukraina. Herifrå reiser mange kvinner til Italia for å pleie eldre i private hushald.

Når bestemor dreg

I ukrainske aviser har det vore mange sensasjonsoppslag om at samfunnet går opp i liminga på grunn av fråverande mødrer: Barna går i hundane, ingen tek vare på dei eldre, ekteskap ryk og mennene som blir att, tyr til flaska.

– At kvinner som dreg til utlandet, ofrar barna sine, er gjennomgåande i forståinga av kvinnelege utvandrarar. Ein snakkar som om dette som det er småbarnsmødrer som reiser, men snittalderen på desse kvinnene er over 40 år. Ein god del av dei er faktisk bestemødrer, seier Tyldum.

Fordi kvinner jamt over får barn tidleg i Ukraina, er barna meir eller mindre vaksne når kvinnene dreg til Italia. Dei er ofte borte i fleire år av gangen og sendar pengar heim.

– Betyr det at ein påfører desse kvinnene ei skam det i praksis ikkje er grunnlag for?

– Ja, og forskinga gjer akkurat det same. Nesten all forsking på kvinnelege migrantar til Italia har eit eksplisitt fokus på desse kvinnene som mødrer.

Det finst småbarnsmødrer som dreg frå barna sine, men det er ikkje dei som utgjer den store straumen av ukrainske utvandrarar, ifølgje Tyldum. Dessutan er det tradisjon for å overlate barneomsorga til besteforeldra i Ukraina.

– Migrasjonsforskinga heng rett og slett etter i synet på kvinnelege migrantar, seier Tyldum.

Faren viktigare enn mora

Ifølgje forskaren er morsrolla mindre viktig for å forstå den kvinnelege migrasjonsstraumen til Italia, nettopp på grunn av at så mange av kvinnene som dreg ofte har vaksne barn.

– Farsrolla er derimot svært sentral for å forstå kvifor ukrainske menn dreg utanlands for å jobbe, hevdar Tyldum.

Ho peikar på at dei mannlege ukrainske utvandrarane snakkar mykje om sitt ansvar som fedrar, og det å forsøke å vere til stades som ektemann mellom arbeidsoppdraga.

– Desse mennene har ein tydeleg forsørgjar- og familieidentitet. Likevel er forskinga sjeldan opptatt av mannlege migrantar som fedrar.

Dei ukrainske mennene dreg som regel til Russland og Polen for å jobbe i byggebransjen. Dei er i større grad ute på korttidsoppdrag og pendlar mellom jobben i utlandet og heimen.

Kvinner blir alltid forstått som mødrer

Forskar Guri Tyldum ved Fafo har forska på korleis folk snakkar om kvinneleg migrasjon i Ukraina. (Foto: Fafo)
Forskar Guri Tyldum ved Fafo har forska på korleis folk snakkar om kvinneleg migrasjon i Ukraina. (Foto: Fafo)

– Når det er snakk om kvinnelege migrantar, derimot, ser vi dei i lys av morsidentiteten, uansett om det er relevant eller ikkje, seier Tyldum.

– Kvifor er det slik, trur du?

– Det reflekterer kanskje den moralske panikken som rår i land med mykje kvinneleg migrasjon. Samstundes er det litt rart, i og med at mange kvinnelege forskarar kjempar akkurat den same kampen sjølv, for fridommen til å bli definert som noko anna enn mødrer, seier Tyldum.

I studiar av mannlege arbeidsmigrantar er forskarane meir opptatt av moglegheiter og tilgang til arbeidsmarknaden enn av konsekvensane for familien som blir att.

Ei historie om å ofra seg for familien

På den eine sida blir kvinneleg migrasjon til Italia forstått som ein offerhandling. I dette perspektivet ofrar kvinnene seg sjølve for at resten av familien skal få eit betre liv.

Tanya, ei 53 år gamal dame som no har vendt tilbake til Ukraina frå Italia, fortel:

 «Han [ektemannen] hadde ikkje jobba på 14 år. Kvifor drog eg til Italia? Fordi omstenda tvang meg. Det fanst ikkje pengar. Eg var redd… usikker på framtida. Det er grunnen til at eg drog dit».

Ofte snakkar kvinnene om sorga ved å vere vekke frå familien i fleire år. Dessutan blir jobbane i seg sjølv oppfatta som degraderande og arbeidsforholda som dårlege.

– I offerforteljinga er morsrolla sentral. Det er morsrolla som tvingar dei til å forlate Ukraina. Det er ei mors plikt å setje eigne behov til side og sikre framtida til barna sine, sjølv om dette inneber audmjuking og dårlege arbeidsforhold i eit framand land, seier Tyldum.

Også ei historie om fridom

På den andre sida fortel nokre av kvinnene også ei historie om frigjering. Dei dreg fordi Italia kan tilby eit betre liv enn det dei hadde i Ukraina.

Ifølge Natalie, ei 55 år gammal kvinne, dreg unge kvinner til Italia for å finne seg ein ektemann, medan dei eldre kvinnene dreg for å kome vekk frå ein:

 «Unge kvinner dreg fordi det er interessant for dei. Nokre eldre kvinner dreg fordi dei ikkje har ein ektemann her, eller at han [ektemannen] drikk. Det er grunnen til at dei blir der. Ein mann der vil ikkje skade kona si. Ei kvinne har meir rettar enn ein mann der».

Betre i Italia enn i Ukraina?

Tyldum peikar på at det er viktig å forstå kva desse kvinnene reiser frå.

– For mange av kvinnene er arbeidssituasjonen trass alt betre i Italia enn i Ukraina, forklarer ho.

– I Ukraina har dei typisk ein mann som ikkje gjer noko anna enn å dra beina etter seg, dei har eit gardsbruk å drive, og i tillegg til sin eigen familie har dei ofte ansvar for svigerforeldra også. På toppen av dette har dei ofte ein eller to jobbar utanfor huset.

Som ein av informantane til Tyldum seier: «I Ukraina er du heldig dersom du har to timar fri på ein søndag.»

I Italia har dei derimot heile søndagen, og torsdag ettermiddag fri. Sjølv om dei resten av veka alltid må vere tilgjengelege for den gamle dei passar på, er det trass alt snakk om ein person, ikkje ein heil storfamilie.

Fridom og fordømming

Ei av kvinnene Tyldum intervjua, hadde budd og jobba i Italia i seks år, hos ei kvinne ho også vart god venninne med. Ho budde i eit fint hus ved havet, ho fekk styre den gamle sin økonomi, og fekk ha barna og barnebarna sine på besøk. Ho fortalde om kjensla av å meistre livet sitt, og ho fekk spart opp masse pengar.

Samstundes veksla ho mellom denne frigjeringsforteljinga og ei offerforteljing, om korleis ho ofra seg for familien og korleis ho vart møtt med fordømming og mangel på aksept da ho kom heim til Ukraina.

Sjølv om kvinnene kan trekke på frigjeringsforteljinga for å beskrive liva sine i Italia, er det likevel ikkje ei legitim grunngiving for at dei drog i utgangspunktet, ifølgje Tyldum.

– Så lenge premissen om at kvinner som reiser ut, ofrar barna sine er der, er det ikkje legitimt å seie at «eg gjorde det for min eigen del».

Manglar gode grunnar til å bli

Tyldum peikar på at frigjeringsforteljinga likevel ikkje er meir sann enn offerforteljinga.

– Det er ei fallgruve å tru at fordi dei ukrainske kvinnene har det hardt der dei kjem frå, er dei berre lykkelege for sjansen til å jobbe i den svarte arbeidsmarknaden i EU.

– Kvinnene reiser til ein svart arbeidsmarknad kor faren for å bli utnytta er stor. Arbeidsgivar kan ta kampen for å få legalisert arbeidet deira, men arbeidsgivar har ofte ingen interesse av det, fordi prisen på omsorgstenestene da går opp, seier Tyldum.

Ei god forståing av den kvinnelege utvandringa frå Ukraina krev at ein har minst to tankar i hovudet samtidig.

– Forteljinga om migrasjon som frigjering illustrerer at, trass i den økonomiske gevinsten, kan det vere at nokre av kvinnene ikkje ville dratt til Italia dersom dei hadde hatt betre grunner til å bli hos familien i Ukraina.

Referanse:

Tyldym: Motherhood, Agency and Sacrifice in Narrative on Female Migration for Care Work, Sociology, februar 2015, doi: 10.1177/0038038514555427.

Sammendrag

Artikkelen er ein del av doktorgraden hennar om arbeidsmigrasjon frå Ukraina.