Sinte unge menn

– Sjølv om nye høgrerørsler nytter likestillingsretorikk når dei skal snekre saman det muslimske fiendebiletet, er det grunnleggande kvinnesynet det samme som hos mellomkrigstidas fascistparti. Det hevdar historikar Anders Granås Kjøstvedt.

Publisert
English Defence League marsjerer.  (Foto: Wikimedia Commons)
English Defence League marsjerer. (Foto: Wikimedia Commons)

Forskarar

Anders Granås Kjøstvedt er post doktor ved Institutt for arkeologi, konservering og historie, UiO.

Jorunn Økland er leiar ved Senter for tverrfaglig kjønnsforskning, UiO

– Sjølv om dei høgreradikale partia i dag, slik vi finn dei i til dømes Frankrike, Italia og Austerrike, er noko heilt anna enn mellomkrigstidas fascistparti, så har ikkje det grunnleggande kvinnesynet endra seg så mykje, seier historikar Anders Granås Kjøstvedt.

Ifølgje dei italienske fascistane og Hitlers naziparti var kvinna si plass i heimen, som oppdragar, mor og støtte, og hennar viktigaste oppgåve var å føde born. Mange born. Fascistpartia i mellomkrigstida var svært opptekne av fødselsrater.

Ifølgje Kjøstvedt meiner mange høgreradikale parti framleis at for mange kvinner i arbeidslivet vil føre til eit moralsk forfall i samfunnet, med ungdomskriminalitet, kjønnssjukdomar og narkotikamisbruk.

– På 1930-talet samanlikna fascistane fødselsratene sine med andre statar. I dag har samanlikninga teke ei anna form. No er det dei høge fødselsratene til muslimske innvandrarar i eige samfunn som er trusselen.

– På sett og vis har «fienden» kome inn i eiget land og er på veg til å få eit demografisk overtak, fortel Kjøstvedt.

Overvekt av menn

I dagens moderne, høgreradikale parti er menn overrepresentert både som veljarar og medlemmar. Ingen andre typar parti har så stor overvekt av menn. Men slik har det ikkje alltid vore.

Då Hitler og nazipartiet fekk nesten 40 prosent i valet i 1932, reknar statistikarane med at fleire kvinner enn menn stemte nazistisk.

– På 1930-talet ønska mange kvinner å vere husmødre. Minst like viktig var nazipartiets opposisjon mot kommunistane, som mange kvinner rekna som eit trugsmål mot nasjonal eining, ro og orden, seier Kjøstvedt.

Feministar – men berre på bortebane

Anders Granås Kjøstvedt. (Foto: Beate Sletvold Øistad)
Anders Granås Kjøstvedt. (Foto: Beate Sletvold Øistad)

I dei fleste høgreradikale partiprogram er, no som før, kvinnepolitikk det same som familiepolitikk. Det nye er at partia har byrja nytte kjønnsroller og likestillingsretorikk når dei skal snekre saman det muslimske fiendebiletet.

– Dei set den moderne, vestlege likestillinga opp mot islam, som dei framstiller som ein mellomaldersk og kvinneundertrykkande religion.

– Men dei er berre opptekne av likestilling på bortebane, så lenge muslimane ikkje er involvert er kvinnefrigjering framleis uvesentleg eller farleg.

Historikaren Kjøstvedt skil mellom høgreekstreme og høgreradikale rørsler i tida etter andre verdskrig. Han meiner at dette ikkje berre er ei språkleg øving for akademikarar og åtvarer mot misbruk av ekstremismeomgrepet.

– Det er viktig at vi prøver å ikkje misbruke språket når vi snakkar om desse fenomena, for det kan øydelegge evna til å forstå dei.

– Om vi til dømes kallar Sverigedemokratane for høgreekstremistar, så har vi ikkje orda til å skildre rørsler som ligg enda lengre vekk frå det liberal-demoratiske samfunnet.

Høgreekstre vs høgreradikale

Høgreekstreme trur korkje på demokratiet eller parlamentarismen og nyttar først og fremst vald som medisin.

Dei høgreradikale, på si side, er ofte kritiske til måten demokratiet fungerer på, men dei respekterer grunnleggande sivile og demokratiske rettar. Dei er parti som stiller til val.

Dei siste tretti åra har høgreradikale parti som Lega Nord i Italia, FPÖ i Austerrike og Front National i Frankrike blitt svært populære. Dei påverkar mykje gjennom politiske val, men òg som skaparar av opinion.

Utfordra menns tradisjonelle herredømme

Kjønnsforskar Jorunn Økland understrekar kor viktig det er å kjenne og kritisere fortida for å kunne forstå notida.

– Den kvite mannen sin tradisjonelle, sjølvsagte rett på herredømme blei kraftig utfordra når feminismen og multikulturalismen for alvor kom på bana i siste halvdelen av 1900-talet.

– Desse gruppene kravde sin bit av tradisjonen og kjempa for å få fram sine historier frå mørket og inn i det kollektive, kulturelle minnet, seier Økland.

Terroristen som kulturkritikar

Jorunn Økland. (Foto: Beate Sletvold Øistad)
Jorunn Økland. (Foto: Beate Sletvold Øistad)

– For Anders Behring Breivik er kvinnefrigjeringa ei direkte årsak til forfallet i europeisk kultur. Skal vi tru manifestet hans, vil han tilbake til kjernefamilien frå 1950-talet og meiner at abort og prevensjon tek frå menn manndomen, fortel Økland.

– Når nokon vinn fram tyder det at andre taper, relativt sett. Om ein mann meiner at han har mista sine sjølvsagte privilegium, så vil han prøve å vinne tilbake sin rettmessige, høgare status og makt over kvinnene. Verkemiddelet til dei sinte, unge mennene er vald.

For å forstå handlingane og den ideologiske motivasjonen til Breivik og andre som han meiner Økland at kjønnsforskarar og feministar bør tenke nytt omkring omgrepet tradisjon.

Ofte blir det å kalla noko for ein tradisjon nytta som eit argument i seg sjølv. Økland meiner ein heller bør sjå på tradisjonen som ei slagmark der ulike grupper med ulike overtydingar slåss om å eige og definere tradisjonen. Økland forklarer:

– Tradisjon som omgrep er meir knytt til autoritet, som er det som verkeleg står på spel i Breiviks tilfelle. Å kalle på tradisjonen handlar om å gjere fortida relevant for notida.

– Det er akkurat dette Breivik gjer når han til dømes assosierer seg sjølv med tempelriddarane i mellomalderen.

Å opne tradisjonen

Økland fortel at feministisk tenking generelt sett ikkje har vore spesielt interessert i fortida. Tradisjonar har vore til for å brytast, slik ein bryt med «tradisjonelle kjønnsroller».

Ho meiner at feminismen gjer lurt i å opne tradisjonsomgrepet i staden for å avvise det.

– Tradisjonelle verdiar er ein del av vår kulturelle identitet og det er difor historielaust å neglisjere dei. Men det er mogleg å kritisere og avvise autoriteten til desse nedarva kulturuttrykka av di dei bygger på verdiar som vi ikkje lenger deler i 2011, fortset ho.

Eit døme på kor raskt ein kan rive ned nedarva tankegods ser vi Straffelova: Fram til 1972 var homofilt samliv straffbart i Noreg. Ni år seinare, i 1981, hadde staten snudd på flisa: Då vart det straffbart å kome med «diskriminerande og hatefulle ytringar» mot homofile.

Iblant kan trua på framskrittet ligge i vegen.

– Tanken om at vi stadig er på veg mot noko som er betre har alltid forma feministisk tenking. Problemet med ei slik tilnærming er at ein missar reiskapen til å forstå si eiga fortid, kva ein er født inn og korleis ein er forma av det som har vore, seier Økland.

Bakgrunn:

I kjølvatnet av terroråtaka mot Noreg i sommar held Universitetet i Oslo forelesingsrekka «Etter 22. juli» kvar laurdag framover. Jorunn Økland, leiar ved Senter for tverrfaglig kjønnsforskning og historikar Anders Granås Kjøstvedt entra 1. oktober podiet for å gje publikum eit innblikk i den ideologiske familien massedrapsmannen Anders Behring Breivik er ein del av.