I vestlege land blir feminisme og sharia-lov ofte sett på som motsetningar som vanskeleg lèt seg sameine. Feminismen handlar om kampen for kvinnefrigjering, medan sharia – tradisjonell islamsk lov – blir forbunde med konservative kjønnsroller og kvinneundertrykking.
Kvinneaktivistar i Iran ser derimot annleis på saka. Dei kjempar for eit lovverk som tek omsyn til både sharia-lov og kvinnerettar. Det kjem fram i den nye boka Family Law in Contemporary Iran, av religionsvetar Marianne Bøe ved Universitetet i Bergen.
‒ Det finst likevel ikkje ei einskapleg forståing av islamsk feminisme, men eit lappeteppe av idear, hevdar ho.
Religiøst motivert feminisme
Bøe har studert iranske kvinneaktivistar sine syn på forslaget til ny familielov frå 2007 til 2012. Gjennom ulike alliansar med både politikarar og religiøse lærde, har dei bidratt til å trenere og revidere lovforslaget. Enno har ingen ny lov blitt vedtatt.
Både dei aktivistane som var for lovforslaget, og dei som var imot, argumenterte med utgangspunkt i både religion og kvinnerettar. Forholdet mellom desse polane vitnar om ein pågåande kamp om det muslimske kvinneidealet, skriv Bøe i boka.
‒ Kvinneaktivistane forankrar argumenta sine i religionen og i iransk historie. Det fåtalet av aktivistane som avviser islam og forfektar ein sekulær feminisme har liten eller ingen legitimitet i den offentlege debatten, seier ho.
Ved å hente legitimitet frå Koranen og iransk historie forsvarer dei seg også mot skuldingar om negativ vestleg påverknad.
Det gjer at eit skilje mellom sekulær feminisme og islam ikkje gir meining for å forstå den iranske kvinnekampen.
Aktivistar blir truga og fengsla
Iran er ein sjia-islamsk republikk og islam og sharia-lov står svært sterkt. Ytringsfridomen er avgrensa, spesielt når det gjeld tema som religion og kjønn. Iranske kvinneaktivistar er blant dei som har fått kjenne det på kroppen. Mange av dei blitt truga, fengsla og har måtta flykte frå landet på grunn av meiningane sine.
Dei som tek til motmæle mot den statlege definisjonen av sharia, blir ikkje berre sett på som motstandar av den islamske republikken. Dei blir også stempla som ein fiende av Gud.
Likevel rom for familiedebatt
Sidan byrjinga av 1900-talet har det likevel vore eit visst rom for å debattere familielovgiving i offentlegheita, der ikkje berre politikarar og religiøse lærde, men også kvinneaktivistar har hatt ei stemme.
I 2007 kom dåverande president Mahmoud Ahmadinejad med eit forslag til ny familielov. Det har ikkje vore nokon einskapleg lov på dette feltet etter den islamske revolusjonen i 1979.
‒ For Ayatolla Khomeini var familielova frå 1967 uislamsk og det fremste symbolet på alt det førre vestlegorienterte regimet hadde stått for, seier Bøe.
Annonse
Før Khomeini tok makta gjennom revolusjonen i 1979, var også kvinnerørsla meir sekulært og vestleg orientert. Etter revolusjonen endra også kvinnekampen karakter.
Ei mangfaldig rørsle
Bøe har intervjua 28 kvinneaktivistar, både i kvinneorganisasjonar og statlege organ, så vel som enkeltaktivistar. Av yrke er dei professorar, journalistar, advokatar, statstilsette og studentar. To av aktivistane er menn.
Ho identifiserte tre posisjonar blant aktivistane: avvisande, revisjonistar og lojalistar. Det gjer ho ut frå korleis dei stiller seg til sharia og kva slags plass religionen har i argumentasjonen deira.
‒ Dei avvisande avviser religionen heilt og argumenterer ut frå sekulære kjelder, til dømes vestlege feministiske tenkjarar og FNs kvinnekonvensjon. Revisjonistane argumenterer ut frå rettslege prinsipp innan sharia, men tolkar dei i lys av dagens situasjon i Iran, fortel Bøe.
Den internasjonalt hylla, men nasjonalt fordømde, nobelprisvinnaren Shirin Ebadi, høyrer til blant desse.
Aktivistane som Bøe har klassifisert som lojalistar jobbar tett opp mot dei statlege definisjonane av sharia, ofte innanfor statsapparatet. Dei meiner at alle lover skal ha basis i islam, og at eventuelle endringar må innførast gradvis.
‒ Til no har den revisjonistiske strategien hatt mest påverknad. Det at revisjonistane viser til religionen og iransk historie gir argumenta deira autoritet, seier Bøe.
Det er likevel dei lojalistiske kvinneaktivistane som har mest påverknad i dagens Iran.
Religiøst velsigna prostitusjon?
Eitt av stridstemaa i forslaget til ny familielov har vore tilgangen på såkalla mellombelse ekteskap.
Annonse
Det inneber at iranske menn kan inngå mellombelse ekteskap for ein time, ei natt eller nokre månader. Slik kan dei ha forhold utanom det permanente ekteskapet utan å forbyte seg mot religionen, i eit land der sex utanfor ekteskapet potensialt kan straffast med døden.
I utkastet til familielov føreslo styresmaktene å gjere det enda lettare for menn å gifte seg mellombels. Siktemålet var å hindre sex utanfor ekteskapet og dermed avgrense skilsmisser og få ned talet på kvinner som ikkje giftar seg.
Kvinneaktivistane var delte i synet på lovforslaget:
‒ Somme av aktivistane ser på dei mellombelse ekteskapa som ei religiøst akseptert form for prostitusjon, sterkt knytt til skam og økonomisk naud hos kvinnene. Andre aktivistar peiker på at det mellombelse ekteskapet også fungerer som ei form for prøveekteskap eller sambuarskap, fordi det ikkje finst andre moglegheiter for menn og kvinner til å bli kjent på og bu saman før ekteskapet i Iran, seier Bøe.
Striden om medgifta
Ei anna heit potet i familielovdebatten er spørsmålet om medgift, ein formue som kvinna får av slekta eller familien til ektemannen når dei giftar seg. I Iran, så vel som i mange andre muslimske land, har medgifta auka kraftig dei siste åra. Summane som blir nedfelt i ekteskapskontrakten kan vere så høge at mannen aldri vil vere i stand til å utbetale ho.
‒ Nokre av kvinneaktivistane meinte at medgifta bør halde fram, fordi ho trass alt er eigedommen og den økonomiske tryggleiken til kvinna og gir ho betre kort på handa i samband med samlivsbrot. Dei meinte at ein enten burde betre skilsmisserettane eller halde på medgifta, seier Bøe.
I utkastet til ny familielov føreslo styresmaktene ein standardsum på medgifta for å bremse utviklinga. Dersom nokon krev ei høgare medgift enn standardsummen, skal mellomlegget skattleggjast.
Utfallet av diskusjonen var at lovartikkelen om medgift vart fjerna frå forslaget, og verken skattlegging eller fjerning av medgifta vart vedtatt.
‒ Kvinneaktivistane argumenterte for at det ikkje er staten si oppgåve å regulere ein religiøs praksis. Dei fekk medhald frå både politikarar og dei religiøse lærde, fortel Bøe.
Fleirkoneri
Den same blandinga av sharia og kvinnekamp pregar kvinneaktivistane i synet på fleirkoneri. Fleirkoneri er tillate i Koranen og dimed også i Iran. Spørsmålet har mellom anna dreia seg om mannen fritt kan ta seg ei kone til, eller om han skal vere plikta til å be den første kona om løyve først.
Annonse
Dei revisjonistiske aktivistane argumenterte ut frå ein mellomposisjon, ifølgje Bøe:
‒ Dei anerkjenner at fleirkoneri er greitt ifølgje Koranen. Samstundes peikar dei på at Koranen stammar frå ei anna tid, da fleirkoneri var breidd ut. I dagens Iran, så vel som gjennom historia, har monogamiet vore mest vanleg. Dei hevdar også at dette også er til det beste for samfunnet som heilskap.
Mellom anna som følgje av kvinneaktivistane sin innsats i debatten, er det framleis ikkje vedtatt nokon ny, einskapleg familielov i Iran.
Det større bildet
Bøe meiner at familielovforslaget frå 2007 må sjåast i ein større samanheng, som peikar på ei politisk dreiing i det iranske samfunnet.
Fram til 2000-talet handla familiepolitikken om å avgrense vekst i folkesetnaden. Irans politikk for familieplanlegging var retta mot den reproduktive sjølvråderetten til kvinnene og samstundes auka utdanningsnivået hos både kvinner og menn.
I år 2000 var omkring 70 prosent av studentane i landet kvinner. Prevensjon var også lett tilgjengeleg.
Politikken fungerte, og befolkningsveksten flata ut. For mykje, ifølgje dagens styresmakter. For iranarar i dag giftar seg seinare og får færre barn enn før. Det har også vore ein auke i talet på ugifte kvinner.
Tilbakeslag
‒ Forslaga om å fjerne kravet om at kona skal samtykke til fleirkoneri, å liberalisere det mellombelse ekteskapet, og få ned den høge medgifta er alle tiltak for å gjere ekteskapet meir attraktivt og snu befolkningsnedgangen, seier ho.
Nyleg kom det eit nytt lovforslag om å forby frivillig sterilisering, avgrense tilgangen på prevensjon, auke fødselspermisjonen for mor og innføre to vekers permisjon for nybakte fedrar.
I ein fersk rapport kritiserer Amnesty International dette lovforslaget for å sette kvinnerettane fleire tiår tilbake og redusere dei til fødemaskinar.
Annonse
‒ Det er også innført avgrensingar på kva for fag kvinner får lov til å studere. Til dømes er det restriksjonar for kvinner å studere kjernefysikk og ingeniørfag, fortel Bøe, som meiner denne utviklinga er urovekkande.
Irans noverande president Hassan Rouhani blir rekna som ein reformist og har blant anna vorte hylla av vestlege medium, som avisa The Guardian, for å ha fått i hamn ei atomavtale med USA.
‒ Når det gjeld forholda på heimebane, spesielt i forholda mellom kjønna, er det ingen stor grunn til å vere optimist akkurat no, meiner Bøe.