Meteorologisk institutt vart grunnlagd i 1866. Frå 1949 blei det halde kartkollokviar to gongar i veka. Ein gjekk særleg gjennom langtidsvarsla og evaluerte korleis varsla hadde stemt med det faktiske vêret. (Foto: Leif Ørnelund. Bildet tilhøyrer Oslo Museum, Byhistorisksamling/CC BY-SA 3.0 NO)
Meteorologisk institutt vart grunnlagd i 1866. Frå 1949 blei det halde kartkollokviar to gongar i veka. Ein gjekk særleg gjennom langtidsvarsla og evaluerte korleis varsla hadde stemt med det faktiske vêret. (Foto: Leif Ørnelund. Bildet tilhøyrer Oslo Museum, Byhistorisksamling/CC BY-SA 3.0 NO)

Slik blei norsk meteorologi verdsleiande

Frontane på vêrkartet, og tanken om at ein kunne rekna seg fram til kva vêr som kom, oppstod her til lands. Ein ny bok tar for seg den meteorologiske historia til Noreg.

Publisert

I samarbeid med På Høyden

Artikkelen er utgitt av Universitetet i Bergens uavhengige avis, På Høyden.

Spørsmålet om korleis vêret blir i morgon, har blitt forska på i over 250 år.

I boka «Vinden dreier» ser historikarane Magnus Vollsett og Yngve Nilsen på korleis meteorologien oppstod, og utvikla seg.

– Hovudproblemstillinga i boka har gitt seg sjølv; Kvifor er norsk meteorologi så vellukka i internasjonal målestokk? spør Yngve Nilsen, forskar ved Uni research Rokkansenteret.

– Me har hatt mange innflytelsesrike forskarar og forskingsprosjekt. Særleg etter første verdskrig med Bergensskulen, men også framover. I dag har me Yr som er vêrvarslinga sitt svar på Youtube og Facebook, og Storm er den største kommersielle vervarslings-suksessen internasjonalt.

Men at Noreg er gode på vêr, fordi me har så mykje av det, går ikkje historikar Nilsen med på.

– Målet er å forklara suksessen. Men me prøver å unngå klisjeen om at me har så mykje vêr, det er ikkje fullt så enkelt. Ein må ha mykje meir enn vêr for å bli god på vêr, slår Nilsen fast.

Utsette invasjonen i Normandie

Yngve Nilsen, forskar ved Uni Research Rokkansenteret. (Foto: UiB)
Yngve Nilsen, forskar ved Uni Research Rokkansenteret. (Foto: UiB)

I boka kjem fleire døme på innverknaden meteorologien har hatt på verdshistoria.

Eit av dei mest dramatiske, er kanskje korleis styrar på Vêrvarslinga på Vestlandet, Sverre Pettersen, bidrog til at invasjonen i Normandie under andre verdskrig ikkje enda i fiasko.

– I krig blir kunnskap om vêret raskt eit spørsmål om liv og død. I Nord-Atlanteren var det ein regelrett krig om vêrstasjonene, og då tyskarane byrja å bombe London, var britane så redde for at vêrvarslingssentralen skulle bli øydelagt, at det ble oppretta tre parallelle vêrsentralar rundt om i landet, seier Magnus Vollset, forskar ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR). 

– Det stod i årbøkene at bestyrar Pettersen var opptatt med forsking i USA. Eigentleg sat han i Storbritannia og teikna vêrkart for dei allierte, seier Vollset.

Pettersen var stasjonert i Dunstable. Der meldte dei vêret etter Bergensskulen sine metodar. Dei var kjenneteikna av at dei analyserte luftmassar, og det var dei som oppdaga frontane på vêrkartet.

Amerikanarane ved verstasjonen «Widewing» i England hadde ei heilt anna tilnærming til det å melda vêret.

– Dei brukte «den analoge metoden», som tok utgangspunkt i at vêret gjentek seg. Først såg dei på korleis vêrsituasjonen var akkurat no. Så gjekk dei i arkivet, og for å sjå korleis vêret hadde utvikla seg førre gang situasjonen var nokolunde den same.

Det betydde ueinigheit om korleis vêrprognosane faktisk var, og før D-dagen i 1944 blei vêrvarsla svært viktige.

Invasjonen var planlagt til 5. juni 1944, men Pettersen var svært usikker på om vêret ville halda – noko som kunne bety skilnad på suksess og fiasko.

– Det var fly, fallskjermar, luftballongar, og 100 000-vis av folk som venta på klarsignal. Folk låg og venta over heile kysten på dette. Tidevatnet måtte vera riktig, dei som skulle bombe frå lufta måtte sjå. For dei som skulle i land på strendene måtte bølgjehøgda vere på rett nivå, og fallskjermjegerane måtte ha klart vêr. Det var mykje som skulle klaffa, seier Vollset.

Sverre Petterssen på jobb med vêrkart ved Dunstable våren 1944. Bildet er tatt rett i forkant av arbeidet med varselet for D-dagen. (Foto: meteorologihistoriker James Rodger Fleming)
Sverre Petterssen på jobb med vêrkart ved Dunstable våren 1944. Bildet er tatt rett i forkant av arbeidet med varselet for D-dagen. (Foto: meteorologihistoriker James Rodger Fleming)

– Sette på bremsen

Amerikanarane ville at ein skulle setta i gong 5. juni, men Pettersen insisterte på at det var skikkeleg ruskevær i vente.

– Petterssen klarte å trekka i naudbremsen 4. juni: Vêret ville vera for dårleg. Og han fekk rett: Den femte juni var det ein skikkeleg vinterstorm over Den britiske kanal. Hadde ikkje Petterssen klart å overtyda dei andre om utsettinga, kunne invasjonen enda i fiasko, seier Vollset.

Tyskarane var ikkje like heldige med sine observasjonar, Dei var dårleg budd når invasjonen skjedde 6. juni.

– Norsk metrologi hadde hatt samarbeid med tyske metrologi lenge. Men dei hadde ikkje same observasjonane som britane. Det var eit av stormsentra som delte seg i to, og som gav ei luke med betre vêr den 6. juni. Men det hadde ikkje tyskarane fått med seg. Tyskarane sendte folk heim, fordi dei trudde stormen kom til å vara. Rommel drog heim for å feira kona si i Berlin, og skipa låg til hamn. 

President Eisenhower sendte personleg takkebrev til Pettersen etter invasjonen, og leiarane for den amerikanske vêrstasjonen fekk sparken etter krigen.

Byrja med klimaforsking

Magnus Vollset, forskar ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap (AHKR). (Foto: UiB)
Magnus Vollset, forskar ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap (AHKR). (Foto: UiB)

Heime i Noreg fekk ikkje meteorologane lov til å laga vêrkart under krigen. Det betydde at dei starta meir med forsking i staden.

– Dei byrja då å dokumentera at det at det hadde blitt varmare i Noreg. Jo lenger nord du kom kor, varmare var det blitt, viste statistikken, seier Vollset.

Det var ikkje global oppvarming dei frykta då.

– Dei trudde at temperaturstiginga betydde at det var slutten på ein syklus, slik at ein gjekk mot dramatisk kaldare tider. Dei tenkte at dei måtte forska for å finna ut korleis ein kunne hindra neste istid, seier Vollset.

Theodor Hesselberg som var direktør for Meteorologisk instiutt på den tida, stod i bresjen for arbeidet.

– Han greidde å få til ein definisjon internasjonalt om klimaforsking, at det handla om endring over tid. På den måte kan ein argumentera for at han var klimaforskinga sin far. Den ballen tok ein ikkje opp før årtusenskiftet att i Noreg, seier Nilsen.

– Mitt ver, der eg er!

Teknologien har også gjort sitt inntog i meteorologien – og endra arbeidsmetodane.  

– No byrjar ein å seia opp statsmeteorologar, og erstattar dei med dataprogram. Samtidig har vêrvarslinga gått over frå å vera denne eine vêrmeldinga, som alle ser på, til å bli meir skreddarsydde varsel, for til dømes oljeplattformar, fartøy, og beredskapsorganisasjonar. For det enkelte publikum har du Yr som gjev varsel ned på bydelsplan, seier Nilsen.

Stikkordet for den moderne tida er:

– Mitt ver, der eg er!

– Yr ville ikkje blitt mogleg utan datagenererte varsel. Utviklinga av Yr har fremma fleire slike modellar. Meteorologane som profesjon må i grunn finna seg ein ny rolle etterkvart. Alt tydar på at dei vil bli meir del av ein rådgivande bransje.

Vitskap frå første stund

– Men, kva er det som gjer at det har vore ein suksess? 

– Me har behandla meteorologi som ein vitskap frå første stund. Meteorologisk institutt i Noreg var i utgangspunktet ein viktig institutt, og eit eige institutt. Det har ikkje alltid vore like mykje prioritert, men i viktige samanhengar, er det løyvd ganske mykje pengar til meteorologisk forsking, som har vore vitskapeleg forankra heile tida, seier Nilsen.

Til sist trekk Nilsen fram at meteorologane har eit veldig godt rykte.

– Den norske statsmeteorologen har vore ein sterk profesjon. Litt som med legar, det er stor respekt for dei. Det har me sett på omdømmemålingar oppgjennom tida. Dei står på topp når det gjeld publikum sin tillit.

Artikkelen ble først publisert i På Høyden.