Tekniske hjelpemiddel som rullator gjør det muleg å leve eit verdig liv sjølv om du har nedsatt funksjonsevne. (Foto: Shutterstock / NTB scanpix)
Debattinnlegg: Me veit for lite om noko som kostar oss over 5 milliardar i året
For lite forsking på tekniske hjelpemiddel kan koste oss dyrt på lang sikt.
Gåte: Kva er det som kostar over 5 milliardar årlig, omhandlar over 400 000 nordmenn, er eit felt i rask vekst, og som me nesten ikkje bryr oss om?
Ja, me bryr oss faktisk så lite at me ikkje ein gong har oversikt over kva me veit og kva me treng å vite meir om.
Svaret er tekniske hjelpemiddel, teknologi som skal redusere gapet mellom funksjonsevne og omgjevnadane. Det kan vere alt frå blindestokk til høyreapparat eller rullator.
Feltet er likevel vanskeleg å avgrense og definere. Særleg slit me med å sette grenser for kva som er velferdsteknologi som skal auke omsorgskapasitet og betre kvaliteten på helse- og omsorgstenestene, og kva som er forbruksvarer, altså ting som du og eg har ansvar for å skaffe oss sjølve.
Trudde skam hindra bruk av rullator
Kunnskap er makt, men mangel på kunnskap er ikkje synonymt med maktesløyse. Om me ikkje har fakta, kunnskap og forsking til å legge til grunn når me skal ta viktige avgjersler om utvikling og prioritering, er det lett å basere seg på synsing og anekdotiske bevis.
Til dømes trudde ein at skam og sosialt stigma var ein stor barriere for å bruke rullator. Mi eiga forsking viser at eldre slett ikkje var bekymra for dette, men utsette gjerne avgjersla om å søkje om hjelpemiddel fordi dei ikkje visste om moglegheitene som fantes. Kunnskapen om dette kan hjelpe oss med å leggja til rette for informasjon og samarbeid mellom eldre og helsepersonell.
Kunnskap hindrar dårlege avgjersler
Media og visse politiske parti formidlar myta om late ungdom som navar framfor å delta i yrkeslivet. Me veit likevel lite om tilrettelegging og hjelpemiddel i utdanningsinstitusjonar kan bidra til at unge med funksjonsnedsettingar gjennomfører sine studium, og til at dei kan stå i jobb.
Forslaget til ny byggteknisk forskrift, TEK 17, legg opp til fjerning, lemping og forenkling av tekniske krav til nye bustader. Mellom anna reduseres krav til snusirkel, noko som vil gjere det vanskelegare å manøvrere med rullestol. Ein veit lite om kva desse reduserte krav til tilgjengelegheit vil koste når ein må ombygge boligmassen for å møte krava til at eldre og personar med forflytningsvanskar skal bu heime lengst mogleg.
Politikarar, forskarar, brukarar og dei som jobbar med hjelpemiddelformidling i praksis treng eit betre grunnlag for å ta avgjersler gjennom systematisk og etterprøvbar innhenting av kunnskap. Dette er eitt av hovudbodskapane i rapporten som hjelpemiddelutvalet med professor Arild Hervik i spissen overleverte til arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie i februar i år (lenke til fulltekst).
Som medlem i utvalet vonar eg at rapporten bidrar til å skape debatt om og løfte hjelpemiddelområdet. Som forskar vonar eg at rapporten bidreg til å auke interessa for forsking på området.
Lite norsk forsking
Som forskar på brukarerfaringar av hjelpemiddel og formidling må eg ofte søkje ut over Noregs grenser for å finne relevant forsking å bygge vidare på. Ein av utfordringane med dette er at formidlingsprosess, finansiering og forvaltningssystem varierer mellom landegrenser.
I Danmark må til dømes fleire betale halvparten sjølv når dei treng ein elektrisk scooter. I Ungarn finnes knapt ergoterapeutar som kan gje faglig hjelp. I Sverige praktiseres lokalt sjølvstyre mellom anna ved at det er opp til det enkelte landsting om dei vil ta eigenandel for hjelpemiddel.
Prinsippa for hjelpemiddelformidling i Noreg er at når du treng hjelpemiddel, skal du få lokal fagleg bistand og rådgjeving, og du skal få låne hjelpemiddelet så lenge du treng det. Det eksisterer likevel lite norsk forsking.
Må prioriterast
Hjelpemiddelområdet er både tverrfaglig og tverretatlig. Til dømes kan betydning og effekt av hjelpemiddel studeras frå både teknologiske, medisinske, samfunnsøkonomiske, humanistiske og samfunnsvitskaplege perspektiv.
Medan teknologen kan skreddersy tekniske løysingar til ei brukargruppe, kan økonomiforskarar bidra med kunnskap om kva dette og alternativa vil koste. Samfunnsforskarar kan identifisere betydningsfulle strukturar og prosessar ved å ta i bruk ny teknologi. Relevante forskingstema for helseforsking kan vere brukarerfaringar, formidlingsprosessar, gode kartleggingsreiskap og kunnskap om hjelpemiddelet si betydning for helse og deltaking i samfunnet.
Hjelpemiddel må også sjåast i samanheng med samfunnsmessige forhold som boligpolitikk og universell utforming. Det manglar ei oversikt over kva fagmiljø som arbeider med hjelpemiddelrelaterte problemstillingar, og me treng ein heilskapleg strategi for forskinga på dette området.
Blir dyrt og dårleg utan kunnskap
Forskingsrådet har nettopp utlyst 80 millionar kroner til forsking om helse- og velferdstenestene. Prosjekt i skjæringspunktet mellom arbeids- og velferdstenestene og helsetenestene skal prioriteras spesielt. Forsking på tekniske hjelpemiddel bør vere høgaktuelt for denne utlysinga, og eg vonar dette motiverer fleire forskarar til å satse på dette spennande og viktige feltet!
Forsking på tekniske hjelpemiddel vil kunne bidra til å tilrettelegge for gode løysingar, å auke deltaking, utløyse ressursar og spare samfunnspengar. Uvitenheit og forskingstørke vil seie at me ikkje veit kva tiltak som bør satsas på, og kan bli både dyrt og dårlig.