Annonse
Gruppa frå Patandi Teachers' College samarbeidar med HVL for å tilrettelegge betre for elevar med synsvanskar. (Foto: Marthe Seljeset Berg-Olsen)

Sikrar tilrettelegging for elevar med synsvanskar

Publisert

Nyleg fekk HVL Bergen besøk frå Tanzania i høve prosjektet Securing Education for children in Tanzania (SecEd).

Prosjektet skal sikre tilrettelegging for barn med synsvanskar i skulen, slik at fleire får med seg det som skjer på tavla.

– Mange barn i Tanzania får ikkje tilrettelegging med briller eller kontaktlinser. Då klarer dei heller ikkje å henge med i undervisninga, seier Gunvor Birkeland Wilhelmsen ved HVL. Som førsteamanuensis har ho forska på synspedagogikk og synsnevrologi i samband med opplæring.

Norad, Innovasjon Norge og Forskingsrådet bistår med midlar til Visjon 2030-initiativet, som SecEd er ein del av. Målet er å redusere fattigdom gjennom å stimulere auka lese- og skriveferdigheiter. Slik skal fleire elevar bestå eksamen. Mange barn med problemåtferd har vist seg å ha vanskar med synet.

Talsperson for eksamenskontoret ved Patandi Teachers College, Lossaru L. Ngira, uttrykte takksemd for samarbeidet med Noreg.

– Det var ein draum å komme hit og no er vi her. Takk for samarbeidet så langt og for at de hjelper oss med å sikre utdanning for barn.

Ngira fortel at dei var klare over at synsproblema kunne skape vanskar for læring, lesing og konsentrasjon. Men dei var ikkje klare over at synsproblema kunne bli betre av trening og strukturert stimulering.

– Etter at vi følgde opp elevane med synsvanskar, kan dei no lese betre. Dei er faktisk ikkje dumme, dei har berre dårleg syn

Les meir om prosjektet på HVL.no.

Powered by Labrador CMS