Annonse

En notis fra Høgskulen på Vestlandet - les mer.

Sjukepleie i Bergen ligg på 9. plass i landet på mest søkte studium, og har i år 1525 personar på venteliste. I fjor var det 806 søkarar på ventelista.

Rekordstor interesse for helse- og sosialfag ved HVL

Publisert

Sjukepleiarutdanninga er meir populær enn nokon gong og har lange ventelister, medan fysioterapiutdanninga har høgast poenggrense og er det studiet som er vanskelegast å koma inn på. Det viser årets opptakstal ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

– Mange får tilbod om studieplass hos oss og vi gler oss til å ta i mot fleire tusen nye studentar ved HVL i august. Vi skal gjere vårt beste for å gi alle ein fin studiestart og ei god studietid hos oss, seier prorektor for utdanning, Bjørg Kristin Selvik, ved HVL.

Ho fortel at helse- og sosialfaga og dei økonomisk-administrative faga er dei aller mest populære ved HVL i år.

– Aldri før har så mange konkurrert om ein studieplass ved sjukepleiarstudiet, seier Selvik. Ho trur koronakrisa har ført til auka interesse for å studere helsefag.

– Sjukepleie har alltid vore ettertrakta ved HVL, men i år har det eksplodert. Vi fekk ekstra studieplassar av regjeringa i vår, og har gitt fleire tilbod. Likevel er interessa så stor at vi har ingen ledige studieplassar her eller ved nokre av dei andre helse- og sosialfagutdanningane våre, seier Selvik.

Les heile saka på heimesidene til HVL

Powered by Labrador CMS