Utan kvinner i styret

Fem av dei 14 sentra for forskingsdrive innovasjon har ingen kvinner i styret.

Publisert
(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)
(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

I midtvegsevalueringa av dei 14 sentra for forskingsdrive innovasjon (SFI) går det fram at 11 av dei har utfordringar når det gjeld likestilling. Fem av dei 14 sentra har ingen kvinner i styret.

– Eg synest det er oppsiktsvekkande låg kvinnerepresentasjon i styra på SFI-ane. Eg ser ikkje nokon gode grunnar til at det er slik, seier Linda Rustad som er seniorrådgjevar for Komité for kjønnsbalanse i forsking.

– Det å ha både kvinner og menn i styret er noko som sitt i ryggmergen på folk her i landet. Det burde vere ein smal sak for Forskingsrådet å gjere noko med det, seier Rustad.

– Ikkje nøgd

Det er Noregs forskingsråd som forvaltar ordninga med SFI. Kvart år deler dei ut 200 millionar til desse sentra.

Lise Christensen, seniorrådgjevar i Forskingsrådet si avdeling for Universitets- og høgskolepolitikk, er heller ikkje nøgd med situasjonen.

– Generelt meiner eg det blir veldig feil at det berre er menn i styret for spydspissatsingar som skal fremme kvalitet i norsk forsking. Det heng ikkje på greip i 2011, og det er ikkje i tråd med dei prinsippa for styresamansetting som har vorte brukt i Noreg gjennom fleire år.

– Dette må vere ein glepp. Eg skal ikkje spekulere i årsaka til at det har blitt slik, men dette er ikkje i tråd med politikken vår, seier Christensen.

Fleire utfordringar

Rapporten viser at fleire av SFI-ane har store likestillingsutfordringar. SFI-senteret FACE, som ligg under Institutt for Energiteknikk på Kjeller, har verken kvinner i styret, kvinnelege post-doc stipendiatar eller kvinnelege doktorgradsstipendiatar.

Ved Medical imaging laboratory (MI-lab) ved NTNU er to av åtte styremedlemer kvinner og 30 prosent av doktorgradsstipendiatane kvinner, men rapporten melder at senteret framleis har utfordringar når det gjeld kjønnsbalansen.

Ordninga med Senter for forskingsdrevet innovasjon (SFI) starta opp i 2007. Føremålet med SFI er å styrke innovasjon i næringslivet gjennom samarbeid mellom forskingsintensive verksemder og norske forskingsmiljø.

Sentra arbeider innanfor så ulike fagfelt som petroleum, akvakultur, statistikk og medisin. Kvart år får desse sentra 200 millionar kroner gjennom Forskingsrådet. I fjor vart sju nye SFI-ar oppretta.

I retningslinene står det at sentra skal ivareta likestillingsperspektivet når dei rekrutterer personell.

Arbeidet framover

– Eg vil seie at denne evalueringa viser at sentra har ei utvikling i rett retning, men at mange har eit godt stykke att. Det vi ser, er at forskjellen mellom dei ulike fagområda blir tydeleg, seier Liv Jorunn Jenssen som er koordinator for SFI-ordninga i Forskingsrådet.

Ho meiner mange av sentra har jobba mykje for å betre på situasjonen, mellom anna gjennom konkrete måltal for rekruttering og måltal for kvinneandel blant stipendiatane.

– Eg vil gi honnør for at dei har prøvd og for at dei kjem til å halde fram å prøve, seier Jenssen.

Forventningar

Linda Rustad, seniorrådgjevar for Komité for kjønnsbalanse i forsking. (Foto: Anne Winsnes Rødland)
Linda Rustad, seniorrådgjevar for Komité for kjønnsbalanse i forsking. (Foto: Anne Winsnes Rødland)

Linda Rustad ønskjer at Forskingsrådet skal ta tydelegare grep.

– Eg synest Forskingsrådet burde ha like store forventningar til Sentra for forskingsdrive innovasjon (SFI) som dei hadde til Sentra for framståande forsking (SFF), seier Rustad.

Ho siktar til dei endringane som vart gjort for å auke kjønnsbalansen ved Sentra for framståande forsking etter at dei vart evaluerte i 2006.

Rustad meiner også at den ferske evalueringa burde ha gitt fleire svar om likestillingssituasjonen ved SFI-ane.

– Eg kunne ha ønskt meg at Forskingsrådet hadde laga eit destillat av denne evalueringa på det som gjeld likestilling, for det er stor forskjell på SFI-ane.

Rustad stiller også spørsmål om Forskingsrådet sitt arbeid med dette feltet framover.

– Forskingsrådet har blitt gode til å inkludere likestilling i planane sine og i verkemidla sine.

– Dei kan også vise til fleire positive resultat på mange felt, men dei svake resultata for Senter for forskingsdrive innovasjon gjer at ein må spørje om dei har kapasitet til å følgje opp sine eigne intensjonar og planar, seier Rustad.

Referanse:

Midway evaluation of the Centres for Research-based Innovation, Norges forskningsråd, desember 2010.