En notis fra Høgskulen på Vestlandet - les mer.

- Omsorgsovertaking er eit sterkt verkemiddel som har store ringverknader i forholdet til foreldre, søsken, besteforeldre og nærmiljø – og det råkar mange familiar, seier forskar Magne Olav Mæhle.

Skal forske på avgjerder om omsorgsovertaking

Høgskulen på vestlandet blei nyleg tildelt pengar frå Forskingsrådet. Til saman fekk høgskulen 36,2 millionar fordelt på fire forskarprosjekt.

Prosjekta dreier seg om korleis røyr blir blokkerte, bruken av sakkyndigrapportar i barnevernet, folkefinansiering av kunst og utvikling av verktøy for ei meir skånsam kreftbehandling.

Bruken av sakkyndigrapportar i barnevernet

Kring 1200 gonger i året tek norsk barnevern avgjerda om at barn må bort frå foreldra sine. I sakene der barnevernet tek over omsorga for barn, byggjer avgjerdene oftast på rapportar frå sakkyndige personar – i dei fleste tilfelle, psykologar.

- Omsorgsovertaking er eit sterkt verkemiddel som har store ringverknader i forholdet til foreldre, søsken, besteforeldre og nærmiljø – og det råkar mange familiar, seier Magne Olav Mæhle, professor ved Institutt for velferd og deltaking.

- Då er det viktig at kunnskapsgrunnlaget for ei slik avgjerd er godt. Med vårt prosjekt ønskjer vi å bidra til ei forsvarleg handsaming av slike saker.

Når ei barnevernssak går til retten eller til ei fylkesnemnd, blir dei sakkyndige gjerne kopla inn. Dei vurderer barnets situasjon og skriv rapport. Forskarane i prosjektet har tilgang på 7000 rapportar skrivne sidan 2011. Dei vil først undersøke innhaldet i rapportane, dernest sjå korleis barnevernet og rettssystemet har brukt rapportane.

Les meir om tildelinga og dei andre forskingsprosjekta på heimesidene til Høgskulen på Vestlandet

Powered by Labrador CMS