En notis fra Høgskulen på Vestlandet - les mer.

Den nye rektoren tiltrer stillinga 1. januar 2021, og er tilsett i åremålsperioden 2021-2024.
Den nye rektoren tiltrer stillinga 1. januar 2021, og er tilsett i åremålsperioden 2021-2024.

Gunnar Yttri blir ny rektor på HVL

Gunnar Yttri (53) blir ny rektor ved Høgskulen på Vestlandet. Det vedtok høgskulestyret torsdag.

Gratulerer som ny rektor ved Høgskulen på Vestlandet! Kva føler du no?

- Eg er glad for at eg har blitt rektor, for eigen del og for høgskulen. Eg er veldig takksam for styret sin tillit, og frå alle som har oppmoda meg til å søke. Eg har fått oppmodingar og heiarop frå tilsette i Bergen, Stord, Haugesund, Sogndal og Førde. Noko som gjer meg særleg glad, er at eg hadde så gode og sterke konkurrentar.

Kva er din hovudmotivasjon for å leie denne institusjonen?

- Eg er heilt overtydd om at høgskulen vår har gode kvalitetar i dag, som kan utviklast vidare, og vi kan synast att og vere ei enda sterkere kraft i høgre utdanning og samfunnet.Kva vil du særlig sette fokus på?

- Eg vil særleg sette fokus på at denne høgskulen blir sterk gjennom arbeidet til dei tilsette og også at eitt av våre særlege kjenneteikn er at vi har fem campusar. Og dei fem campusane er vår store styrke, og kvar av dei skal utviklast og bli enda meir dyktige, levande og ha enda meir kraft enn det dei har i dag.

Yttri kjem frå stillinga som førsteamanuensis ved Institutt for samfunnsvitskap ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Han underviser i historie og forskar på utdanningspolitikk og fornybar energi og lokalsamfunn.

Gunnar Yttri har vore tilsett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane sidan 2004 og har vore dekan i to periodar ved Avdeling for samfunnsfag.

Yttri blei medlem i interimstyret ved Høgskulen på Vestlandet hausten 2016 og er i dag inne i sin andre periode som medlem i høgskulestyret.

Gunnar Yttri er dr.philos. i historie frå Universitetet i Oslo.

Les meir om tilsettinga på hvl.no

Powered by Labrador CMS