Annonse
- I dag kjem desse endrar språket seg på grunn av at samfunnet er rikt og fungerer godt, skriv Eldar Heide. (Illustrasjonsfoto: Thomas Brun / NTB Scanpix)

Forskeren forteller: 2000 års språkendring utløyst av pest og velstand

Norsk talemål er inne i den største og raskaste endringa på eit halvt tusen år.

Publisert

Forskeren forteller

Denne spalten gir plass til forskere, fagfolk og studenter som med egne ord forteller om sin og andres forskning. Vil du skrive? Ta kontakt på epost@forskning.no

Dei periodane norsk talemål har endra seg mest er 5-600-talet, seinmellomalderen, og tida vi lever i no. I dei to fyrste periodane kom språkendringane etter pest og samfunnssamanbrot.

Situasjonen no er motsett, men likevel er det faktisk dei same prosessane som verkar.

Store og raske endringar no

Det er mykje som har skjedd med norsk talemål på kort tid. Fram til 1970-talet var det to skarpt åtskilde talemålsvariantar i byar og tettstader. Den eine var eit sosietetsmål som stod i nært samband med det skriftspråket som har opphav i dansk. Den andre var folkeleg dialekt som stod nær bygdedialektane ikring byane.

No har desse meir eller mindre smelta i hop til eit nytt fellesmål for kvar by, eit kompromissmål som ikkje er sosialt markert.  

Samtidig kan vi sjå at talemålet i regionale senter spreier seg til omlandet, til dømes skarre-r rundt Bergen, Stavanger og Kristiansand. Det kompromissmålet som har oppstått i Oslo trenger no ut tradisjonell dialekt mellom Halden, Skien og Lillehammer, med avleggjarar opp Østerdalen og Hallingdal og ned til Arendal.

Grammatikken i dialektane blir ofte forenkla. Til dømes i Austlands-dalane er (alle) krokan, bekkjin, bygdin, vison / visun fleire stader no vorte krokan, bekkan, bygdan, visan.

Lydar som forsvinn og engelske ord

Uttalen endrar seg. Kje er i ferd med å få same uttale som skje i bystrok over mesteparten av landet.  Palatal uttale av l og n («mainn», «baill») er på veg ut av Nord-Austlandet, Nord-Vestlandet og byane nordafjells. Uttalen dl og dn av gammalnorsk ll, rl, nn og rn («fjedl», «Øysteidn», «kadl», «bjødn»), som har vore vanleg frå Indre Sogn til Vest-Agder, er på vikande front.

Kløyvd infinitiv, som til dømes «å lesa», men «å skriv[e]», må vike over mesteparten av Austlandet og store delar av Trøndelag. No får alle infinitivar same ending.

Og ikkje minst har norsk teke opp ei ovmengd med engelske ord, og det er vorte vanleg å flette inn heile setningar av engelsk når ein pratar. Samtidig går mengdevis av tradisjonelle ord og uttrykk ut av bruk, til dømes rong ‘del i robåt’, å fata ‘ta fyr’ og det skil seg ‘det kjem an på’.

Dette, i lag med tallause andre endringar, inneber at norsk talemål er inne i den største og raskaste endringa på eit halvt tusen år.

Samfunnsendring har gjort det lettare å endre talemål

Dette skjer fordi samfunnet har endra seg og kulturen har endra seg. Vi pendlar, reiser og flytter mykje meir enn før, både over kort avstand, til skule, arbeid og offentlege kontor, og over lang avstand. Dette er vorte mogeleg på grunn av ny teknologi og større velstand, og sentralisering pressar oss til det.

I tillegg fører nye media oss nærare folk langt unna. Dette har gjort at vi identifiserer oss med andre enn før og at vi kjenner oss friare i høve til miljøa vi kjem frå. Dei tette nettverka der «alle» kjende kvarandre frå mange livssituasjonar, er langt på veg erstatta av lause nettverk der ein kjenner dei andre berre frå éin situasjon, enten det er nabolaget eller jobben eller idrettslaget. Då er det lettare endre på talemålet sitt.

Barn og unge lager eigne språknormer

Endringar i arbeidslivet parallelt med at skulegang og utdanning vart utvida, hadde òg følgjer for språksamfunnet. Det ser ut til at barn lærer språket særleg av eldre barn, og no er dei mykje meir enn før i lag berre med same årskull. Samtidig går dei mykje seinare over i arbeidslivet og vaksensamfunnet enn før.

Konsekvensen er at barn og unge mykje meir enn før dannar eigne, aldersdelte grupper, med eigne normer, også språklege. I tillegg har vi fått ideal om at enkeltmennesket må få gjera som det vil. Dermed kan språklege innovasjonar lettare enn før slå gjennom og bli varige. Kje / skje-samanfallet var barnespråk i generasjonar før det på slutten av 1970-talet vart med opp i vaksenlivet.

Katastrofar endra språket

Språkomveltingane i eldre tid ser ut til å ha hatt årsaker av heilt anna slag. Språkendringstida i seinmellomalderen reknar vi frå rundt 1370. Det er ein generasjon etter Svartedauden (1349-50), der minst halve folket døydde, og det er vanleg å sjå pesten som viktigaste årsak til språkendringane.

Eit tilsvarande samband finn vi når det gjeld 5-600-talet. I 536 og 540 var det to kolossale vulkanutbrot, som skygde for solvarmen og forårsaka uår i mange år. Tidleg på 540-talet kom så Den justinianske pesten, som var forgjengaren til Svartedauden, og om lag like dødeleg, etter kjelder frå Middelhavslanda å døme. Dette, på toppen av ufred i åra før, må ha gjort uhyggelege innhogg i befolkninga.

Mellom anna på Høg-Jæren og i Lofoten kan vi framleis sjå gardsanlegg som vart forlatne på denne tida. Og i tida etter ser det ut til, i runeinnskriftene, at språket endra seg meir enn i nokon annan periode vi kjenner.

Barnespråket slår rot når dei vaksne forsvinn

Vi bør gå ut frå at dei same mekanismane verka i begge desse tilfella. Men kva er det, heilt presist, med slike befolkningssamanbrot som endrar språk? Vi kan i alle fall peike ut to faktorar.

For det fyrste: Når halve folket døyr, fører det gjerne til ei generell normsvekking, større rom for å gjera ting på nye måtar. Den effekten vart gjerne forsterka av at barnekulla etterpå vart ekstra store for å fylle tomrommet, og dermed vart barna ein større del av folket enn normalt. Då ville barnespråk lettare kunne «vekse opp til å bli vaksenspråk».

I tillegg kjem at dersom halvparten av dei vaksne er borte, så må neste generasjon langt på veg hoppe over barndomen og ta vaksenansvar som barn. Då får barnespråket kortare veg å gå før det etablerer seg som vaksenspråk.

Innflyttarar og nye nettverk

For det andre: Etter Svartedauden ser vi at mange gode gardar vart ledige fordi eigarane var døde, og det gjorde at mange forlét marginale strok og flytte inn til dei beste jordbruksbygdene. Vi kan gå ut frå at det var tilsvarande på 500-talet.

Dette må ha skapt stor omrøring i samfunnet, der gamle nettverk vart rivne av og folk flytte saman med andre som hadde brote opp frå sin bakgrunn. Vi kan samanlikne det med dagens nettverksendringar og det vi har sett når nye industristader som Odda og Sauda har trekt til seg innflyttarar frå alle kantar og nye dialektar har oppstått.

Ein kan altså argumentere for at to av dei viktigaste årsakene til talemålsendring i dag, nemleg nettverksendringar og større rom for barn og unges normer, også var hovudårsakene til talemålsendringane på 5-600-talet og i seinmellomalderen.

Men årsakene til årsakene er motsette. I dag kjem desse årsakene av at samfunnet er rikt og fungerer godt, den gongen av at det braut saman på grunn av katastrofar.

Powered by Labrador CMS