Annonse

Biletet som avslørte livets molekylære struktur

DNAet er 60 år. I innspurten for å finne svaret på vitskapens største gåte var eit bilete tatt av ein ung kvinneleg forskar avgjerande.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Rosalind Franklin og det berømte røntgenbiletet 'Nr. 51' som er eit sterkt bevis for DNAs spiralstruktur. (Foto: Wikimedia Commons/montasje NRK)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

I slutten av februar 1953 går puslespelet bokstaveleg opp for den unge og ambisiøse vitskapsmannen James Watson og hans kollega Francis Crick ved University of Cambridge i England.

Utstyrt med utklipte pappbitar fell strukturen til DNA (sjå faktaboks) plutseleg på plass og openbarte seg som ein dobbeltspiral, ei vindeltrappform, med basepar som utgjer trinn i trappa.

Tidas største vitskaplege gåte er løyst, og Watson og hans kollega Francis Crick kom først i mål framfor verdsautoriteten og kjemikaren Linus Pauling som arbeidde med det same problemet over Atlanteren.

Berre dagar før hadde Pauling publisert sin tretråda og feilaktige DNA-modell i Nature.

Men ei anna engelsk forskargruppe ved Kings College i London var også med i det ikkje uttalte kappløpet. Og arbeid gjort av ein ung kvinneleg forskar ved Kings stod heilt sentralt i Watson og Cricks oppdaging.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS