I 2020 frårådde Verdas helseorganisasjon (WHO) bruken av medikamentet hydroxychloroquine mot covid-19. Rådet var mellom anna basert på to studiar frå selskapet Surgisphere, som seinare viste seg å byggje på falske datasett. Seinare same år vart studiane trekte tilbake. Foto: George Frey/AFP/NTB

Forlag og tidsskrift skal oppdage forskingsjuks før publisering

Avansert biletmanipulering og bestilling av ferdige forskingsartiklar: Det finst stadig nye måtar å jukse på. No tar forlag og tidsskrift grep.

Over 20 akademiske utgjevarar er med i det nystarta initiativet STM Integrity Hub. Plattforma har base i Nederland, og målsetjinga er å stoppe uærlege studiar før dei blir publiserte.

– Vi ser fleire og fleire forsøk på svindel. Ofte nyttast avansert teknologi, for eksempel i biletmanipulering, og dette kan vere vanskeleg å oppdage, seier Joris van Rossum, STMs direktør for forskingsintegritet.

Huben skal leggje til rette for at ut­gjevarane kan utveksle informasjon og utvikle rammeverk og standardar for teknologiske løysingar retta mot problematikken.

Står sterkare saman

The International Association of Scientific, Tecnhnical and Medical Publishers (STM) er ein internasjonal samanslutnad av ulike forleggjarar og utgivarar. I desember 2021 vart plattforma STM Integrity Hub lansert, og i mai i år presenterte Rossum initiativet på World Conference on Research Integrity i Cape Town i Sør-Afrika.

Det er medlemmene, deriblant British Medical Journal, Wiley og Elsevier, som skal finansiere initiativet, fortel Rossum i ein videosamtale.

– Saman kan vi meir effektivt bruke teknologi for å avsløre uærlegdom, og vi kan lære av kvarandre. For nokon av sakene vi jobbar med, er det også heilt nødvendig at vi samarbeider, til dømes for å oppdage det når same artikkel er send til fleire tidsskrift samtidig.

Verktøy må delast

Å sende same artikkel til fleire tidsskrift er ikkje lov, og når det likevel skjer, skaper det mykje unødvendig arbeid for tidsskrifta. Men fleire versjonar av same studie kan også vere eit symptom på noko enda meir alvorleg, nemleg såkalla papirmøller.

Papirmøller er selskap som produserer falske forskingsartiklar på bestilling og sender dei inn. Slik kan fagpersonar få namnet sitt på trykk i høgthengjande tidsskrift. Problemet er omfattande, og Magasinet Forskningsetikk har tidlegare skrive om arbeidet med å avsløre publikasjonar frå papirmøller i Kina.

Saman kan vi meir effektivt bruke teknologi for å avsløre uærlegdom.

Joris van Rossum

– Utgivarar lagar verktøy for å møte desse utfordringane. Jobbar vi saman, kan vi dele verktøya. Vi må også sørgje for at store tidsskrift ikkje har fordelar overfor dei små, for då vil vi finne alle dei falske studiane i små tidsskrift, seier van Rossum.

Eit omfattande problem

Nettstaden Retraction Watch informerer om studiar som har blitt trekte tilbake etter publisering. Sidan starten i 2010 har databasen samla informasjon om rundt 35.000 studiar: Nokon har hatt gode hensikter, men feila. I andre tilfelle er det snakk om forskingsjuks.

– Problemet er omfattande, og vi ser ofte at falske studiar må trekkjast tilbake etter publisering. Klarer vi å hindre at slike studiar kjem på trykk, vil det både auke tilliten til forskinga og spare forlag og tidsskrift for mykje unødvendig arbeid, seier van Rossum.

Adam Day i forlagshuset SAGE Publishing har jobba mykje med data­analyse for å avdekkje uærleg forsking. Han meiner at STM Integrity Hub er den kjappaste og enklaste måten å gjere dette på.

– Prinsippet er enkelt: Forleggjarane tar dataa sine og deler dei med hub, som er ein nøytral tredjepart. Huben gjer så den analysen som trengst for å avdekkje uærlegdom, forklarer han.

Det som ikkje er enkelt, er dei juridiske, etiske og tekniske kontrollane som trengst for å behandle dataa på ein ansvarleg og effektiv måte, legg han til.

Ventar raske resultat

Day meiner at potensialet er stort.

– Når vi ser ei så entusiastisk deltaking blant forleggjarar av alle former og storleikar, inkludert dei mest velrenommerte, er eg sikker på at vi vil sjå raske resultat.

Realistisk sett trur han likevel at det vil ta tid før eit såpass stort initiativ vil oppnå det fulle potensialet.

I tillegg understrekar han at også fleire aktørar har eit ansvar:

– Mange uttrykkjer at forlaga bør fungere som eit slags politi for forskings­litteraturen. Det er absolutt sant at vi har ei plikt overfor lesarane våre. Vi må streve etter å publisere nøyaktig og etisk forsking, seier han.

Samtidig kjem utgjevarar først til mot slutten av forskingsprosessen.

– Institusjonar og forskarar vil ofte ha enda større makt til å påverke ting enn vi har, seier Day.

– Ein kraftfull reiskap

Are Brean, sjefredaktør i Tidsskrift for Den norske legeforening, peikar på at det i dag blir jobba mot forskingsjuks på fleire frontar. Eitt eksempel er organisasjonen COPE (Committee on Publication Ethics), som har gått i bresjen for datadeling og for at alle studiar skal registrerast ved oppstart.

– Fleire organisasjonar har også e-postlister der redaktørar deler erfaringar. Vi som primært publiserer norsk forsking, er mindre utsette for problem som papirmøller, men vi har stor nytte av å følgje med på det som skjer internasjonalt, seier Brean.

Han samanliknar forskingsjuks med annan kriminalitet:

– Kriminelle nettverk forsøkjer heile tida å liggje eit hestehovud framfor, både i innovasjon og kreativitet. Skal ein slå tilbake, treng ein initiativ frå ulike hald. Det same gjeld forskingsjuks.

Brean viser til mengda av uærleg forsking som vi har sett under covid 19-pandemien. Eit døme er Surgisphere-skandalen, der forskarar mellom anna hevda at korona-medisinar kunne vere dødelege. Han skildrar STM Integrity Hub som «eit veldig godt initiativ som kjem på heilt rett tidspunkt».

– Fleire av utgjevarane i STM har fleire hundre eller tusen tidsskrift. Når dei kjem saman for å dele data og kunnskap og utvikle teknologi, kan ein få ein ganske kraftfull reiskap for å avsløre dobbelt­publisering, papirmøller, fabrikkerte data og juks med forfattarskap.

Kan ta saker vidare

Huben kjempar mot sterke interesser. Ifølgje Joris van Rossum kan både karriere­jag, sensur, kommersielle interesser og politisk og ideologisk påverknad gje grobotn for uærleg innhald i studiar.

Kva kan så ein utgjevar som opplever svindelforsøk, gjere?

– Studien vil då bli avvist. I visse tilfelle, for eksempel ved alvorleg biletmanipulering, kan saka også takast vidare ved å varsle medforfattarar og involverte institusjonar, seier van Rossum.

Han viser til organisasjonane COPE og STM som begge har retningslinjer for korleis ein skal gå fram.

I 2022 er målet til STM Integrity Hub å få på plass ein prototype på teknologi som sjekkar artiklar for indikasjonar på at dei er publiserte av ei papirmølle. Informasjonen vil bli send til redaktø­rane, som vurderer saka og avgjer kva som skal skje vidare. Teknologien skal lanserast i 2023.

Forleggjarar vil også snart få tilgang til eit verktøy som kan avdekkje problematiske bilete og illustrasjonar, ifølgje van Rossum.

Denne artikkelen ble først publisert i Magasinet Forskningsetikk. Les originalen her.

Vi vil gjerne høre fra deg!

TA KONTAKT HER
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? Eller tips om noe vi bør skrive om?

Powered by Labrador CMS