Jenter speler også skytespel

Jenter speler nesten like mykje dataspel som gutar. Likevel ser både jenter og gutar på dataspel som ei gutegreie.

Hvert år legger tusenvis av ungdommer påskeferien til The Gathering i Vikingskipet på Hamar. 16 år gamle Lisen Søderlind fra Gjøvik var en av dem i 2011. (Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix)

Mange trur framleis at dataspel er ein mannleg aktivitet.

Nyaste rapport frå Enternainment Software Association viser derimot at 48 prosent av data- og tv-spelarar i dag er kvinner. Og den største gruppa av folk som speler aktivt er frå alderen 36 år og oppover.

Kvinner i alderen 18 år og oppover utgjer ein betydeleg del av folk som speler - totalt 36 prosent. Gutar frå 18 år og yngre utgjer til samanlikning berre 17 prosent.

‒ Sjølv om dataspel har vorte ein naturleg del av unge kvinner og menn sine liv, har forsking synt at dataspel likevel vert sterkt kopla til unge menn. Desse tala viser at det ikkje er så svart-kvitt, seier universitetslektor Silje Hole Hommedal ved Universitetet i Bergen (UiO), som i fleire år har forska på dataspel og kjønn.

Motsetnader i dataspeling

Kvinner og menn vert ofte oppfatta som motsetnader når det gjeld dataspel. Også tidlegare forsking, av blant anna Helen Jøsok Gansmo ved NTNU, har vist korleis dataspel vert laga av menn og for menn. Forventningane om kjønn er ein av dei viktigaste grunnane til at jenter og kvinner kan føle seg ekskludert i dataspel.

Slike forventningar kom også tydeleg fram i samtalane Hommedal hadde med 19 ungdommar på vidaregåande skule, 8 jenter og 11 gutar, i sitt doktorgradsprosjekt.

«Samfunnet sånn som det er i dag, så verkar det som om det er feil for jenter rett og slett, å gjera det [spela dataspel]. Det er i alle fall det inntrykket dei [jentene] har,» sa ein av gutane.

Hommedal har undersøkt korleis oppfatningar om korleis unge kvinner og menn ‘skal’ vere og oppføre seg, påverkar unge kvinner og menn sitt forhold til dataspel.

‒ I samtalane snakka vi generelt om dataspel, men hos fleire kom det fram tydelege refleksjonar om kjønn med ein gong. Skytespel, vald og mørke fargar gjekk igjen når dei beskreiv gutar. Simulasjonsspel, lite alvor og lyse, fine farger gjekk igjen hos jentespel.

Fleire av jentene og gutane uttrykte at dataspeling er ei motsetjing til 'korrekt' feminin oppførsel.

‒ Dei reknar det som litt uvanleg at jenter speler skytespel, sjølv om dei veit at det hender, seier Hommedal.

Konkurranse er for gutar

Ungdommane fekk i oppgåve å plassere bilete av ulike dataspel på ein skala frå maskulin via nøytral og til feminin, og så forklare valet.

Skyte-, action- og sportsspel som Fifa, Doom og Call of Duty blei oppfatta som maskuline av alle ungdommane. Fleirtalet nemnde òg spel som World of Warcraft og Gran Turismo. Simulasjonsspelet The Sims blei satt som feminint av omtrent alle.

- Konkurranseelementet er sentralt her – både for kva spel som er mest maskuline og kva som skil jenter og gutar, seier Hommedal.

The Sims er gjerne ikkje oppfatta som eit tydelig konkurransespel. Ein gjer som ein vil og har ikkje eit spesielt mål. Derfor blir spelet assosiert med jenter.

‒ Ungdommane forventar at konkurranse er maskulint. Dei brukte det som ei forklaring, sjølv om det jo eigentleg ikkje er noko som burde tilseie at jenter ikkje liker konkurranse. Dei speler jo òg for å vinne, meiner Hommedal.

Kvinner i alderen 18 år og oppover utgjer 36 prosent av folk som speler aktivt. (Foto: Gorm Kallestad / Scanpix)

Tøyer grensene

Hommedal grupperte jentene og gutane ut frå korleis dei brukar dataspel i konstruksjonen av identitet.

Nokre jenter var såkalla gamer-jenter. Ein «gamer» er ein person som bruker mykje av fritida på dataspel. Desse jentene fremjer aktivt ein slik identitet og spelar fleire typar spel. På denne måten er dei med og utfordrar dei kjønna oppfatningane om jenter og dataspel.

Andre jenter spelte ein del, var meir bevisste på at dei var jenter og likte å sjokkere andre med å fortelje at dei speler – også såkalla gutespel.

‒ Den tredje gruppa liker ikkje skytespel og definerer dette som for gutar. Men dei spelar andre dataspel, og er dermed med på å endre den dominerande oppfatninga om at dataspel berre er for gutar.

Blant gutane meinte fleirtalet at dataspel er ei gute-greie. Dei ser ein naturleg samanheng mellom gutar og dataspel, særlig skytespel. Jenter speler simulasjonsspel og småspel, meiner dei.

«Dataspel, eg tykkjer det er veldig, veldig bra, eg tykkjer det er fantastisk. Eg veit ikkje kvifor eg meiner det, det er vel fordi eg er gut,» forklarar ein av gutane i intervjuet.

‒ Fleire gutar bruker den 'naturlege' forklaringa for å vise deira forhold til dataspel, seier Hommedal.

To av gutane var klar over at dataspel vart oppfatta som maskulint, men syntest det var feil med slike stereotypar.

‒ Ungdommane er bevisste på dette ikkje berre handlar om biologi, men at jenter blir oppdratt til å like prinsesser og gutar skal like piratar og slikt. Sjølv tøyer dei grensene for kva som er forventa, fortel forskaren.

Jenter blir usynlege

Det var si eiga interesse for dataspel som låg til grunn for Silje Hommedal si avhandling om kjønn og dataspel. (Foto: Jan Kåre Wilhelmsen/UiB)

‒ Begge kjønna er opptekne av å verte oppfatta som jenter og gutar. Jentene bruker uttrykket «gutejente» for å markere seg som annleis frå andre jenter, og ser ingen problem med å spele skytespel, seier Hommedal.

At gutar speler jentespel vart derimot ikkje heilt akseptert.

Ungdommane meinte det var litt urettferdig at jenter kunne spele det dei ville, medan gutar vert sett rart på om dei speler såkalla rosa spel.

Oppfatninga har vore at jenter og kvinner liker best sosiale fritidsaktivitetar, og dataspeling vert ikkje oppfatta som særleg sosialt. Det har vore med på å gje dataspel eit maskulint forteikn. 

‒ Dei dominerande oppfatningane er framleis med på å forsterka usynleggjeringa av unge kvinner og dataspel og at spel er maskulint. Menn blir dei synlege som spelar aktivt, og fokuset på jenter blir borte, meiner Hommedal.

Ho meiner noko av problemet er at dei såkalla feminine spela ikkje vert rekna som skikkelege dataspel, noko som igjen bidrar til å gjere unge kvinner usynlege.

‒ Også desse spela, som småspel og simulasjonsspel, bør få status som spel.

Aktiv dataspelar sjølv

Hommedal er sjølv aktiv dataspelar, og definerer seg sjølv i kategorien «jentete jenter som spelar». Ho slutta å spele i tenåra, men byrja igjen då ho var 24 år.

‒ Trass i at vi framleis må jobbe meir for at jenter si dataspeling blir legitimert, meiner eg det har skjedd mykje i folk sine oppfatningar frå då eg sjølv var ung. Eg møtte mine eigne stereotype oppfatningar då eg rekrutterte informantar. Eg trudde det ville bli vanskelegare å finne nok jenter enn kva det synte seg å vera.

Det har blitt lite speling dei siste månadane, for å få doktoravhandlinga ferdig.

‒ Når eg har tid, kan eg lett spele 40-50 timer i veka. Eg har spelt World of Warcraft sidan 2007 og likar å utforske nye ting. Eg har ein mistanke om at eg har ein ny periode med mykje dataspel framføre meg, smiler Hommedal.

Powered by Labrador CMS